Denne boka viser at ikkje alle desse fortente den oppreisinga. Tre namn peikar seg ut - Ejlert Bjerke, André Bjerke og Alf Larsen. Alt kort tid etter 125-årsfesten kom det fleire innlegg frå ein eller fleire av dei tre forfattarane, det vart heftige avisdebattar, og etter kvart vart det ei bok av det. Boka er uvanleg grundig, forfattarane dukkar ned i tallause mengder kjelder, og biletet som står att er eintydig: Larsen og far og son Bjerke fortente omtalen dei fekk rett etter krigen.
Bjerke og Bjerke var omsetjarar for G. Stenersens forlag, eit forlag som gav ut mykje NS- og nazilitteratur, og som handla mykje med okkupantane. I forsvaret sitt etter krigen hevda begge to at dei ikkje visste at forlaget skulle boikottast, men det er uråd å tru på det argumentet. Det kan ikkje vera tvil om at dei visste kva dei gjorde.
Guffen tilrår.
Meir Fløgstad på kulturguffebloggen
Rasmus (1974)
Fløgstad-symposium (2001)
Brennbart (2004)
Fløgstad, Tusvik, Veiteberg: Skriftfest. Einar Økland 70 år (2010)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar