31. oktober 2020

Ida Hegazi Høyer: Ut (2013)

Dette er den fyrste boka av Høyer eg les, men det vert nok fleire. Boka er velskriven og velkomponert, og det var stort sett ein fryd å lesa ho.

Forteljaren i boka, ei kvinne som vel vert verande namnlaus, står ved eit vendepunkt i livet. Alt ser eigentleg ut til å vera bra - ho er godt gift, dei har ein son ho gjer alt for, og livet deira er heller godt. Det er likevel ei hake ved det heile: Livet deira er meir vellukka for dei som ser det heile frå utsida, enn for kvinna sjølv.

Mannen hennar arbeider med bistandsprosjekt, og er ofte på farten til andre land. Sjølv arbeider ho på ein heim for sterkt hjelpetrengande personar, og det er her me fyrste merkar at det held på å tippa over for ho. Ho tøyer grensene for kva ho har lov til - ho veit at dette handlar om andre menneske, men ser litt vekk frå det. På heimebane går det òg litt verre, og det toppar seg i skildringa av ein fest der dei har invitert omtrent alle dei har kontakt med. Og nokre til. Måten festen vert skildra på, der alle andre har det triveleg medan kvinna helst vil vera åleine, er fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Fortellingen om øde (2015)
Kirurgen (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar