Viser innlegg med etiketten Pynchon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pynchon. Vis alle innlegg

4. mars 2020

Thomas Pynchon: The Crying of Lot 49 (1965)

Ein gong funderte eg på om Pynchon heilt medvite gav ut ein litt mindre omfattande roman medan han arbeidde med noko langt større. Han debuterte med V. i 1963, og denne kom to år etter. Det er den suverent tynnaste romanen hans, målt i sidetal. Åtte år etter kom meisterverket Gravity's Rainbow. Etter sytten lange år kom Vineland i 1990, ein langt lettare roman enn både boka som kom før og den som kom etter (Mason & Dixon, 1997).

Det er kanskje noko i ei slik hypotese, men eg gjer samstundes denne romanen urett. Det er ei finfin bok, som har det meste av det som kjenneteiknar Pynchon-romanar. Artige namn, paranoia, dop og sex, konspirasjonsteoriar, popkultur, osb.

Det er som vanleg vanskeleg å gje eit kort resyme av handlinga, men likevel: Hovudpersonen, Oedipa Maas, vert vikla inn i eit eller anna. Ho vert oppnemnt som asnvarleg for dødsbuet til ein tidlegare elskar/kjæraste, Pierce Inverarity,  og kjem etter kvart på sporet av Thurn and Taxis, eit undergrunn-postvesen i USA som er oppkalla etter eit verkeleg postvesen i sentral-Europa. Symbolet deira, eit posthorn med ein propp i tuten, dukkar brått overalt, og via psykologen sin vert tipsa om ein auksjon der nokre av eignelutane til Inverarity skal seljast, mellom anna frimerkesamlinga hans. Og der sluttar boka.

Det er altså mykje som er stas her, og det er som alltid mykje å le av. Og eg tenkjer som vanleg at eg snart må prøva meg på Gravity's Rainbow igjen.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

9. juni 2017

Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)

Eg har lese (nesten) alt av Thomas Pynchon, og det er eg ikkje åleine om. Torstein har sikkert lese alt, og det var han som gav meg dette heftet til jol i fjor. Det er mest for spesielt interesserte, slik alle publikasjonar er, men det er slettes ikkje det einaste som er skrive om William Pynchon: Der er skrive minst ei bok om han. Han skreiv òg nokre få bøker sjølv, og kjem for alltid til å stå som forfattaren av den fyrste boka skriven i Amerika som vart bannlyst. Kor mange slektsledd det er mellom desse to forfattarane veit eg ikkje, men begge har artiklar på Wikipedia. Artikkelen om William er den einaste av dei to med bilete av den omtalte.

Dette heftet gjev ei grei innføring i kven han var, og kvifor han sette spor etter seg. Han kom til det amerikanske kontinentet alt i 1630, og budde fleire stader i New England. Han dreiv med handel, han kjøpte opp skinn frå indianarane og importerte dei til Europa. Han gjorde det stort, dels av di han busette seg lengre vest enn andre handelsmenn. Han grunnla byen Springfield, sørvest i Massachusetts.

I 1650 gav han ut boka The Meritorious Price of Our Redemption, der han, modig nok, tok eit oppgjer med dei vanlege tolkinga av kristendommen. Boka var forboden, dei fleste kopiane vart brende, og Pynchon fann det tryggast å returnera til England. Då var han ein halden mann, og skreiv fleire pamflettar der han var kritisk til kristendommen. Han døydde i 1662, 72 år gamal.

Det er ikkje eit hefte som sprudlar, dette, men her er likevel mykje å merka seg. Nokre av dei andre personane har namn som dukkar opp i skriftene til Thomas Pynchon (Winthrop, til dømes), nokre personar burde gjera det (som Theophilus Eaton), her aular av gode stadnamn, og eit par av sitata frå skrifter av Pynchon kunne vore skrivne av den nolevande Pynchon.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

5. april 2016

Thomas Pynchon: Bleeding Edge (2013)

Det tok nokre år før eg vågde meg på denne. Å lesa Pynchon er til tider krevjande, her er lange setningar med enorme mengder komma, her er gjerne avsnitt på avsnitt der det ikkje er lett å skjøna kva som skjer, og det er historier som ikkje alltid er lett å hengja med på. Men å lesa Pynchon er som regel verdt bryet. Han skriv annleis alle andre, og det er eit språk som boblar over. Her er både setningar og passasjar å le av; her er nok av ordspel og gode namn.

Handlinga er denne gongen lagt til New York, 2001. Det heile tek til på vårparten, slik at midt i boka kjem 11. september. Hovudpersonen, Maxine Tarnow, arbeider med å avsløra økonomisk rot og/eller svindel, og finn ut at alt ikkje er som det skal vera i dataselskapet Hashslingrz. Ho prøver å finna ut kva det skuldast, men kjem vel eigentleg aldri heilt i mål med den leitinga. Mange gjev ho tips, og ho er fleire gonger ned i ein hemmeleg del av Internett, DeepArcher, der ho opplever ein slags alternativ røyndom.

Ho kjem seg altså langt ned i Internettet, men ho kjem aldri heilt til botnar i mysteriet ho puslar med. Det er heller ikkje så nøye, ein les ikkje Pynchon for å finna svar på spørsmål. Det er ikkje den aller beste Pynchon-boka, dette, men det er likevel ei lesverdig bok. Mykje av det som kjenneteiknar Pynchon er her og vel så det - her er konspirasjonar, her er paranoia, og her er dette fabelaktige språket. Av og til verkar det som om Pynchon har funne opp det engelske skriftspråket, eller i alle fall at han skriv eit språk ingen andre bruker.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Inherent Vice (film, 2014)

8. januar 2016

Inherent Vice (2014)

Bøkene til Thomas Pynchon er ikkje dei enklaste å filma. Ein ting er at han er ein språkmeister av dei sjeldne, ikkje berre i replikkane, ein annan ting er at bøkene hans ofte har svært godt samansette historier, der det sjeldan er like klart kva som skjer heile tida. Inherent Vice er ei av dei enklaste bøkene til Pynchon, men heller ikkje denne er enkel å filma. Sjølv om det er Paul Thomas Anderson som har regissert denne filmatiseringa, er det diverre ikkje så vellukka.

Hippien Doc Sportello, som livnærer seg som privatdetektiv, og som stort sett er rusa heile tida, vert beden om å finna ut av ei forsvinningssak. Ein eigedomshai, som har eit forhold til eks-dama til Sportello, er borte vekk. På veg mot løysinga vert Sportello mistenkt for eit mord, han vert banka opp og unngår hårfint å verta drepen, han har ofte kontakt med politimannen "Bigfoot" Bjornsen, han får snusen i at Golden Fang både kan vera ei seglskute og ein organisasjon som smuglar narkotika, osb. Det er mange og mykje å halda styr på. Skulle alt fungert måtte filmen vore skarpare redigert. Når det er såpass vanskeleg å hengja med for dei som har lese boka, må det vera endå verre for dei som ikkje har gjort det.

Guffen er lunken.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)

28. april 2011

Thomas Pynchon: Slow Learner (1984)

Thomas Pynchon er stor. Dei fleste romanane hans er verdt å lesa - dei er krevjande, og det er slettes ikkje alltid at eg greier å hengja med på det han skriv, men likevel: Det er ikkje mange bøker eg har kost meg like mykje med.

Han har det ikkje travelt. Det kan godt gå nokre år mellom kvar bok, og etter meisterverket Gravity's Rainbow, som kom i 1972, tok det mange år før det kom noko nytt. Kanskje var det ein av grunnane til at denne boka kom då ho kom. Her er fem tidlege Pynchon-historier, fire av dei vart publiserte før Pynchon debuterte i bokform i 1963. Pynchon har ikkje endra noko i desse historiene, men har skrive eit godt og informativt føreord. Pynchon snakkar aldri med journalistar, og vert forbanna dersom nokon prøver å fotografera eller filma han, slik at dette føreordet er ein av dei få stadene han seier noko om eigne tekstar.

