30. mars 2021

Laurel Canyon. A Place in Time (2020)

 

Det er nokre mytiske stader i rockehistoria, og Laurel Canyon er ein av dei. Frå midten av 1960-åra slo fleire og fleire musikarar seg ned her. Laurel Canyon ligg i Los Angeles - like nord for Hollywood, men likevel i eit område som minner lite om by. Dei som busette seg her vart dominerande i amerikansk musikk, nokre vart òg store på verdsbasis. Her budde medlemmar av CSN(Y), Joni Mitchell, the Mamas and the Papas, The Doors, The Byrds, osb. Det var eit hippiepreg over det heile, og det var plenty sex, dop og rock'n'roll.

Denne serien gjev eit portrett av dalen. Folk glir inn, folk glir ut att. Det er samstundes eit portrett av glansdagane til hippiane, i alle fall dei som sokna til LA. Dei lever eit godt liv, eit drøymeliv, dei har det fritt og godt. fram til alt endrar seg mot slutten av 1960-åra. Manson-morda og Altamont gjorde at folk vart meir skeptisk til hippiar, og det vart hippiane òg. Samstundes vert musikken mindre interessant - den siste halvtimen av denne to-episodars dokumentaren handlar det mest om Eagles og Linda Ronstadt, og musikken deira er ikkje like gjev som mykje av det andre me har fått høyra.

Serien bruker stort sett originalklipp og -foto, gjerne med kommentarar frå notida. Eit par fotografar er gjennomgåande kommentatorar. Det er fint gjort, dei får godt fram kjensla av samhald som var der dei fyrste åra. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar