1. mars 2017

Elvis Costello (Grieghallen, Bergen, 28.2.2017)

I never thought that it would come to this. Elvis Costello solo, i ein fullsett Grieghall. Eit publikum (stort sett) endå lengre oppe i åra enn eg er.

Eg har vore på Elvis-konsert éin gong før, heilt tilbake i 1989. Då såg eg han på Roskilde-festivalen, og utan at eg skal påstå at eg hugsar mange detaljar, hugsar eg det som ein flott, flott konsert. Då hadde han med seg eit band, i går var han heilt åleine på scena.

Det var truleg grunnen til at det tidvis var heller kjedeleg. Det vart for likt, det var omtrent den same gitarlyden heile tida. Bortsett frå då han sat ved pianoet, sjølvsagt, men det var ein kveld utan den variasjonen eit band ville ha gjeve. Nokre av songane hadde òg fått ein ny melodi, og her var det oftast slik at eg tenkte at dette kunne vore ugjort.

Men alt var ikkje like svart. Costello har jo ein svært god og variert katalog å plukka songar frå, og her var mange godbitar. "Shipbuilding" opna aldeles glimrande, og "Alison" var fabelaktig. Det var ei av dei gongene han berre ignorerte mikrofonen, og song utan. Han tok det rett nok litt lengre ut under "Alison", slik biletet over viser - han gjekk ut blant publikum, og tok turen nesten heilt opp til nittande rad, der eg sat. Alle i salen sat heilt stille under denne vandringa, slik at både ord og tonar nådde fint fram.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Bruce Thomas: Rough Notes (2015)
Elvis Costello: Unfaithful Music and Disappearing Ink (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar