23. mars 2021

Mannefall (2020)

Ein liten dansk serie om eit alvorleg tema. Meir enn halvparten av alle ufaglærte menn i Danmark bur åleine. Me møter fleire av desse i serien, og det er ikkje alltid like lysteleg. Ein av dei er svært overvektig. Ein annan har òg store helseproblem. Ein bur åleine av di han ikkje finn den rette, men slik han ordlegg seg om kvinner er det ikkje rart at han er einsam. Ein har isolert seg og spelt dataspel i tolv år. Og så vidare.

Nokre av dei har vore i forhold før; andre har budd åleine heile livet. Nokre har jobb; andre har det ikkje. Nokre har gode vener; andre har det ikkje. Nokre er sympatiske; andre er det ikkje.

Det er altså rimeleg trist, men det er òg tankevekkande. Det verkar ikkje alltid som om det skal så mykje til før det går gale. Han bonden som snakkar høgast om at kvinnefrigjeringa har kome for langt har altså seg sjølv å takka, men for andre er det litt tilfeldig. Mest sympati har eg for han dataspelaren, som verkar som ein triveleg kar, og som eg kanskje kjende meg sjølv best att i. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar