30. oktober 2025

Francis Bull: 13 taler på Grini (1945)

Francis Bull var professor i litteratur. Han var òg styremedlem i Nationaltheatret, og det skal ha vore grunnen til at han i 1941 vart arrestert av dei tyske okkupantane. Han sat i fangeleiren Grini i godt og vel tre år. Her fekk han ei sentral rolle mellom dei innsette, og han heldt mellom anna mange foredrag og talar. Han tala heile tida utan manuskript, men han skriv at han etter at han var sluppe fri rekonstruerte han talane/foredraga etter minnet. Her er 13 av dei samla. 

I føreordet skriv han òg at han skreiv manuset då han sat på Grini, i eit rom der tyskarane så godt som aldri kom. Det kom likevel ein brutal tyskar inn då manuskriptet var så godt som ferdig, og Bull vart avhøyrt om dette. Det verkar som om dei som avhøyrde han respekterte at han var vitskapsmann, og at han difor hadde behov for å få tankane sine ned på papiret, men dei meinte at det han tala om var altfor politisk, med motstand mot tyskarane. Bull forsvarte seg, og greidde å vri seg unna.

Det verkar rart, i alle fall viss det er fullt samsvar mellom manuskriptet han skreiv på Grini, og manuskriptet han laga etter at han var fri. I dei fleste talane skriv han om forfattarar og litterære verk, og det er ikkje vanskeleg å sjå at han har valt ut dikt og diktarar som var spesielt aktuelle under krigen. Det handlar mest om dei gamle gudane, han skriv til dømes om Bjørnson, Ibsen og Holberg. Han skriv til dømes om det han kallar fedrelandssongane til Bjørnson, og det må ha vore eit farleg tema. Endå meir risikabelt må det ha vore å snakka om Wergeland og diktsamlingane Jøden og Jødinden, der han refererer korleis Wergeland kjempa for at jødar skulle få koma inn i Noreg.

Det er fine talar, og det er fint å tenkja på at dei vart haldne i ein fangeleir. Det er nærliggjande å tru at mange av dei som høyrde på ikkje hadde stor kjennskap til det og dei Bull snakka om, men dei som høyrde på fekk likevel eit døme på den krafta som kan liggja i litteraturen.

Guffen tilrår.

29. oktober 2025

Dag Johan Haugerud: Sjelesorg (2025)

For å opna med det opplagte: Dag Johan Haugerud er produktiv. Han vekslar mellom film og bøker, sjølv om han ikkje vekslar alt for ofte: Sidan sist han gav ut ein roman har han regissert fem filmar. Han skriv òg manus til desse filmane, og filmane hans vert vanlegvis drivne fram av gode dialogar. Slik er det òg med denne boka - kanskje det var tenkt som eit filmmanus, kanskje romanskrivinga hans er prega av filmskrivinga, kanskje det berre vart slik.

Hovudpersonen, Thomas, arbeider som diakon. Han studerte teologi, sjølv om han ikkje er kristen. Dette er jo eit fint utgangspunkt for samtalar - han møter jamleg prestar og andre som har eit anna livssyn enn han, og som av og til undrar seg over at han arbeider der han gjer. For han er det viktig å vera nokon som kan hjelpa andre, og etter kvart får han òg ei slik rolle i forholdet til ein mann han møter og vert forelska i. Dei kjenslene har nok den andre mannen òg, men det vert likevel aldri noko seriøst mellom dei.

Det er ei fin bok. I samtalane vert viktige tema drøfta, og både Thomas og dei andre sine meiningar vert utfordra. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Drømmer (film, 2024)
Kjærlighet (film 2024)
Sex (film, 2024)

28. oktober 2025

Per Petterson: Du er hjemme nå (2025)

Det handlar om kjærleik, det handlar om å lura på om du gjer dei rette vala, det handlar om tilfeldige møte, det handlar om korleis ein mann er ein mann, og det handlar om mykje anna. Romanen er finfin, og eit nytt døme på at Petterson er ein av dei beste.

Kasper er forfattar. Han bur på landet, litt utanfor Oslo. Han er gamal nok til at han kan sjå tilbake på livet sitt og fundera på kva han gjorde rett og gale. Mykje av romanen krinsar rundt den gongen han gjekk inn i eit forhold til Signe, ei av dei beste veninnene til kona hans. Gjorde han det rette? Han verkar usikker, der han sit igjen utan nokon av dei. Han saknar òg ein annan person, bussjåføren som alltid køyrde den siste kveldsruta heim frå Oslo. Dei får eit varmt forhold, heilt til sjåføren ikkje er der meir.

I botnen ligg dette med mannsroller. Det kjem kanskje tydelegast fram i den fine opningsscena, der Kasper ein kveld køyrer på eit rådyr. Rådyret overlever. Kasper veit ikkje kva han skal gjera, og det vert verre då ein annan mann som har stoppa foreslår at han skal henta eit skytevåpen han har i bilen. 

Guffen tilrår. 

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg forbanner tidens elv (2008)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

27. oktober 2025

Kanaan & Ævestaden (Ungdomshallen, Voss, 25.10.25)

Eg har aldri vore spesielt oppteken av Osafestivalen, og eg har vel knapt vore på nokre av konsertane deira. Denne freista likevel stort. Kanaan er jo eit bra band, og det var spanande både å sjå dei live, og å sjå korleis dei passa saman med eit folkemusikkband.

Det viste seg at det gjekk heilt fint. Det vart ein konsert med stor variasjon, der me var innom heile spennet mellom roleg folkemusikk og litt tyngre rock. Det spelar òg inn at det var rimeleg uformelt, dei på scena smilte og lo og hadde det kjekt. Banda utfyller kvarandre godt, der dei tre i Kanaan held seg til bass, gitar og trommer, medan dei tre i Ævestaden vekslar meir mellom instrumenta.

Så det vart ein fin konsert. På veg ut slo det meg likevel at det hadde vore stas å vera på ein rein Kanaan-konsert, der dei (truleg) trykkjer endå meir på.

Guffen tilrår. 

26. oktober 2025

Øystein Hellesøe Brekke: Knut Alvssons krig (2016)

Mellomalderen er ikkje den perioden eg kjenner best til. Denne boka viser indirekte ein av grunnane til det - det finst eit relativt lågt tal skriftlege kjelder som kan gje oss meir innsyn i det som hende. Det er i alle fall tilfelle med denne boka. Ho handlar om den norske riddaren Knut Alvsson. Me veit nok om han til å sjå at han kunne ha vorte ein svært viktig person, men likevel er det mange hol i kjeldene. 

Me er i åra rundt 1500. Danskekongen skal eigentleg gje viktige stillingar i Noreg til nordmenn, men det gjer han ikkje. Det vert murra i gangane, og også i Sverige er det motstand mot kong Hans. Knut Alvsson allierer seg med utvalde svenskar og går etter kvart til krig mot Hans. Alvsson får med seg mange nordmenn, men ikkje så mange som han gjerne skulle hatt. Opprøret får ein brå stopp i 1502, då Alvsson vert drepen under eller rett etter eit møte med Henrik Krummedike.

Brekke fortel historia godt, og er open om at nokre gonger er det rein gissing han presenterer. Mange gonger fortel kjeldene minimalt om kvar Alvsson var, og då skriv sjølvsagt Brekke det. Samstundes er det ikkje den livlegaste boka eg har lese, og for ein som altså er sånn middels interessert i mellomalderen, tek det ikkje heilt av.

Guffen er lunken. 

21. oktober 2025

Terje Eggum: Tvers gjennom fylket. Fjærland sin lange vegkamp (2025)

Eg er gamal nok til å interessa meg for lokalhistorie. Det er rett nok den lokale lokalhistoria som interesserer mest, men også lokalhistorie frå andre område kan interessera. Denne boka handlar om korleis folk i og rundt Fjærland kjempa for å verta knytt til vegnettet. 

Det som kanskje gjorde at eg fann boka interessant er at eg har køyrt gjennom Fjærland mange gonger. Eg stoppar ofte, og viss ungane er med høyrer det med til det daglege programmet at eg snakkar om korleis Fjærland lenge var relativt isolert. Slik var det fyrste gong eg var her - då kom eg med den siste ferja frå Hella og overnatta i sovepose bak Bremuseet. 

Eggum fortel om ein lang kamp. Løyvingar til veg vaks ikkje på tre tidlegare heller. Me får lesa om alle framlegg som har vore oppe, frå planane om jernbane i 1920-åra til dei mange ulike vegløysingane. Lenge var det snakk om å byggja veg langs fjorden, anten på austsida eller vestsida. Det var kamp om midlane også i fylket, og det tok lang tid før det vart noko av vegane. Tunnelen nordover til Lunde opna i 1986; vegen sørover mot Sogndal vart opna i 1994. 

Eggum fortel historia godt, sjølv om det av og til vert for mange detaljar. Det hadde nok vore betre flyt i boka dersom han hadde komprimert nokre av kapitla. Han skal derimot ha stor pluss for bileta - alle held ikkje like god teknisk kvalitet, men dei er jamt over svært informative.

Guffen tilrår. 

20. oktober 2025

Eivind Trædal: Hvorfor ytre høyre vinner debatten (2018)

Fram til ho der frå Generasjonspartiet dreit seg ut på Dagsnytt atten i haust, hadde vel Trædal ein slags rekord for å vera sint i det programmet. I 2018 vart han invitert til å diskutera tilstanden der og då. Han visste at Hans Rustad frå Document skulle vera med; rett før sending oppdaga han òg at Helge Lurås frå Resett var invitert. Han var irritert, litt av di han ikkje var informert, men òg av di NRK tok på dei med silkehanskar.

Denne boka handlar om korleis luringane på ytre høgre oppfører seg i debattar. Han skriv mykje om både Document og Resett, og undrar seg litt over at dei to (og Human Rights Service) har fått så pass stor plass, relativt kort tid etter Utøya. Han ser på kva verkemiddel dei bruker, til dømes korleis dei svært ofte spelar ut ytringsfridom-kortet når dei vert motsagt. Han skriv om hundefløyte-argument. Han skriv om den frykta meir moderate politikarar har for å ta tak i dette griseriet. Han skriv om korleis dette er trekk me ser over store delar av den vestlege verda. Boka vart skriven i den fyrste presidentperioden til Trump. No er han inne i den andre perioden sin, og det er ikkje akkurat vorte mindre stovereint å vera høgreekstrem i USA.

Det er ei god og interessant bok. Undertittelen på boka, og hvordan vi kan stoppe dem, viser til at Trædal kjem med nokre tips til korleis dei høgreekstreme kan møtast i debattar. Kortversjonen er at me ikkje må vera redda for å ta kampen.

Guffen tilrår. 

19. oktober 2025

Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

I Pakistan ligg Trango-massivet, eit område med fire markante toppar, der fleire av dei høge fjellveggane er tilnærma loddrette. For mange år sidan overnatta eg ofte hjå Lars i Bergen, og boka Trango. Triumf og tragedie av Stein P. Aasheim var ei bok eg bladde ofte i. Fjella var avsindig vakre, og sjølv om eg slettes ikkje er nokon fjellklatrar, skjønar eg godt at fjellklatrarar vert dregne til området.

Boka til Aasheim fortel halve historia i denne filmen. I 1984 gjennomførte ein norsk ekspedisjon fyrstebestiginga av austveggen på Trango Tower. Aasheim var ein av fire som klatra det meste av turen, men saman med ein annan snudde han nokre hundre meter frå toppen. Dei hadde brukt lengre tid enn tenkt, slik at viss alle fire fullførte turen ville dei gått tom for mat. Dei to andre, Hans Christian Doseth og Finn Dæhli, kom til topps, men omkom på returen. 

Den andre halvparten handlar om ein norsk ekspedisjon i 1999, der fire klatrarar kom til topps på nabotoppen Trango Pulpit. Det var ein lang ekspedisjon - dei var over fem veker i fjellveggen, men her kom alle trygt ned.

Filmen flettar desse to ekspedisjonane saman. Frå begge turane finst det film- og lydopptak, og dette vert sett saman med foto og nyare intervju, vert det heile aldeles glimrande. Både før, under og etter klatringa kjem dei med gode tankar om kvifor klatring er så fascinerande. Dei er klare over at feil kan vera fatale, men dei vert likevel dregne tilbake til fjellveggane. I alle fall ei stund.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

18. oktober 2025

Ida Hegazi Høyer: Under verden (2012)

Den namnlause forteljaren i denne boka har flytta ut på den austlandske landsbygda. Ho er forfattar, men det er det som skjer innimellom skrivinga som driv boka framover. Ho er ofte middagsgjest hjå to naboar. Ho arbeider på Cubus. Ho innleier eit forhold til ein rimeleg ung gut. Ho prøver å fanga både mus og rotter i huset ho bur i. Og ho prøver å få litt kontakt med forfattaren Per Petterson, som bur i den same bygda.

Ho får ikkje til alt ho prøver på. Jobben på Cubus går sånn halvbra, heilt til dei andre som jobbar der lurer på kva ho eigentleg driv med. Muse- og rottejakta går rimeleg bra. Forholdet til den unge guten fører ikkje noko godt med seg. Og når ho endeleg møter Petterson vert ikkje møtet heilt som ho hadde tenkt seg.

Forfattaren i boka får altså ikkje til alt, men forfattaren av boka bør vera meir nøgd med dette. Det er ei finfin bok. Språket er poetisk og fint, og av og til dukkar det opp nokre setningar som er reine blinkskot. 

Guffen tilrår. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Kirurgen (2022)

14. oktober 2025

Agnes Ravatn: Doggerland (2025)

Det handlar om eit forlag som ikkje går så bra. Eller - det handlar jo om mykje meir enn det. Det handlar om slektsforhold, det handlar om KI, det handlar om kva som gjer litteratur god, det handlar om kva som er viktig i livet - å tena pengar eller å skapa kunst.

Matriarken Myrna Høst er direktør for forlaget Høst. Det er eit forlag som gjev ut kvalitetsbøker, altså bøker som kritikarar likar og lesarar ignorerer. Ho vil pensjonera seg, og tvillingane hennar, Henny og Filip, er begge klare for å ta over. Filip vil halda fram som før; Henny meiner at den einaste måten forlaget kan leva på er å skapa det lesarar og kundar vil ha. 

Dei er inviterte til ei øy på Vestlandet, saman med ektefeller og ein unge og ein god ven. Det vert eit tett drama. Dei er heilt åleine på øya, den einaste andre er han som eig hotellet, og som òg fungerer som ein slags analysestrateg og samtalepartnar. Alle trur det er ei feiring av syttiårsdagen til Myrna; i realiteten er det ei firmasamling der arverekkjefølgja skal avgjerast.

Det er ei flott bok. Ravatn er god på å skriva dialogar, og dei er det mange av her. Ho er òg god på å leggja ut falske spor. Eg-personen, kona til Filip, arbeider som redaktør i forlaget, og ho får levert eit manuskript som ser ut til å handla om nokre av dei på øya. Ho prøver å finna ut kven som har skrive det, og den leitinga vert me som lesarar med på òg. Me trur me har svaret, men så tek historia ei anna vending. Det gjer historia ofte, men ikkje så ofte at det vert påteke. Det heile er så fortetta og godt fortalt at denne romanen bør dramatiserast for teater.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)
Alle mot alle (2023)

12. oktober 2025

Olaf Almenningen et al. (red): Frå A til Å. Veneskrift til Dagfinn Worren (2014)

Leksikografen Dagfinn Worren var redaktør for Nynorskordboka, som kom i 1986, og var hovudredaktør for Norsk Ordbok frå 2005 til 2015, året dette tolvbandsverket vart fullført. Slik sett har dette heidersskriftet fått ei fin form - her er 29 bidrag, og desse opnar med kvar sin bokstav. 

Denne løysinga har òg eit anna pluss: Med så mange bidrag vert kvar artikkel rimeleg kort. Eg har ikkje noko imot å lesa lange artiklar, men dette skriftet skil seg ikkje ut frå andre heidersskrift eg har lese: Det er klart at nokre av artiklane fengar mindre enn andre. Og når artiklane er korte er det lettare å lesa dei som er mindre interessante. 

Svært mange av dei som skriv har vore kollegaer av Worren. Dei skriv såleis om emne som bør gleda han, og det er kanskje det viktigaste. Her er mykje av interesse også for oss som ikkje er så langt inne i språk og ord som Worren. Blandinga er stor, her er altså reint faglege artiklar blanda med lettare artiklar. Artikkelen "Ærefull avgang" har form av eit referat frå eit møte der leiargruppa i Norsk Ordbok vurderer vala Worren har gjort så langt i livet.

Guffen tilrår. 

11. oktober 2025

Aksel Lydersen: Fra sprogstridens historie (1965)

Denne boka var utgitt av Riksmålsforbundet. Baksideteksten vert avslutta med setninga "Den som vil gjøre seg opp en begrunnet mening om sprogsaken i Norge, komme ikke utenom Aksel Lydersens bok". Det er ei sanning med mange modifikasjonar. Han har nokre poeng, men det er ikkje til å koma utanom at dette minner om eit partsinnlegg. 

Det skriv eg ikkje av di nynorsk er hovudfienden her, for slik er det ikkje. Lydersen, og truleg òg Riksmålsforbundet, var sterk motstandar av språkblanding. Lydersen skriv om rettskrivingsendringane i 1917, 1938, 1941 og 1959, og er mest kritisk til korleis dei ulike målformene nærmar seg kvarandre. Han mislikar bokmål, som vel var den største konkurrenten til riksmål.

Lydersen skriv mykje om skulemålsrøystingar, og bruker mykje plass på å gå detaljert gjennom to slike røystingar. Begge stadane vart resultatet at nynorsk vann, men Lydersen meiner at det skuldast triksing og miksing frå målfolk eller målvener som sat med litt for mykje makt. 

Guffen er lunken. 

10. oktober 2025

Erlend Kaasa: (44) (2025)

Slik det går fram av tittelen, handlar novellene i denne boka om kvinne (44) eller mann (44). I den alderen er me rundt halvveges i livet, og dei ser både bakover og framover. Dei har mange røynsler, men dei har òg mykje ugjort.

Det er jamt over strålande noveller. Kaasa teiknar opp bilete me trur me skjønar, men oftast kjem det ei uventa vending. Nokre gonger er denne vendinga eit svar på noko me har lurt på, andre gonger kjem vendinga som lyn frå klår himmel. Det beste dømet på det kjem i novella "Når nauda er størst", der kvinne (44) er på date med ein mann ho berre har møtt digitalt. Daten går sånn midt på treet, og ho er eigentleg på veg heim, då han seier at han veit kva ho tenkjer på. Den noko pikante kommentaren snur alt - ho vert forbanna og går heim. Før ho går ut igjen.

Det er ei glede å lese noveller som er så godt komponerte, som er så velskrivne, og som verkar meiningsfylte å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Kaasa på kulturguffebloggen
Thunder Road (2009)

9. oktober 2025

Arve Hansen: Mopeddagbøkene (2025)

Eg trur ikkje eg er åleine om å vita lite om Vietnam. Det er Vietnam-krigen, og der stoppar det opp. Slik sett er dette ei bok det er verdt å lesa. Hansen har vore mykje i Vietnam og gjev oss ei god innføring i dette landet. 

Han er sjølvsagt innom krigen, og skriv noko eg har høyrt eller lese før: I Vietnam heiter krigen Amerikakrigen. Men han bruker ikkje mykje tid på å skildra den vietnamesiske historia. Det som interesserer Hansen mest er korleis landet har reist seg etter krigen. I dag er det ei lett blanding av kommunisme og marknadsøkonomi. Det er store sosiale skilnader i landet, og dei som sit på toppen har nok makt til at dei kan verta verande der lenge.

Boka fortel ikkje berre om politikk og økonomi. Hansen trivst godt på grasrota, og likar seg eigentleg aller best når han kan køyra rundt på moped og sjå etter gode stadar å eta. Det gjer òg mange andre i Vietnam, der det nesten er ein moped per innbyggjar.

Guffen tilrår.

8. oktober 2025

Stoltenberg i møte med krigen (2025)

Regissøren for denne miniserien, Tommy Gulliksen, fekk løyve til å fotfylgja Jens Stoltenberg dei to siste åra han var sjef for NATO. Det gjer at me kjem tett på Stoltenberg - me er med han på interne møte, me er med han på veg til og frå møte med topp-politikarar, og me er med på dei møta. Det burde altså liggja til rette for ein god og interessant serie, men slik er det ikkje. Det er meir interessant enn godt.

Det vert veldig mykje repetisjon. At dagane til Stoltenberg er rimeleg like har truleg vore ei utfordring for Gulliksen. Han et frukost og snakkar litt om at han saknar familien. Han har nokre førebuande møte med dei næraste medarbeidarane sine. Han møter topp-politikarar, anten på tomannshand eller i større forum. Her er det tydeleg at han er røynd - han snakkar lett og ledig med alle, og greier å veksla mellom uformelle kommentarar og løysinga på problem dei har.

Stoltenberg gjev altså eit godt inntrykk, og det er lett å skjøna at han sist veke vart kåra til den norske politikaren som er best likt. Samstundes er han reservert, han likar ikkje å sleppa kameraet for tett innpå seg. 

Guffen er lunken. 

7. oktober 2025

Olav Duun: Paa tvert (1909)

Dei to fyrste Duun-bøkene var bra, men denne boka er endå betre. Det vert endå tydelegare enn før at Olav Duun er ein stor forfattar, og det er nesten som eg angrar på at eg ikkje har lese meir av han tidlegare. På den andre sida er det jo òg kjekt å oppdaga nye forfattarskapar.

Det handlar om Danel. Han møter mykje motgang gjennom livet, men er ein slik som ikkje gjev opp så lett. Tittelen viser til motgangen han møter, men det viser òg til noko reint konkret: Han vart fødd med det eine fotbladet på tvers. Det var det ikkje mykje å gjera med i den tida, sjølv om han i vaksen alder gjekk til ein kirurg inn i byen for å prøva å få bukt med det. 

Han driv handel, både med butikkvarer og eigedomar. Det går opp og ned, kanskje av di han ikkje har eit hardt nok hjarte. Han har alltid hatt eit godt auge til Ane, og sjølv om ho stiftar familie med ein av uvenene til Danel, hjelper han dei heile tida med pengar. 

Romanen er eit godt portrett av ein som vil noko, men som møter hindringar. Duun er kjent for å vera ein som skriv om menneskesinnet, og slik er det verkeleg her. Boka er velskriven, og i denne boka vert namdalsdialekten langt meir synleg enn i dei tidlege. Det er òg påfallande korleis Duun bruker alliterasjon i denne boka, det var ikkje lenge mellom kvar gong det dukka opp. 

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Løglege skruvar og anna folk (1907)
Marjane (1908)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

6. oktober 2025

Jen B. Larson: Hit Girls. Women of Punk in the USA 1975-1983 (2023)

Ei viktig bok, med mykje viktig dokumentasjon. Larson skriv om band der kvinner var sentrale, og avdekkjer med det store hol i andre historiebøker: Svært mange av desse banda er lite kjende i dag, og sjølv om det slettes ikkje er slik at alle banda her var viktige og sentrale, er her nok av døme på at kvinner var viktige då punken spreidde seg gjennom USA.

Bortimot hundre band vert presenterte her. Dei aller fleste var heilt ukjende for meg, og eg går ikkje rundt og trur at eg kjem til å hugsa alle namna deira. Nokre gav ut plater, andre kom aldri så langt. Eit gjennomgåande trekk er at ingen kom til dekka bord, dei aller fleste var pionerar som måtte laga vegen sin sjølv.

Det er ikkje berre band som spelte punk det er snakk om, nokre av banda er nok med av di dei hadde haldningar som passa godt i punken. Det er òg slik at grovt sett er her to typar band - band der vokalisten er einaste kvinna, eller band der alle medlemmene er kvinner. 

Banda vert presenterte på ei eller to eller tre sider. Ved nokre høve kjem det intervju med nokre av dei Larson skriv om. Dei intervjua er jamt over gode, og er med på å bryta opp tekstane i boka. For det er ei bok som bør lesast i porsjonar - dei mange artiklane kan verta litt like.

Guffen tilrår.

5. oktober 2025

Kjartan Fløgstad: Den hemmelege jubel (1970)

Nja. Planen er å lesa meg gjennom prosadelen av forfattarskapen til Kjartan Fløgstad. Der er nokre forfattarar eg kjenner at eg burde ha lese meir av, og han er absolutt ein av dei. Dette er rett nok den aller fyrste prosaboka hans, men likevel: Dette var ikkje mykje å skryta av.

Det er vanskeleg å få heilt tak på kva slags bok det er. Det er ei samling tekstar som, i alle fall for meg, ikkje heng saman. Nokre tekstar er skjønnlitterære, andre gjev seg ut for å vera fagtekstar. Nokre av dei siste er omsette. Ein av tekstane er eit intervju med Fløgstad, der han snakkar om boka som ein roman. Både det intervjuet, og fleire av dei andre tekstane, har referanse som viser kvar teksten opphavleg stod (eller kan ha stått). Intervjuet har òg fotnotar som viser til andre artiklar.

Så er kanskje ikkje det med sjanger det aller viktigaste, og det er heller ikkje alltid viktig at eg forstår alt i bøker eg les. Men det er ei stor føremon om tekstane i seg sjølv er interessante nok til at dei fengar meg. Slik er det ikkje her, diverre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Fløgstad på kulturguffebloggen
Rasmus (1974)
Fløgstad-symposium (2001)
Brennbart (2004)
Fløgstad, Tusvik, Veiteberg: Skriftfest. Einar Økland 70 år (2010)
Rem, Søbye, Fløgstad: På æren løs (2020)

4. oktober 2025

A.W. Brøgger: Vinlandsferdene (1937)

Dei islandske sagaene fortel om fleire reiser frå Grønland til Vinland. Bjarne Herjulfsson såg landet fyrst, men han gjekk aldri i land. Det gjorde derimot Leif Eiriksson, som var nyfiken og ville finna ut kva dette var. Han sigla vestover frå Grønland, og då han møtte land sigla han sørover langs dette landet (eller landa). Det fyrste landet kalla han Helluland, deretter kom Markland, før han slo seg ned i Vinland. Ekspedisjonen hans var der i eitt år; seinare reiste broren Torvald til Vinland og budde der i tre år.

Lenge var dette eit omstridt tema. Hadde desse ekspedisjonane verkeleg gått i land? Og viss dei hadde det - kvar låg Vinland?

Anton Wilhelm Brøgger var professor i arkeologi. Han går gjennom tekstkjeldene, og argumenterer heile tida for at desse reisene faktisk fann stad. Han meiner at språkbruken i sagaene er realistisk, dersom dette var oppdikta ferder ville tekstane vore annleis. Han går deretter over til å drøfta kvar Vinland låg, og han plasserer det i dagens USA, i området New England. Så langt er det ei glimrande og interessant bok, men det tapar seg litt mot slutten. Der verkar han litt for ivrig etter å slå fast at Christopher Columbus på Island hadde fått kunnskap om at det låg eit stort kontinent i vest. 

I dag veit me at ferdene fann stad; Anne Stine og Helge Ingstad fann norrøne busetnader på L'ance aux Meadows. Dette var likevel truleg ikkje Vinland, det låg truleg lengre sør.

Guffen tilrår. 

3. oktober 2025

One Battle After Another (2025)

I 2014 regisserte Paul Thomas Anderson Inherent Vice, ei filmatisering av Thomas Pynchon-romanen med same namn. For ei stund sidan høyrde eg at han skulle laga film basert på Vineland, ein tidlegare roman av Pynchon. Desse planane vart visst endra - Anderson gjekk over til å laga ein film inspirert av Vineland

Det er lenge sidan eg las den boka, men handlinga er i alle fall lagt til ei anna tid. Det var eit far/dotter-forhold også i romanen, viss eg hugsar rett, og der er jo Pynchon-element her. Her er passeleg med dop-relatert paranoia, og hovudpersonen verkar som ein person Pynchon kunne ha dikta opp. Her er òg nokre komiske scener med Pynchon-preg.

Det handlar om nokre politiske aktivistar, Pat og Perfidia. Ho vert gravid, ho får ei dotter, men greier ikkje familielivet Pat vil ha. Ho forsvinn, og Pat og dottera Charlene går i dekning langt ute på landet. Steven Lockjaw, ein politimann som har ei høne å plukka med Perfidia. Pat veit truleg ikkje at Lockjaw er far til Charlene, og han veit heller ikkje at Lockjaw er vorten så høgrevridd at alt vil rakna for han dersom det kjem fram at han har fått barn med ei farga kvinne. Og den ville jakten er i gang, som det heitte i teikneseriar i gamle dagar.

Den høgrevridde politimannen jobbar mykje med å kasta ut ulovlege innvandrarar. Der Vineland handla om eit USA styrt av Reagan, er me altså her i eit land som minner meir om eit USA styrt av Trump.

Det er ein flott film. Historia vert greitt fortalt, kanskje med unntak av den noko veikare opningsbolken, altså fram til Pat og Charlene tek seg dekknamn og flyttar på landet. Det er gode replikkar, god humor, og godt skodespel. Leonardo DiCaprio er solid som Pat, Chase Infiniti er god som Charlene, men best av alle trur eg Sean Penn er, i rolla som Lockjaw, ein politimann det er vanskeleg å finna sympati for.

Guffen tilrår.