20. oktober 2025

Eivind Trædal: Hvorfor ytre høyre vinner debatten (2018)

Fram til ho der frå Generasjonspartiet dreit seg ut på Dagsnytt atten i haust, hadde vel Trædal ein slags rekord for å vera sint i det programmet. I 2018 vart han invitert til å diskutera tilstanden der og då. Han visste at Hans Rustad frå Document skulle vera med; rett før sending oppdaga han òg at Helge Lurås frå Resett var invitert. Han var irritert, litt av di han ikkje var informert, men òg av di NRK tok på dei med silkehanskar.

Denne boka handlar om korleis luringane på ytre høgre oppfører seg i debattar. Han skriv mykje om både Document og Resett, og undrar seg litt over at dei to (og Human Rights Service) har fått så pass stor plass, relativt kort tid etter Utøya. Han ser på kva verkemiddel dei bruker, til dømes korleis dei svært ofte spelar ut ytringsfridom-kortet når dei vert motsagt. Han skriv om hundefløyte-argument. Han skriv om den frykta meir moderate politikarar har for å ta tak i dette griseriet. Han skriv om korleis dette er trekk me ser over store delar av den vestlege verda. Boka vart skriven i den fyrste presidentperioden til Trump. No er han inne i den andre perioden sin, og det er ikkje akkurat vorte mindre stovereint å vera høgreekstrem i USA.

Det er ei god og interessant bok. Undertittelen på boka, og hvordan vi kan stoppe dem, viser til at Trædal kjem med nokre tips til korleis dei høgreekstreme kan møtast i debattar. Kortversjonen er at me ikkje må vera redda for å ta kampen.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar