17. april 2013

Kill Bill 1 (2003)

Dette er ein film om hemn. Hovudpersonen, spelt av Uma Thurman, var tidlegare sentral i The Deadly Viper Assassination Squad, ei samling leigemordarar. På bryllaupsdagen vart ho nesten drepen av dei andre - på uforståeleg vis overlevde ho til og med eit skot i hovudet, og når ho vaknar etter fire år i koma vil ho ha hemn. I denne filmen oppsøkjer ho to av dei, og tek livet av begge.

Dei to episodane vert ikkje viste kronologisk, men den fyrste me får sjå er relativt konvensjonell. Ho oppsøkjer den gamle lagveninna si i heimen hennar, der det meste går etter planen, men ikkje alt: Den fire år gamle dotter til ho andre kjem heim frå barnehagen. Det gjer det endå tydelegare for Thurman-karakteren, som ikkje har noko namn, kva ho har mist - ho var gravid då dei andre angreip ho.

Den andre episoden er meir spektakulær. Thurman flyg til Japan, der ho får laga eit samuraisverd. Ho som skal drepast her er sjef for underverda i Tokyo, og har difor ei lang rekkje livvaktar. Thurman tek livet av eller lemlestar alle desse, før ho får drepe ho ho eigentleg er på jakt etter, og det er i desse sekvensane at filmen går over frå å verta ein tradisjonell valdsfilm til noko heilt anna. I starten verkar det heile som slossing, men etter kvart vert det meir dans, nesten ballett. Ein vert nesten blind for blodet og valden, og ser heller på det heile som noko grasiøst, noko visuelt. Sluttkampen, der dei to møtest med sverd ute i ein japansk hage, har enorme kontrastar. Dei to kjempar for livet, medan snøen sakte, sakte dalar ned rundt dei.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar