Viser innlegg med etiketten Kaasa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaasa. Vis alle innlegg

10. oktober 2025

Erlend Kaasa: (44) (2025)

Slik det går fram av tittelen, handlar novellene i denne boka om kvinne (44) eller mann (44). I den alderen er me rundt halvveges i livet, og dei ser både bakover og framover. Dei har mange røynsler, men dei har òg mykje ugjort.

Det er jamt over strålande noveller. Kaasa teiknar opp bilete me trur me skjønar, men oftast kjem det ei uventa vending. Nokre gonger er denne vendinga eit svar på noko me har lurt på, andre gonger kjem vendinga som lyn frå klår himmel. Det beste dømet på det kjem i novella "Når nauda er størst", der kvinne (44) er på date med ein mann ho berre har møtt digitalt. Daten går sånn midt på treet, og ho er eigentleg på veg heim, då han seier at han veit kva ho tenkjer på. Den noko pikante kommentaren snur alt - ho vert forbanna og går heim. Før ho går ut igjen.

Det er ei glede å lese noveller som er så godt komponerte, som er så velskrivne, og som verkar meiningsfylte å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Kaasa på kulturguffebloggen
Thunder Road (2009)

24. april 2011

Erlend Kaasa: Thunder Road (2009)

Mattis går i åttande klasse. Han anar at han er på veg inn i vaksenlivet, men veit lite om kva som ventar han der. Fleire av skulekameratane hans skryter på seg at dei har prøvd litt av kvart, og litt sant er det i det, men Mattis er fersk på dei fleste områda. Han veit lite om damer, han veit lite om røyking og drikking, han veit lite om musikk, og han er framleis for ung til at foreldra fortel sanninga om dei myrkaste kapitla frå familiehistoria.

Utover i boka får han meir innsikt på dei fleste av desse områda. Han vert god ven med Åsne, ei ny og attraktiv jente i klassen, men er for naiv til å sjå at ho har mange andre gode vener, og at ho saman med dei gjer heilt andre og vaksnare ting. Han prøver så vidt å drikka og røykja, men går alltid heim frå festar før festane tek til. Han er trufast mot AC/DC, opplever det som eit svik at broren høyrer på Springsteen, og sjølv om han ser at Nirvana står for noko nytt, knyter han den plata for mykje saman med Åsne, og vil ikkje høyra på ho.

Boka er ikkje utan gode sider, men historia vert for lite original, og ho vert òg for omstendeleg fortalt. Det burde vore stramma inn, og her burde vore noko som verkeleg overraska. No vert det berre ei sånn heilt grei bok, som ikkje stikk seg altfor mykje ut. Og det burde ho gjera - når Kaasa, som er frå Vinje, kallar hovudpersonen sin Mattis, og let boka slutta med at Mattis går ut i eit vatn, samstundes som ein svart fugl sirklar over hovudet hans, verkar det som om han prøver å visa slektskap til ein som er altfor stor for han. I alle fall førebels.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Kaasa på kulturguffebloggen
(44) (2025)