6. november 2014

From Dusk till Dawn (1996)

Hm. Eg var litt overraska over at filmen var såpass gamal som 1996. Då budde eg i Bergen, og såg det meste som gjekk på kino - eg trudde at grunnen til at eg ikkje hadde sett denne var at han var langt ferskare, og at "kinoen" i Volda ikkje viste han. Midt i filmen slo det meg at eg truleg droppa å sjå han, av di eg må ha skjønt av omtalen at dette var langt på sida av det eg likar.

Den fyrste halvdelen av filmen er grei nok. George Clooney og Quentin Tarantino spelar to kriminelle brør, som etter å ha drepe nokre politifolk prøver å koma seg over grensa til Mexico. Den fyrste kvinna dei tek som gissel vert drepen, og dei kidnappar i staden ein prest og dei to borna hans, som er på ferie i ein bubil. Dei kjem seg over grensa, og køyrer til ein bar litt utanfor hovudvegen, der dei to brørne skal møta den meksikanske kontakten sin.

Så langt er det altså greitt. Det er mykje vald, men det er godt laga, det er spanande, og det er passeleg humoristisk. Men etter ei stund inne på baren viser det seg at baren er full av vampyrar, og den siste halvdelen av filmen er ein kamp mot desse. Og det skal vera veldig godt laga for at eg ikkje skal missa interessa, og denne filmen er ikkje veldig godt laga.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Pulp Fiction (1994)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglorious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar