3. juli 2015

Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)

Dette har eg kanskje skrive før, men likevel: Eg har høyrt mykje på Nick Drake dei siste tretti åra. Eg fann samlekassetten Heaven in a Wild Flower på billegsal i London i oktober 1986, og vart hekta med ein gong. Året etter gav Arnfinn meg ein kort biografi, skriven av danske Gorm Henrik Rasmussen. Tre år seinare fann eg boksen Fruit Tree i ein platebutikk i Madison, Wisconsin, og eg har eit vagt minne om at eg strekte han over hovudet og jubla - lukkeleg over endeleg å ha funne denne boksen, som gav seg ut for å vera komplett. Det var han ikkje, berre nesten. Eg har lese fleire bøker om Drake dei siste åra, og har vel hatt ei kjensle av at også det feltet har vore komplett. Det var det ikkje. Berre nesten.

For denne boka set ein ny standard for bøker om Drake. Det er ein autorisert versjon, men det er likevel ei ærleg bok, som ikkje legg skjul på det dei andre bøkene har avdekka. Det er heller slik at denne boka går lengre i å forklara korleis Drake hadde det dei siste, vanskelege leveåra. Kvifor det gjekk som det gjekk er det heller ikkje her noko svar på.

For Drake hadde det tungt dei siste åra. Han gav ut to plater i 1969 og 1971 - begge er fabelaktige, begge selde lite. Drake vart asosial, han var deprimert, han prøvde ulike kurar, men gav dei fort opp. Det kom ei ny plate i 1972, men etter det greidde han ikkje skriva meir, korkje musikk eller tekstar, og når han endeleg kom seg i studio igjen i 1974 var det forbi Joe Boyd, som hadde produsert dei to fyrste platene hans, gav han klar beskjed om at han måtte skjerpa seg, og ikkje skusla vekk talentet sitt. Drake prøvde, han skreiv (minst) fem finfine songar, som han sjølv rett nok var misnøgd med. Han døydde av ein overdose i november 1974 - ingen veit om det var sjølvmord.

Denne boka går grundig inn i alle sider av livet hans. Dei han kjende i studietida, dei han reiste med i Frankrike og Marokko (der han møtte, og spelte for, The Rolling Stones), dei han laga plater saman med, familien - alle deler minna sine. I tillegg kjem han sjølv til orde, her er trykt ei rekkje brev han sende heim til foreldra.

To av desse kapitla peikar seg ut som dei mest interessante. Det mest gripande av dei alle er dagboksnotat faren skreiv dei siste åra Nick Drake levde, der han omtrent utelukkande skriv om korleis sonen oppfører seg, og om korleis han flyttar lengre og lengre inn i seg sjølv. Det er eit kapittel det er uråd å lesa utan å få klump i halsen, der foreldra prøver og prøver på å få kontakt med sonen, utan å lukkast noko større, sjølv om han faktisk bur heime hjå foreldra. Han er lett å irritera, han forsvinn gjerne i dagevis, og når han kjem tilbake har han ingen forklaring på kvar han har vore.

Det andre er eit langt essay skrive av Ian MacDonald. Han har mellom anna skrive den fabelaktige Revolution in the Head, ei bok om alle songane The Beatles gav ut, og i dette essayet er han endå betre. Han tolkar tekstar, prøver å forstå gitarspelet og komposisjonane til Drake, han set det inn i ein samtidskontekst, og han dreg liner mellom plater og songar som eg ikkje har sett før.

Her er òg reine faktabolkar, her er ei rekkje tidlegare upubliserte bilete, og det er i det heile ei bok der det er vanskeleg å finna noko å trekkja for. Det måtte einaste vera den irriterande fonten dei har brukt, der det, når bokstavane s og t kjem rett etter kvarandre, går ei line frå s-en til t-en.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink Moon (2012)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar