21. februar 2021

Ida Hegazi Høyer: Fortellingen om øde (2015)

Det er ikkje heilt uvanleg at forfattarar sender karakterane sine til ei aude øy. I 1719 vart Robinson Crusoe (truleg) den fyrste, og alt i 1731 vart ordet robinsonadar brukt om slike verk. På den engelske Wikipedia-sida for robinsonadar vert det lista opp meir enn femti slike litterære verk. Eg har ikkje lese spesielt mange av dei, men reknar med at Fortellingen om øde er ulik mange av dei.

Hovudpersonen i romanen, tannlegen Carlo Ritter, er lei av folk. Han seier farvel til livet i heimlandet, og flyttar til Galapagos (eller ei liknande øy), der målet er å leva resten av livet i einsemd, i pakt med naturen. Det går berre sånn måteleg. Han får ikkje til alt han vil, og vert gradvis noko ustabil. Han skriv dagboksnotat som han samlar i ei øskje som fungerer som ei postkasse. Ein dag merkar han at desse notata er vekke, og det viser seg at eit skip har vore innom. Dei har teke med seg notata, og det fører til at fleire vil vitja øya hans. Fyrst kjem eit ektepar der kona er gravid; seinare kjem ei baronesse saman med fire-fem unge menn. Harmonien på øya vert mindre for kvar ny person som kjem dit.

Det er ein fin roman. Høyer skriv godt, og forteljinga tek mange uventa vendingar. Det er noko eventyr-aktig over det heile, der det skjer ting som ikkje kan ha skjedd i røynda. Karakterane i boka er vanskelege å lika, nokre er det uråd å lika, men det gjer ingenting.

Guffen tilrår. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Kirurgen (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar