24. september 2023

Ida Hegazi Høyer: Kirurgen (2022)

Det raknar for Henrik Wold. Han er kirurg på eit stort sjukehus, og han er ein dyktig kirurg - i alle fall i eigne auge. Han har eit altfor stort sjølvbilete, han tek altfor lite omsyn til folk rundt seg, og reknar med at resten av livet kjem til å gå slik det har gjort til no: Han lukkast med alt. 

Slik går det ikkje. Det raknar for han. Etter ein rutineoperasjon slurvar han litt med stinga i tarmen, og niåringen det går ut over slit med store smerter. Wold prøver å finna ut av det, og trur han har gjort det, men det har han ikkje. Det er ikkje tvil om at niåringen døydde på grunn av slurvet hans. Han oppdagar at ein eks-kjæraste leiar undersøkingskommisjonen, og prøver å smiska seg inn på ho. Det går heller ikkje, dels av di han omtalar forholdet deira som dating (og ikkje noko meir). Spesielt mykje flinkare er han ikkje i måten han behandlar ho han er lag med akkurat no - ho vil gjerne at dei skal flytta saman, medan han stortrivst slik han har det no: Dei kan overnatta saman, anten heime hjå ho eller han, dei gongene det passar for han. Viss ikkje det passar, diktar han opp bortforklaringar. Slik handsamar han òg faren. 

Det er ei finfin bok. Høyer skriv godt, og ho får gradvis fram kor roten Wold er, kor sjølvoppteken han er, og kor lite han eigentleg bryr seg om andre. 

Guffen tilrår.  

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Fortellingen om øde (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar