14. januar 2011

Inglourious Basterds (2009)

Eg skal ikkje lyga på meg altfor store kunnskapar om privatlivet til regissøren Quentin Tarantino, men eg har fått med meg at han lenge jobba i videobutikk, og at han likar å framstå som ein som har film på maten. I denne filmen spelar film og kino ei høgst sentral rolle. Klimaks kjem då fire av dei største tyske nazistane, Hitler, Göring, Goebbels og Bormann, i 1944 vert drepne i Paris, under premiera på ein film om ein tysk krigshelt. Bak dei drapa, og drapa på dei 3-400 andre i kinosalen, står tre ulike grupper.

Kinoen er ått av ei jødisk jente. Filmen opnar med at dei andre i familien hennar vert drepne, der dei gøymer seg i ein kjellar på den franske landsbygda. Då ho finn ut at så mange prominente nazistar skal vera til stades, også han som hadde ansvaret for at familien hennar vart drept, samlar ho saman all nitratfilmen ho har på lageret, og legg det på scena, bak filmlerretet. Midt i filmen, etter at assistenten hennar har sperra alle dører inn til salen, tennar han på all filmen som ligg der, og kinosalen er overtent på nokre sekund.

Publikum i salen prøver å koma seg ut, men dørene er altså låste. På ein av balkongane står to av Inglorious Basterds, ei terrorgruppe sett saman av åtte jødar, leia av Aldo Raine. Desse herjar i Frankrike, og tek livet av så mange personar i naziuniform som råd. I kinosalen fyrer dei to laus med maskinpistolar mot nazistane, heilt til det for alvor smell, dei har dynamittladningar festa til leggane sine.

Det hadde Raine òg, men han vart teken til fange i lobbyen av den same SS-obersten som drap familien til den jødiske jenta. Obersten har teke med seg Raine vekk frå kinoen, men før dei reiste, tok han av han dynamittladninga og la ho under stolen der Göebbels sat.

Brann, kuler og dynamitt - me snakkar altså ikkje akkurat om Cinema Paradiso.

Den britiske regissøren Alfred Hitchcock snakka ofte om suspense. Viss publikum er klar over kva som snart skan skje, viss dei veit at no smell det snart ei bombe, viss dei veit at han SS-obersten som snakka med ei tysk skodespelarinne som ikkje veit at han veit at ho er spion, men at han snart kjem til å avsløra det, viss vi veit at her ligg det ein jødisk familie gøymt under golvet, så er det råd å halda fast ved spenninga dette skapar. Det som skjer før bomba smell er meir spanande enn at sjølve bomba smell. Tarantino briljerer her, og i fleire av scenene veit me at no smell det snart. Han har det likevel ikkje travelt, og det fungerer glimrande.

Tarantino har sjølv skrive manus, og historia er som vanleg svært godt sett saman. Her er mange fine detaljar, til dømes korleis ein av tre Basterdar som gjev seg ut for å vera tysk soldat røper seg ved å visa fram tre fingrar på engelsk måte, ikkje på tysk. Her er òg, som vanleg, referansar til andre filmar og historier - obersten finn ut at skodespelarinna er spion av di ho har gløymt att ballskoen i ein kjellar der det var ein del skyting, og då går jo Askepottalarmen hjå dei fleste av oss. Han hentar òg fram tittelsongen frå Cat People.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar