Dei islandske sagaene fortel om fleire reiser frå Grønland til Vinland. Bjarne Herjulfsson såg landet fyrst, men han gjekk aldri i land. Det gjorde derimot Leif Eiriksson, som var nyfiken og ville finna ut kva dette var. Han sigla vestover frå Grønland, og då han møtte land sigla han sørover langs dette landet (eller landa). Det fyrste landet kalla han Helluland, deretter kom Markland, før han slo seg ned i Vinland. Ekspedisjonen hans var der i eitt år; seinare reiste broren Torvald til Vinland og budde der i tre år.
Lenge var dette eit omstridt tema. Hadde desse ekspedisjonane verkeleg gått i land? Og viss dei hadde det - kvar låg Vinland?
Anton Wilhelm Brøgger var professor i arkeologi. Han går gjennom tekstkjeldene, og argumenterer heile tida for at desse reisene faktisk fann stad. Han meiner at språkbruken i sagaene er realistisk, dersom dette var oppdikta ferder ville tekstane vore annleis. Han går deretter over til å drøfta kvar Vinland låg, og han plasserer det i dagens USA, i området New England. Så langt er det ei glimrande og interessant bok, men det tapar seg litt mot slutten. Der verkar han litt for ivrig etter å slå fast at Christopher Columbus på Island hadde fått kunnskap om at det låg eit stort kontinent i vest.
I dag veit me at ferdene fann stad; Anne Stine og Helge Ingstad fann norrøne busetnader på L'ance aux Meadows. Dette var likevel truleg ikkje Vinland, det låg truleg lengre sør.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar