9. mai 2010

Nick Kent: Apathy for the Devil (2010)

Dei fyrste musikkavisene eg las fast var Nye Takter og Puls. Noko av det som slo meg var at mange av journalistane hadde svært god kontakt med artistane dei skreiv om. Geir Rakvaag i NT framstod til dømes som ein nær ven av The Aller Værste!, eg hugsar korleis han skreiv om festar dei hadde vore på i lag. Han var ikkje den einaste som kjende musikantane så godt, og det var kanskje heller ikkje så rart. Noreg er eit lite land, og musikkmiljøet var mykje mindre enn det er i dag.

Men òg i større land og større musikkmiljø var det tidvis nær kontakt mellom artist og journalist. Nokre av journalistane såg ut som og levde som rockestjerner, og han som tok han heilt ut var Nick Kent.

I denne boka fortel han om korleis han opplevde 1970-åra. Same kor ein snur og vender på det, er dette truleg det mest interessante tiåret i rockehistoria. Ideala frå 1960-åra var på veg ut. Dei store stjernene var på veg til å verta altfor store. Den fyrste halvdelen av tiåret var nokre band så store at dei kunne oppføra seg som dei ville, medan dei, omtrent utan unntak, mot slutten av tiåret var kraftig reduserte av for mykje alkohol og dop. Og i 1976 kom sjølvsagt punken.

Livet til Kent, som altså stort sett var journalist, følgde omtrent dette mønsteret. I 1972 sleit den engelske musikkavisa NME med sviktande opplagstal, og redaksjonen fekk tolv veker på seg til å snu det. Dei hyra inn tre lovande journalistar - Charles Shaar Murray, Ian MacDonald og Nick Kent. Desse greidde å snu trenden, slik at NME dei neste åra hadde ein glansperiode. Ein av grunnane var artiklane til Kent. Ein ting var at han desse åra skreiv glimrande, to andre ting var at han såg ut som ei rockestjerne, og festa som ei rockestjerne. Slik ulike rusmiddel tok knekken på Led Zeppelin og Rolling Stones, to av dei største banda i fyrste del av 70-åra, tok òg dop knekken på Kent.

Han får kontakt med stjernene til å verka som noko daglegdags. Han vert godt kjend med fleire av dei, men kunne òg skriva glitrande artiklar om stjerner han aldri møtte. I 1975 vart han ein av dei fyrste som skreiv utfyllande om Nick Drake, dels som ein reaksjon på at ingen av musikkavisene hadde trykt ein nekrolog om Drake då han døydde i 1974. Same året, altså 1975, skreiv han ein lang artikkel om Brian Wilson. Men kvaliteten på skrivinga vart dårlegare og dårlegare, og han fekk etter kvart sparken frå NME.

Då punken kom, var han på innsida. Han hadde spelt i ei tidleg utgåve av Sex Pistols, dei hadde ingen konsertar medan han var med, og dette var før Johnny Rotten (og Sid Vicious) kom med i bandet. Han vart likevel støytt ut av det miljøet, Vicious banka han opp med ei sykkelkjede under ein konsert, og etter det var det fleire andre punkarar som prøvde å få høgare status gjennom å banka Kent opp. Ved utgangen av 1970-åra går han på heroin, og det var ikkje før i 1988 at han endeleg vart rusfri.

Kent verkar rimeleg arrogant. Han har høge tankar om seg sjølv, og framstiller seg sjølv som ein som ikkje berre var til stades der viktige ting skjedde, men som gjerne var sentral i desse tinga. I ein sjølvbiografi må ein ta ting med ei klype salt, men det som gjer arrogansen til Kent enklare å svelja enn arrogansen til Anders Hovden, er at Kent ikkje kvir seg for å skriva om dei negative sidene sine.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar