13. oktober 2019

Sara Marcus: Girls to the Front (2010)

Tidleg i 1990-åra vaks det fram ei rørsle i USA eg sympatiserte sterkt med. Musikken deira fenga ikkje så mykje, men utgangspunktet var greitt: Jenter og kvinner ville stå på scena, dei ville stå ved scena, dei ville skriva og snakka som dei ville, og dei ville gjera det utan å verta trakassert og sett ned på berre av di dei var kvinner.

Rørsla, som etter kvart fekk namnet Riot Grrl, eller Riot Grrl Revolution, var ikkje spesielt godt organisert, og ville heller ikkje vera det. Ho vaks fram i område og byar der det var ein aktiv musikalsk undergrunn - i hovudsak på den nordlege stillehavskysten og i hovudstaden Washington DC. Mange spelte i bandet, fleire gav ut fanziner, og alle stader etablerte dei eigne møte der berre jenter/kvinner fekk vera med.

Marcus viser korleis dette var eit viktig miljø for mange; for nokre var det livsviktig. Her kunne dei møta likesinna, anten for å ha nokon å snakka med eller for å ha nokon å skapa med. Dei hadde eigne mini-festivalar, og omtalen av den eine av desse viser òg kvifor rørsla raskt dabba av. Denne festivalen var i Omaha, Nebraska, altså langt frå austkyst og vestkyst. Dei to arrangørane hadde arbeidd hardt for å organisera alt - konsertar, seminar, workshops, osb, men dei som kom var stort sett berre interessert i å få seg ein god fest. Det var sikkert vel unnt, men samstundes tok det heilt piffen frå dei to arrangørane. Marcus har invitert ei rekkje av dei som var involverte, og historia til dei to frå Omaha er ikkje spesiell. I staden for å stå samla vart òg rørsla prega av mange interne stridar, der tilhøvet til media var eit gjennomgåande problem. Skulle ein snakka med dei største avisene og fjernsynskanalane? Og kven skulle i tilfelle gjera det?

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar