25. mars 2019

Leaving Neverland (2019)

Michael Jackson var ein raring. Han laga fengande musikk, men var superstjerne frå svært ung alder, og takla ikkje stjernelivet. På den isolerte eigedomen Neverland laga han si eiga verd. Det må ha vore ein drøymeplass for ungar - det var leiker overalt, det var ikkje heilt ulikt ein stor aktivitetspark.

Diverre laga ikkje Jackson berre si eiga verd, han laga òg eigne reglar for nokre av ungane som vitja han. Det var vore mumla om dette lenge, men denne filmen er fyrste gong nokon står fram og fortel om korleis Jackson forgreip seg på dei. Dei fortel at han var pedofil, og at han brukte stjernestatusen til alt mogeleg. Han overtalte foreldra til å la dei to ungane dela seng med han, heilt frå dei var sju år gamle. Han overtalte òg ungane til å aldri seia noko om kva dei heldt på med, då ville både Jackson og ungane enda opp i fengsel.

Dei to ungane verkar begge truverdige. Dei fortel den same historia, kvar for seg. Det er vanskeleg å sjå nokon grunn til at dei skulle dikta dette opp, og sjølv om dei ivrigaste Jackson-fanatikarane sjølvsagt nektar for at dette kan vera sant, er inntrykket mitt at dei fortel om verkelege hendingar.

Diverre, for filmen sin del, får dei snakka altfor mykje. Filmen er litt over tre timar lang, og det kunne med hell vore kutta ein time. Me tek poenga deira tidleg, slik at det vert keisamt i lengda. At ein film er viktig, og at det må ha krevd mykje mot å stå fram som dei gjer, er ikkje grunnar nok for å laga ein så lang film.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar