17. april 2013

Kill Bill 2 (2004)

Hm. Dette vart jo reine drøymekvelden.

Kill Bill 2 held, ikkje overraskande, fram der Kill Bill 1 slutta. Thurman-karakteren får her eit namn, Beatrice Kiddo, og det er ikkje den einaste nye vendinga: Ein liten detalj er at bryllaupet ikkje var eit bryllaup, berre ein gjennomgang med presten dagen før bryllaupet; ein anna detalj (som eigentleg vart nemnt heilt til slutt i KB1) var at også den ufødde dottera til Beatrice overlevde bryllaups-massakren.

Også denne filmen hoppar litt att og fram i tid. Her er to store flashbacks - eitt som viser kva som skjedde i kyrkja, og eitt som viser korleis Beatrice fekk opplæring i kinesiske slagsmålsteknikkar.

Ho har tre personar att på dødslista si. Alle misser livet i filmen, men det er ikkje ho som tek livet av dei. Ho er òg nær ved å missa livet sitt - ho framstår i det heile meir og meir som ein surperhelt i ein teiknefilm, ein superhelt som toler alt, og som aldri gjev opp. Spesielt ein av situasjonane ho finn seg i verkar det vanskeleg å koma ut av.

Det er to fine filmar, dette. Som alltid hjå Tarantino er dialogane framifrå, men det er ikkje berre det som gjer dette bra. Også visuelt er filmane ein fryd, med god bruk av fargar, og mange flotte bilete. Eitt døme på det er når kameraet, i svart-kvitt, glir ut frå kyrkja og sveipar over dei fire som står klar for å dra i gang massakren, før det heilt roleg glir oppover mot himmelen.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar