26. mai 2010

Me and Orson Welles (2008)

Det viste seg, kanskje litt overraskande, at det vart ein Richard Linklater-dag på den ambulerande filmklubben. Fyrst Dazed and Confused, så denne. Filmen handlar i alle fall om tre ting: A)Draumen om å verta skodespelar. Richard drøymer om å verta skodespelar, og får ei lita rolle i Cæsar, eit stykke basert på Julius Cæsar av Shakespeare. B) Draumen om å setja opp eit teaterstykke. Gjennom filmen er me med på øvingar, prøvar, premiere og premierefest. C) Draumen om å verta Orson Welles. Stykket vert sett opp av Welles, og filmen er kanskje mest av alt eit portrett av han.

Welles vart tidleg vaksen. Han var berre 26 då han regisserte Citizen Kane, der han like godt spelte hovudrolla sjølv. Tre år tidlegare hadde han sett opp War of the Worlds som radioteater, og året før det igjen, 1937, sette han opp Cæsar på the Mercury Theatre i New York. Då var han altså 22, og stykket vart ein stor suksess.

Gjennom heile filmen er han ein ambisiøs regissør, som heile tida leitar etter den beste måten å framføra stykket på. Han endrar scener, skriv skodespelarar ut av stykket, for så å skriva dei inn att rett før premiera. Han har kontroll på alt, og er aldeles eineveldig. Han er arrogant, han er stormannsgal. Han bruker ein ambulanse som drosje, for å koma fort fram gjennom byen. Han gjer som han vil også med damer; kona hans er gravid i New Jersey, medan han gjennom filmen i alle fall har tre damer på si.

Han veit at å setja opp eit teaterstykke er eit lagspel, men han krev at alle som arbeider for han, gjer akkurat som han seier. Richard, den unge skodespelaren, har så vidt vorte saman med ei av dei unge damene på teateret då Welles finn ut at han vil ha henne. For ho er det greitt, ho er ambisiøs og skjønar at dette kan vera lurt for karriera hennar; for Richard er det ein tragedie. Han tek dette opp med Welles, på ein ufin måte, og får sparken to gonger: Ein gong nokre timar før premiera, og ein gong rett etterpå.

I ei eller anna kasse med bøker ligg det ein Welles-biografi. Det er mange år sidan eg kjøpte den boka, men eg har ikkje lese ho enno. Eg må sjå om greier å finna ho. Eg har ei kjensle av filmen gjev eit nokolunde korrekt bilete av Welles, men det kunne vore rart å lese den boka, for å sjå om det stemmer. Christian McKay, skodespelaren som portretterer Welles, imponerer. At han liknar på Welles er ein ting, men det mest fascinerande er korleis han har lånt mykje av mimikken frå måten Welles portretterte Kane i Citizen Kane. Kane var basert på mediamogulen William Randolph Hearst, og han var jo også relativt eineveldig.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)
Boyhood (2014)

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar