28. juli 2015

Alice Munro: Too Much Happiness (2009)

Alice Munro fekk nobelprisen i litteratur for eit par år sidan. Eg kjøpte denne boka kort tid etterpå, men har ikkje somla meg til å lesa ho før no. Boka var absolutt verdt ventinga.

Her er ti noveller, og åtte av dei er så godt som feilfrie. Hovudpersonane er som regel kvinner - i den eine av dei to novellene som ikkje trefte meg er hovudpersonen mann. Den andre, tittelnovella, fortel om livet til den russiske matematikaren og forfattaren Sophia Kovalevsky.

Men dei andre er altså finfine. Forteljarane har ofte vorte dårleg behandla eller mishandla av menn, anten fysisk eller psykisk. Nokre tek hemn, nokre greier å frigjera seg, andre gjer det ikkje. I ei av dei beste novellene, "Wenlock Edge", fortel hovudpersonen om ein middag med velgjeraren til romkameraten hennar på college. Han er ein eldre mann, men greier å få ho til å gjera akkurat det han vil - som er at ho skal eta middagen sin naken, og at ho etterpå skal lesa høgt for han, framleis naken. Umiddelbart synest ho det er rart, men gjer det likevel, og skamma kjem lenge etterpå. I ei anna novelle fortel ei eldre kvinne om då ho og ei veninne på ein sommarleir tok livet av ei jente dei ikkje likte. Også det er ei novelle som gjorde inntrykk - og slike var det mange av. Eg må lesa meir av Munro.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Dear Life (2012)

26. juli 2015

Arvid Møller: Gjendine (1976)

Endå ei Møller-bok, sånn på tampen av ferieringa. Her skriv han om Kaja Gjendine Slålien, ei smått legendarisk kvinne frå Bøverdalen. Ho vart fødd i Gjendebu, som då berre var ei steinbu, i 1871, og døypt i Gjende nokre dagar seinare. Ho arbeidde seinare ved fleire turisthytter, mellom anna Skogadalsbøen, der ho ved fleire høve song for Edvard Grieg og Julius Røntgen, ein hollandsk komponist. Grieg skreiv fleire verk inspirert av det han høyrde, den best kjende av desse er "Gjendines bådnlåt". Røntgen fridde seinare til ho, men ho var fpr heimekjør. Ho og mannen dreiv eit lite bruk i Bøverdalen. Ho var æresgjest ved Festspillene i Bergen som 90-åring, og døydde 101 år gamal.

Ho levde altså eit interessant liv. Det kjem for så vidt fram i denne boka, men også her er Møller altfor upresis, altfor lite systematisk, og altfor glad i å vidareformidla myter. Han sjekkar ikkje det han får fortalt, han skriv heller at "nokon hevdar at" eller "det heiter seg at" osb. Og desse anekdotane handlar som regel om personar Gjendine kjende, eller om personar ho har høyrt om. (Og to-tre av desse anekdotane henta han fram att i boka om Åmund Elvesæter.) Det er ei tynn bok det går fort å lesa, men likevel har han altså sett seg nøydd til å skriva mykje om andre enn den han biograferer. Og språket er like svulstig og klisjefylt som i dei andre bøkene. Og heller ikkje her går det klart fram kven som er forteljarrøysta - av og til er det Møller, av og til er det Gjendine.

Guffen er lunken.

Meir Møller på kulturguffebloggen
Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Jotunkongen (1991)

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

24. juli 2015

Whatever Works (2009)

Skal me sjå. Filmen er regissert og skriven av Woody Allen, og her er mykje av det ein reknar med å finna i ein Allen-film. Handlinga lagt til New York. Ein Marx Brothers-referanse. Gode vitsar. Dårlege vitsar. Kunstutstilling. Eldre mannleg hovudperson med ung kvinneleg kjærast. Allen sjølv i hovudrolla ... vent litt. Han spelar jo ikkje i filmen i det heile. Men vikaren hans er ikkje kven som helst - Larry David. Han er nokre år yngre enn Allen, men er gamal nok til å ta over.

Han spelar Boris Yelnikoff. Han er skilt, og er på veg heim då den heimlause jenta Melodie St. Ann Celestine. Ho bed om litt mat, og vert invitert inn i to minutt. Ho vert der i månadsvis, etter kvart vert dei gifte, men det varer ikkje så lenge. Ho finn seg ein yngre kjærast, men før me kjem så langt har mor hennar kome til New York for å finna ho; seinare kjem far hennar òg. Mora vert ein litt for utagerande kunstnar; faren oppdagar at han er homo.

Mykje ligg altså til rette for artige situasjonar, men det vert aldri meir enn triveleg. Her er mange gode replikkar, men det er ein Allen-film på det jamne, dette.

Guffen er lunken.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

Arvid Møller: Jotunkongen (1991)

Nokre bøker krev full konsentrasjon, denne gjer det ikkje. Me er på ferie på Nordmøre, og eg plukka ho ut av bokhylla på rommet der Aslak og Ivar søv, ein kveld eg skulle leggja dei. Det gjekk fort å lesa denne.

Det er ei bok om Åmund Elvesæter. Han var odelsgut på garden Elveseter i Bøverdalen, og arva både garden og hytta Leirvassbu inne i Jotunheimen. Han dreiv begge desse overnattingsstadene, Elveseter heile livet, Leirvassbu i nokre tiår. Eg har budd på Leirvassbu fleire gonger; Elveseter trur eg ikkje eg har vore innom.

Det kunne vore ei interessant bok. Elvesæter levde eit spanande liv - han vart arrestert under krigen, han var aktiv i delar av norskdomsrørsla, han dreiv overnattingsstader i eit hundreår då krava frå dei reisande endra seg stort, og eit hundreår då bygda hans endra seg like mykje. Likevel er dette svært tynne saker. Det er ikkje hans skuld, sjølvsagt, det skuldast meir måten Arvid Møller skriv på. Ein ting er at han let Elvesæter føra ordet i det meste av boka, slik at det framstår som ein sjølvbiografi. Ein annan ting er at han omtrent på kvar side skriv ein eller fleire setningar på dialekt. Det verste er det hjelpelause språket, der han smør altfor tjukt på i alle retningar. Elvesæter var ein omdiskutert person i heimbygda, han var ein som ikkje gav seg før han fekk det som han ville, og som fleire gonger sette i gang tiltak han ikkje hadde fått løyve til å gjennomføra. Han tok seg til rette, men Møller har ingen ambisjonar om å pressa han på dette. Han vel heller å vera lojal mot Elvesæter, og let utsegnene hans om at dette er typisk nissehuementalitet, det er typisk Noreg, det er slikt som hindrar bygdeutvikling osb, hengja fritt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Møller på kulturguffebloggen
Gjendine (1976)
Fjellfører i Jotunheimen (1982)

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Good Ol' Freda (2013)

Er det meir å seia om The Beatles? Der er skrive hundrevis av bøker om dei, frå alle moglege vinklar, og der er laga filmar og fjernsynsseriar. Så kjem denne filmen, som fortel det heile frå ein ny synsvinkel. Det er ein enkel dokumentarfilm om ei kvinne med ein spesiell historie, og det heile er uventa underhaldande.

Freda Kelly var som mange andre unge jenter i Liverpool. Ho vart besett av The Beatles, og meiner at ho såg rundt 190 av dei 294 konsertane gruppa spelte på The Cavern. Etter at populariteten auka trong dei ein sekretær, og Kelly vart tilsett i 1962. Ho arbeidde for dei fram til 1973, og var altså ei av dei som var på innsida. Ho kjende alle saman godt, og vart òg godt kjend med familiane deira. Ho fekk ansvar for fanklubben deira. Å vera redaktør for fanklubbladet var ein del av jobben; å svara på dei tusenvis av brev som kom kvar dag var ein annan. Dei fleste bad om autografar, og dei fleste fekk det. Nokre bad om andre ting - ei kvinne sende eit putevar, som ho vona at Ringo kunne sova på, signera, og senda tilbake. Det vart ordna.

Kelly kunne halda kjeft, og det er noko av det mest fascinerande her. Etter at The Beatles vart oppløyst sat ho med store mengder materiale - foto, brev, gjenstandar - som ho kunne selt for millionar. I staden gav ho det vekk. Ho har fått fleire tilbod om å skriva bok om åra hennar med gruppa, men har alltid takka nei. Ho er framleis svært lojal mot dei fire, og framstår mest av alt som ei jordnær kvinne som tilfeldigvis fekk drøymejobben.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

22. juli 2015

As Good as It Gets (1997)

Denne filmen opnar rett så underhaldande, men tapar seg heile vegen. Og sidan filmen er bortimot to og ein halv time, vert det heller traurig mot slutten. Heldigvis er skodespelet eksemplarisk. Jack Nicholson spelar forfattaren Melvin Udall; Helen Hunt spelar kelneren Carol Connelly.

Udall er ein surdeig av dei sjeldne. Han har ei rekkje tvangstankar. Han mislikar dei fleste han møter, både naboar og andre, og kvir seg ikkje for å slengja med leppa. I opninga av filmen gjer han det heile tida, og då er det stas å sjå på. Kvar dag et han lunsj på restauranten der Connelly arbeider, og han er heilt avhengig av at ho serverer han. Ein dag er ho vekke, og han finn ut at det skuldast at ho er heime med den kronisk sjuke sonen sin. Parallelt med dette går naboen hans meir eller mindre konkurs, og det einaste han kan gjera er å be dei rike foreldra sine, som han ikkje har snakka med på fleire tiår, om hjelp. Han er ikkje i stand til å køyra bil sjølv, så Udall melder seg som sjåfør. Og han inviterer Connelly med på reisa.

Då har alt filmen tapt seg, og på denne turen er Udall ein heilt annan. Han vert forelska i Connelly, og der han før var ein lite sjarmerande surdeig, vert han no ein lite sjarmerande heilt vanleg mann. At dei får kvarandre til slutt engasjerer ikkje i det heile.

Men skodespelet er altså framifrå. Både Nicholson og Hunt strålar, begge to får godt fram at rollefigurane deira slit med mykje, samstundes som dei prøver å halda det skjult i delar filmen.

Guffen er lunken.


19. juli 2015

Motorpsycho (Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015)

Himmel og hav. Dette var stas.

Motorpsycho har alltid vore eit band som har sett framover. Eller - dei var det i alle fall fram til 2010. Då spelte dei på Øyafestivalen, og publikum vart inviterte til å stemma fram eitt album dei skulle framføra. Timothy's Monster fekk flest røyster, og sjølv om eg i utgangspunktet heller ville høyrt Demon Box, ser eg framleis på TM-framføringa på Øya som den beste konserten eg har vore på. For eitt (eller to?) år sidan framførte dei heile Blissard, no var turen omsider komen til Demon Box. Og i haust kjem den fyrste samleplata deira, lansert omtrent samstundes som opninga av ei utstilling på Rockheim.

Kjartan og eg kom til Slottsfjell tidsnok til å få med oss eit intervju i eit avgrensa gjesteområde. Marius Lien intervjua fire frå bandet, slik det var sett saman denne kvelden. To av dei, Helge Sten (Deathprod) og Kenneth Kapstad, sa ikkje så mykje, men dei to andre, Bent Sæther og Gebhardt hadde mykje på hjarta. Sæther var den saklege av dei to; Gebhardt var i kjempeform, og kom med fleire blinkskot.

Så kom der nokre typiske festivaltimar. Nokre halvgode band, og mykje venting. Her hadde ventinga ein ekstra spiss, Motorpsycho skulle spela på toppen av fjellet, og der var det så mykje vind at scena og området var stengt fram til 25 minutt før konsertstart. Sæther opna med å seia at viss vinden tok seg opp, var dei pålagde å gå av scena med ein gong.

Men vinden heldt seg vekke. Sjølvsagt gjorde han det. I tillegg til dei over var sjølvsagt Snah med, og det var ein uvanleg slagkraftig kvintett. Dei to trommeslagarane gav det heile eit massivt trøkk, og det vart ein kveld der spesielt dei tyngre songane slo godt an. Det var eit rifforama utan like.

Dei la seg tett opp til versjonane frå plata; med to unntak var det langt mellom dei lange improvisasjonane. Songane kom stort sett i same rekkjefølgje som på LP-utgjevinga, unntaket var at side fire og tre bytte plass. Etter ein slentrande "Waiting for the One" kom det massive versjonar av "Nothing to Say" og "Feedtime". Det neste høgdepunktet var "Mountain"; alle desse tre songane har opningsriff som gjev meg klump i halsen. Omtrent heile side fire var ein lang fest, der òg klassiske Motorpsycho-songar står i kø - "Babylon", "Junior", "Plan #1" og "Sheer Profoundity". Så kom der ein akustisk solo-versjon av "Come On In", før ein lang versjon av Demon Box" avslutta kvelden.

Var der nedturar? Javisst. "All Is Loneliness" har dei spelt i langt betre versjonar dei siste åra; kanskje var ein av grunnane til at songen ikkje sat denne kvelden var at berre ein av vokalistane var høyrbar. Dei spelte òg alle songane frå LP-en, der er det tre fleire enn på CD-en. Ein av dei tre er "Mountain", dei to andre er dei svakaste på Demon Box. Og versjonen av tittelkuttet vart litt i lengste laget.

Men oppturane var langt fleire. Det var ei svært vellukka reise attende i tid, plata står seg uvanleg godt. Det var stas å sjå Gebhardt igjen, og det var stas å sjå Deathprod igjen. Han hadde fått ein sentral plass på scena, der han stod i profil. Det var fantastisk å sjå korleis han skreik fram refrenget på "Demon Box", og det var òg flott å sjå korleis han arbeidde fysisk for å få fram lydane sine. Det er ikkje nokon original observasjon, men han minte om ein gal professor (eller ein supersonisk forskar), der han stod med instrumenta og apparata sine.

På veg ut av området funderte eg litt på skilnadene mellom denne konserten og Øya i 2010. Begge var glimrande, men konserten på Øya var meir variert. På "Demon Box" er musikken som oftast hard eller roleg; på "Timothy's" spelar dei på langt fleire strengar. Så Øya i 2010 er framleis den beste konserten nokosinne, men denne var ikkje langt unna. For ein kveld. For eit band.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Lars Roar Langslet og Jon H. Rydne: Villmann, vismann og veiviser. En essaysamling om A.O. Vinje (1993)

Denne boka hadde sitt utspring i eit seminar om Aasmund Olavsson Vinje. Fire foredrag derfrå er trykte her, kanskje i lett omarbeidd form, saman med ei rekkje andre essay. Kor mange av desse som er nyskrivne for denne samlinga kjem ikkje fram; nokre er det heilt sikkert, andre er det heilt sikkert ikkje. Her manglar altså litt elementær informasjon, men det er òg omtrent det einaste som manglar. Det er ei fascinerande bok, der dei fleste av essaya er vel verdt å lesa. Det einaste som for meg var på grensa til skivebom var eit av foredraga frå seminaret, der Mette Nygård skreiv om Ferdaminne som ei pilegrimsreise. Det verkar som om ho prøver for hardt; ho ynskjer for sterkt å lesa boka som ei pilegrimsreise.

Vinje var viktig på mange område. Han var ein tidleg nynorskbrukar. Han endra avisspråket. Han var ein samfunnsdebattant som gjerne hadde fleire synspunkt i éi og same sak, og som ser ut til å ha likt å provosera. Han var ein stor lyrikar. Han var ein av dei tidlege fjellvandrarane, og var uvanleg tett knytt til naturen. Essaya er innom alt dette og meir til. Her er uvanleg gode og kloke essay av folk som Sigmund Skard, Asbjørn Aarseth, Halldis Moren Vesaas og Leif Mæhle, for å nemna nokre. Litt repetisjon vert det sjølvsagt, opninga av diktet "Nationalitet" vert til dømes sitert i fem ulike essay.

Her er òg høgdepunkt henta frå skrivinga til Vinje. Det eg likte best var henta frå Dølen. Vinje var til stades på ein studentfest i Nordmannsdalen i København, der ei kraftig regnskur gjorde at folk søkte ly under tre, under buskar, og under borda. Fleire har skrive om festen, og alle skildrar festen som ei fæl oppleving, der det var nærliggjande å ta til tårene. Alle, bortsett frå Vinje. For han er dette ei sterk naturoppleving, for han var dette ei av dei beste stundene i livet hans.

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)
Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

15. juli 2015

Richard Fariña: Been Down So Long It Looks Like Up to Me (1966)

Gnossos Pappadopoulis er ein drøymestudent. Han greier ikkje heilt å registrera seg for studiane, og bruker i staden tida på det han likar best - drikking, dop, damer, osb. Han har, av grunnar som ikkje kjem heilt klart fram, ei enorm samling sølvdollarar i ryggsekken sin, sølvdollarar som han raust deler med andre. Me er i USA i 60-åra, og han er med i dei motkulturane som finst, sjølv om han ikkje er altfor entusiastisk. Han vert likevel ein ufriviljug frontfigur ved universitetet sitt, etter at han har fått på trykk eit lesarbrev i studentavisa, der han lurer på kvifor styret ved skulen tviheld på ordninga med kjønnsdelte internat. Boka sluttar med at han held ein appell ved ein enorm demonstrasjon; den einaste grunnen til at han gjer det er at han har noko usnakka med ei anna av studentane, og som han får snakka med viss han held appellen.

Boka er langt, langt meir underhaldande enn det korte referatet over tyder på. Fariña var studiekamerat med (sjølvaste) Thomas Pynchon, og dei to vart nære vener. Då Fariña gifta seg var Pynchon forlovar. Skrivinga deira har mykje til felles, også hjå Fariña opnar mange setningar med -ing-former ("Approaching the arts quad ..."), her er mange komma, her er eit svært rikt ordforråd, her er mykje humor, her er ein fascinasjon for rusmiddel, her er bra med paranoia, sympatien ligg i motkulturane, osb. Heilt på høgd med Pynchon er ikkje denne romanen, men hadde han fått skrive fleire bøker enn denne debutromanen kunne også Fariña nådd verkeleg høgt. Slik gjekk det ikkje - han døydde i ei motorsykkelulukke to dagar etter at boka kom ut.

Guffen tilrår.

Hallgeir Opedal: Magnus Carlsen. Verdens beste sjakkspiller (2013)

Tittelen på denne boka må seiast å vera rimeleg korrekt: Magnus Carlsen er den beste sjakkspelaren i verda. Han har lenge vore ranka som nummer ein. I 2013 vart han verdsmeister, og han forsvarte den tittelen året etter.

Den fyrste utgåva av denne boka kom i 2011. Ho vart oppdatert i 2013, men forlaget ville tydelegvis smi medan jarnet var varmt: Dei venta ikkje til VM-kampen var spela; boka sluttar med at Carlsen førebur seg til møta med Anand. Kvifor dei har tenkt slik er rart - trur dei ikkje på tittelen på si eiga bok? Etter ein VM-siger ville jo ein Carlsen-biografi vera endå lettare å selja? Sjølvsagt ville mange lesa om Carlsen dei vekene han spelte mot Anand, men likevel.

Det er ei relativt delt bok. Carlsen er ikkje lett å koma innpå. Opedal nærmar seg fleire gonger, men Carlsen veit kvar grensene går. Nokre dagar er han svært innestengt og seier lite, andre dagar kan han snakka fritt og ope om kvifor han av og til er innestengt og tagal. Eg sit vel ikkje att med ei kjensle av at me har han no. Carlsen minner eigentleg mykje om Petter Northug, som eg nyleg las ei liknande bok om. Også Northug held korta tett til brystet, også Northug har ein far som har vore ein viktig medspelar, og også Northug er den beste i verda i sin idrett.

Mykje av boka handlar om sjakkhistorie, og om andre aktive spelarar. Her møter me fleire fascinerande personar, og Opedal gjev oss ei grei innføring i sjakkhistoria. Samstundes føler eg det nok slik at Opedal har teke med så mykje om dette av di han ikkje har hatt nok stoff om Carlsen.

Guffen er lunken.

7. juli 2015

Holocaust (1978)

Dette er ein serie det er vanskeleg å vurdera. Her er mykje som er tynt; serien stiller ikkje akkurat store krav til oss som ser på. Alt vert forklart i minste detalj, serieskaparane verkar nesten redde for at nokre poeng skal gå sjåarane forbi. Historia er omtrent utan overraskingar, skodespelet er (jamt over) middels, og dialogar og slikt er heilt på det jamne. Samstundes vart serien laga for å informera om jødeutryddingane under den andre verdskrigen, og spesielt i Tyskland hadde han same verknad om Røtter hadde i USA - innbyggjarane i desse to landa vart meir klar over si eiga historie.

Holocaust handlar om den velståande jødiske familien Weiss, som bur i Berlin. Faren er ein godt likt og dyktig dokter, men alt endrar seg etter at nazistane kjem til makta. Han og kona vert sende (attende) til Polen, der dei etter å ha engasjert seg i styringa av ghettoen vert sende til Auschwitz, der dei døyr. Den eldste sonen, kunstnaren Karl, døyr òg i Auschwitz, etter fyrst å ha vore lenge i Theresienstadt, der han mellom anna har laga regimekritiske teikningar. Dottera Anna vert valdteken av tre nazistar, og vert seinare gassa i hel på eit sanatorium. Den einaste som overlever er sonen Rudi, som tidleg flykta frå Berlin, og som lenge var med i motstandsrørsla i Aust-Europa.

Så møter me òg Inga Weiss, den ikkje-jødiske kona til Karl. Ho reiser friviljug til Theresienstadt, der ho overlever, og møter Rudi etter krigen. (Dei snakkar saman i fem minutt, før Rudi, som altså har mist heile familien sin, og som ikkje anar kva han skal gjera med resten av livet sitt, seier at "nei, eg får koma meg vidare".) Og me følgjer òg Erik Dorf, ein ambisiøs og arbeidslaus jurist som i mangelen på andre løysingar melder seg til teneste for nazistane midt i 30-åra, og som klatrar høgt opp i SS-systemet. Han er sleip og kald, og er langt meir oppteken av karriera si enn kva han faktisk er med på.

Serien er til tider keisam, og temaet er presentert langt betre i andre fjernsynsseriar, som t.d. Heimat. Likevel må det ha vore viktig at serien, som har lagt vekk alle kunstnarlege ambisjonar og i staden siktar seg rett inn i mainstreamen, faktisk fekk fortalt om dette til eit enormt publikum.

Guffen er lunken.

4. juli 2015

Night Passage (1957)

Alle filmar med James Stewart er i utgangspunktet verdt å sjå, men av og til vert også slike filmar krevjande å sjå. Opninga av denne filmen tyder på at det skal verta eit slit, men heldigvis tek det seg opp. Filmen opnar på eit jernbaneanlegg i Colorado, der dei tilsette ikkje har fått løn på fleire veker. Stewart spelar ein tidlegare jernbanetilsett, som no livnærer seg som trekkspelar. Han finn fram trekkspelet, og det som følgjer verkar som om det er meint som scener frå ein komedie. Og det finst jo knapt noko verre enn mislukka komikk.

Men det tek seg altså opp. Stewart vert invitert til eit møte med sjefen for anlegget, som bed han hjelpa til med å få lønspengane inn til arbeidarane. Dei to siste vekene har toget med løna vorte rana. Det vert det denne gongen òg, men ranarane finn ikkje pengane. Dei tek i staden kona til sjefen som gissel. Stewart ordnar opp, sjølvsagt, mellom anna ved hjelp av bror sin, som er ein av ranarane.

Guffen er lunken.

3. juli 2015

Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)

Dette har eg kanskje skrive før, men likevel: Eg har høyrt mykje på Nick Drake dei siste tretti åra. Eg fann samlekassetten Heaven in a Wild Flower på billegsal i London i oktober 1986, og vart hekta med ein gong. Året etter gav Arnfinn meg ein kort biografi, skriven av danske Gorm Henrik Rasmussen. Tre år seinare fann eg boksen Fruit Tree i ein platebutikk i Madison, Wisconsin, og eg har eit vagt minne om at eg strekte han over hovudet og jubla - lukkeleg over endeleg å ha funne denne boksen, som gav seg ut for å vera komplett. Det var han ikkje, berre nesten. Eg har lese fleire bøker om Drake dei siste åra, og har vel hatt ei kjensle av at også det feltet har vore komplett. Det var det ikkje. Berre nesten.

For denne boka set ein ny standard for bøker om Drake. Det er ein autorisert versjon, men det er likevel ei ærleg bok, som ikkje legg skjul på det dei andre bøkene har avdekka. Det er heller slik at denne boka går lengre i å forklara korleis Drake hadde det dei siste, vanskelege leveåra. Kvifor det gjekk som det gjekk er det heller ikkje her noko svar på.

For Drake hadde det tungt dei siste åra. Han gav ut to plater i 1969 og 1971 - begge er fabelaktige, begge selde lite. Drake vart asosial, han var deprimert, han prøvde ulike kurar, men gav dei fort opp. Det kom ei ny plate i 1972, men etter det greidde han ikkje skriva meir, korkje musikk eller tekstar, og når han endeleg kom seg i studio igjen i 1974 var det fordi Joe Boyd, som hadde produsert dei to fyrste platene hans, gav han klar beskjed om at han måtte skjerpa seg, og ikkje skusla vekk talentet sitt. Drake prøvde, han skreiv (minst) fem finfine songar, som han sjølv rett nok var misnøgd med. Han døydde av ein overdose i november 1974 - ingen veit om det var sjølvmord.

Denne boka går grundig inn i alle sider av livet hans. Dei han kjende i studietida, dei han reiste med i Frankrike og Marokko (der han møtte, og spelte for, The Rolling Stones), dei han laga plater saman med, familien - alle deler minna sine. I tillegg kjem han sjølv til orde, her er trykt ei rekkje brev han sende heim til foreldra.

To av desse kapitla peikar seg ut som dei mest interessante. Det mest gripande av dei alle er dagboksnotat faren skreiv dei siste åra Nick Drake levde, der han omtrent utelukkande skriv om korleis sonen oppfører seg, og om korleis han flyttar lengre og lengre inn i seg sjølv. Det er eit kapittel det er uråd å lesa utan å få klump i halsen, der foreldra prøver og prøver på å få kontakt med sonen, utan å lukkast noko større, sjølv om han faktisk bur heime hjå foreldra. Han er lett å irritera, han forsvinn gjerne i dagevis, og når han kjem tilbake har han ingen forklaring på kvar han har vore.

Det andre er eit langt essay skrive av Ian MacDonald. Han har mellom anna skrive den fabelaktige Revolution in the Head, ei bok om alle songane The Beatles gav ut, og i dette essayet er han endå betre. Han tolkar tekstar, prøver å forstå gitarspelet og komposisjonane til Drake, han set det inn i ein samtidskontekst, og han dreg liner mellom plater og songar som eg ikkje har sett før.

Her er òg reine faktabolkar, her er ei rekkje tidlegare upubliserte bilete, og det er i det heile ei bok der det er vanskeleg å finna noko å trekkja for. Det måtte einaste vera den irriterande fonten dei har brukt, der det, når bokstavane s og t kjem rett etter kvarandre, går ei line frå s-en til t-en.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)

Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

1. juli 2015

John Steinbeck: The Pearl (1947)

Denne var flott. Det er ein kort roman, som handlar om den gongen perledukkaren Kino fann den største perla i verda. Han og kona fabulerer om all velstanden dei no skal få - dei har råd til å gifta seg, dei skal få nye klede, og den eitt år gamle guten deira skal få gå på skule. Så viser det seg at perla ikkje fører med seg noko godt - perlekjøparene inne i byen spelar på lag, og seier alle at perla er for stor til å vera verdfull. Kino vil ikkje selja til dei, men han vert forsøkt rana, og på veg til storbyen vert han igjen forsøkt rana. Begge gongene endar det med dødsfall, den siste gongen er det sonen som døyr.

Romanen er kort, som sagt; historia kunne òg passert som novelle. Men Steinbeck er innom mange tema. Dei fattige vert utnytta, i dette tilfellet både av dokterar og perleoppkjøparar. Det nesten banale temaet om at det finst langt viktigare ting enn pengar og velstand vert òg presentert på ein framifrå måte. Og samhaldet blant dei fattige i småbyen til Kino kjem godt fram, det same kan ein seia om respekten Kino har for andre sin eigedom, og om det han arva frå far og bestefar.

Nokre av Steinbeck-bøkene eg har lese i år har nesten verka som hastverksarbeid, der språket ikkje er like levande og godt. Denne boka har eit glitrande språk.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)