Han er rimeleg kritisk til dei fleste. Etter at han plukka "Low-lands" frå kvarandre, skriv han: "Disagreeable as I find 'Low-lands' now, it's nothing compared to my bleakness of heart when I look at 'Entropy'." Han peikar på ei rekkje feil unge og upubliserte skrivarar gjer, spesielt irriterer han seg over at han bruker mange ord han ikkje visste tydinga av. Han mislikar òg dialogane, historiene er dårleg oppbygde, karakterane oppfører seg heilt feil, osb.

Eg synest han er altfor kritisk. Historiene kan ikkje lesast som noko anna enn det dei er - tidlege tekstar av ein lovande forfattar. Visst er her manglar, men her er òg nok av ting å gle seg over. Mange av kjennemerka hans er alt til stades - historier som ikkje umiddelbart er heilt oversiktlege, organisasjonar med fiffige akronym, songtekstar som dukkar opp midt i teksten, og lett surrealistiske element. Her er derimot mindre humor enn det ein kunne venta, kanskje han konsar for mykje på språket. Nokre av personane har gode namn, og nokre av desse dukkar opp i seinare bøker - det gjeld i alle fall Pig Bodine, kanskje òg Slothrop? Ikkje heilt sikker.

Den historien som fungerer best, og det vil kanskje sei den historien som har færrast manglar, er den siste, "The Secret Integration". Denne vart fyrste gong trykt i 1964, og er den av dei fem historiene med mest å le av. Det er samtidig den minst pynchonske, det minner meir om Inherent Vice enn Gravity's Rainbow.

Dei som ikkje har lese Pynchon før bør heller prøva ein av romanane hans, men for Pynchon-kjennarar er denne verdt å lesa. Sjølv om det går litt opp og ned.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Inherent Vice (2009)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)

21. oktober 2010

Frå arkivet: Lotion: Nobody's Cool (1995)

Midt i 90-åra var den engelske musikkscena rimeleg uinteressant. Det var Britpop opp og ned og i mente, og den musikkretninga handla heller lite om musikk. Kva artistane dreiv med var like viktig som musikken. Eg anar ikkje om blad som Select og Vox dukka opp parallelt med Britpop, men eg har ei kjensle av at dei dyrka Britpop-banda som om dei skulle frelsa verda.

Denne engelske nedturen var skuffande for ein som meg, som lenge hadde hevda at musikklivet i England var betre enn det i USA. Det må ha vore omtrent på denne tida at eg merka at eg høyrde langt meir på amerikansk musikk. Mange av dei nye gruppene eg plukka opp, som Lotion, var amerikanske. Lotion heldt til i New York.

Ein av platebutikkane i Bergen, eg hugsar ikkje lenger kva han heitte, selde eldre utgåver av Vox og Select, til langt under halv pris. Av og til gjekk eg innom og kjøpte ei lita bunke, av og til dukka det jo opp noko av interesse. I eitt av desse blada var det ei kort melding av denne plata, og ein av setningane der var nok til at eg merka meg plata, og at eg kjøpte ho nokre dagar seinare. Setningen hadde ingenting med musikk å gjera, det stod berre noko om at sjølvaste Thomas Pynchon hadde skrive ein tekst til omslaget. Det var nok for meg, sjølv om det ikkje gjorde noko at musikken høyrdest lovande ut.

Plata rockar. Det er eitt stort øs heile vegen, ikkje eit massivt og tungt øs, men eit skranglande og sjarmerande øs. Hm. Det høyrdest litt rart ut. Eg prøver igjen - det er mykje gitarar på plata. Dei er skeive, dei går rundt kvarandre, og med nokre få unntak er songane svært energiske. Det er intelligente tekstar, det er oppfinnsame rytmar, og det heile fungerer svært godt. Songane handlar om det vanlege, hadde eg nær sagt - det er mykje om damer, det er mykje om oppvekst og ungdom, og det er litt om vald. Ein av dei merkelegaste songane er "Sandra", der hovudpersonen er ein mann som er dømt til å halda seg minst femti fot vekke frå Sandra, som er alt han kan tenkja på.

Der er altså nokre unntak. Der er ofte éin song som ikkje burde vore med, og her er det "Precious Tiny", ein song som varer i nesten ti minutt. Det er ingenting i vegen for at songar kan vera lange, sjølvsagt, men då må det skje noko i dei. I dette tilfellet går bandet tomme for idear heller tidleg.

Eg høyrde mykje på denne plata då ho kom, og drøymde til og med om ho om natta. I ein draum innsåg eg (ikkje uventa) at tittelen var eit ordspel på uttrykket "nobody's fool", og i same draumen innsåg eg brått at også tittelen på debutplata deira, "Full Isaac" var eit ordspel på eit anna uttrykk. Då eg vakna irriterte eg meg lenge over at eg ikkje greidde å hugsa kva uttrykk det var.

Kva skjedde etterpå? Plata selde heller lite. Nokre år seinare gav Lotion ut ein ny CD. Denne hadde ingen tittel, men vert omtala som "The Telephone Album", etter illustrasjonen på omslaget. Det er òg ei fin plate, men også den selde lite, og då fann dei fire i bandet like godt ut at dei kunne gje seg.

Guffen tilrår.

8. oktober 2009

Thomas Pynchon: Inherent Vice (2009)

Thomas Pynchon er ein luring. Han skriv ikkje mange bøker, dette er den åttande boka hans, debutboka kom i 1963. Det einaste kjende biletet av han er frå marinen i 1950-åra, og etter at han tok til som forfattar, har det ikkje vorte noko publisert noko bilete av han. Då han i 1974 vann National Book Award for meisterverket Gravity's Rainbow, sende han komikaren Irwin Corey for å ta mot prisen.

Inherent Vice kan ikkje måla seg med Gravity's Rainbow, men det er det få bøker som kan. Inherent Vice er uventa lettlest. Handlinga er henta frå Los Angeles, og er lagt til slutten av 1960-åra. Doc Sportello er ein rutinert hippie som arbeider som privatdetektiv, og boka opnar med at gamle-kjærasten hans kjem på vitjing, av di ho treng hjelp med ei sak. Det går som det må gå, Doc har litt kontakt med politiet, litt kontakt med kriminelle, mykje kontakt med andre hippiar, og når boka er over er dei fleste gode vener og vel forlikte. Som alltid er det mange referansar til populærkultur, mellom anna til ei mengd fjernsynsprogram, og Pynchon viser klasse ved å ha minst tre referansar til Marx Brothers.

Utover i boka misser ein gjerne litt interesse for sjølve historia, og kosar seg heller med setningar og avsnitt som berre Pynchon kan skriva. Han har eit enormt ordforråd, og variasjon i språket er upåklageleg. Og av og til dukkar det godbitar som dette avsnittet:

Back at his place, Doc found Scott and Denis in the kitchen investigating the icebox, having just climbed in the alley window after Denis, a bit earlier, down at his own place, had fallen asleep as he often did with a lit joint in his mouth, only this time the joint, instead of dropping onto his chest and burning him and waking him up at least partway, had rolled someplace else among the bedsheets, where soon it began to smolder. After a while Denis woke, got up, and wandered into the bathroom, thought he would take a shower, sort of got into doing that. At some point the bed burst into flame, burning eventually up through the ceiling, directly above which was his neighbor Chico's water bed, luckily for Chico without him on it, which being plastic melted from the heat, releasing nearly a ton of water through the hole that had by now burned in the ceiling, putting out the fire in Denis's bedroom while turning the floor into a sort of wading pool. Denis came drifting back from the bathroom, and not able right away to account for what he found, plus getting the fire department, who had now arrived, confused with the police, went running down the alley to Scott Oof's beach place, where he tried to describe what he thought had happened, basically deliberate sabotage by the Boards, who had never stopped plotting against him.

Passeleg med paranoia der, og avsnittet viser òg kor glad Pynchon er i komma.

Guffen tilrår.

Meir Pynchon på kulturguffebloggen
Ruth A. McIntyre: William Pynchon. Merchant and Colonizer (1961)
The Crying of Lot 49 (1965)
Slow Learner (1984)
Lotion: Nobody's Cool (plate, 1995 - hårfint relatert til Pynchon)
Bleeding Edge (2013)
Inherent Vice (film, 2014)