Viser innlegg med etiketten Drake. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Drake. Vis alle innlegg

13. september 2023

Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

Til neste år er det femti år sidan Nick Drake tok livet sitt. Han vart berre 26 år gamal. I år er det altså 75 år sidan han vart fødd, og denne boka er ein strålande måte å heidra minnet hans på. Boka er fabelaktig.

Det har vore skrive gode bøker om Drake før, men Jack tek det heile til eit nytt nivå. Den opplagte samanlikninga er å nemna Mark Lewisohn. Jack går grundig til verks, og når han i tillegg har fått tilgang til kjelder ingen andre har brukt, vert resultatet ei bok som vert ståande. Boka er fabelaktig.

Musikken til Nick Drake er òg fabelaktig. Den fyrste av dei tre LP-ane han gav ut kom i 1969. Den selde ikkje spesielt mykje, og det gjorde heller ikkje LP nummer to, som kom året etter. Ein viktig grunn, som Jack kjem tilbake til fleire gonger, er at Drake slutta å spela offentleg rundt 1970. Han hadde ei høg stjerne hjå mange av dei som høyrde platene hans, men han var stort sett usynleg. Det kan ha vore dette som knekte han. Han slutta ved Cambridge, der han rett nok ikkje hadde lagt altfor mykje vekt på studiane, og gjekk nesten i isolat. Han vart sjukare og sjukare, budde mykje heime hjå foreldra utanfor Birmingham, og fekk mindre og mindre kontakt med vener og kjende. Den tredje plata hans kom i 1972, og stemninga på plata var så tung at fleire vart sjokkerte. Plata er likevel fabelaktig. 

Jack går grundig gjennom heile livet til Drake. Den siste delen av boka er tung å lesa; dei mange sitata frå breva hans og dei endå fleire sitata frå dagbøkene til faren viser kva veg det gjekk. Fleire gonger sat eg med klump i halsen. Drake var ein stor musikar, men sjukdomen (truleg ein variant av schizofreni) hemma han så mykje at han ikkje fekk det til meir. Og det at han ikkje fekk det til meir gjorde òg at livet hans vart endå vanskelegare. Andre bøker og journalistar har undra seg om dødsfallet hans kanskje var eit uhell; denne boka viser at det var planlagt. 

Boka har undertittelen "The Life". Andre biografiar har gjerne undertittelen "A Life", for å opna opp for at det kan finnast fleire tolkingar av livet dei skriv om. Å bruka "The Life" kan verka litt ambisiøst og sjølvsikkert, men akkurat her gjev det meining. For ei fabelaktig bok.

Guffen tilrår. 

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)

Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)

3. juli 2015

Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)

Dette har eg kanskje skrive før, men likevel: Eg har høyrt mykje på Nick Drake dei siste tretti åra. Eg fann samlekassetten Heaven in a Wild Flower på billegsal i London i oktober 1986, og vart hekta med ein gong. Året etter gav Arnfinn meg ein kort biografi, skriven av danske Gorm Henrik Rasmussen. Tre år seinare fann eg boksen Fruit Tree i ein platebutikk i Madison, Wisconsin, og eg har eit vagt minne om at eg strekte han over hovudet og jubla - lukkeleg over endeleg å ha funne denne boksen, som gav seg ut for å vera komplett. Det var han ikkje, berre nesten. Eg har lese fleire bøker om Drake dei siste åra, og har vel hatt ei kjensle av at også det feltet har vore komplett. Det var det ikkje. Berre nesten.

For denne boka set ein ny standard for bøker om Drake. Det er ein autorisert versjon, men det er likevel ei ærleg bok, som ikkje legg skjul på det dei andre bøkene har avdekka. Det er heller slik at denne boka går lengre i å forklara korleis Drake hadde det dei siste, vanskelege leveåra. Kvifor det gjekk som det gjekk er det heller ikkje her noko svar på.

For Drake hadde det tungt dei siste åra. Han gav ut to plater i 1969 og 1971 - begge er fabelaktige, begge selde lite. Drake vart asosial, han var deprimert, han prøvde ulike kurar, men gav dei fort opp. Det kom ei ny plate i 1972, men etter det greidde han ikkje skriva meir, korkje musikk eller tekstar, og når han endeleg kom seg i studio igjen i 1974 var det fordi Joe Boyd, som hadde produsert dei to fyrste platene hans, gav han klar beskjed om at han måtte skjerpa seg, og ikkje skusla vekk talentet sitt. Drake prøvde, han skreiv (minst) fem finfine songar, som han sjølv rett nok var misnøgd med. Han døydde av ein overdose i november 1974 - ingen veit om det var sjølvmord.

Denne boka går grundig inn i alle sider av livet hans. Dei han kjende i studietida, dei han reiste med i Frankrike og Marokko (der han møtte, og spelte for, The Rolling Stones), dei han laga plater saman med, familien - alle deler minna sine. I tillegg kjem han sjølv til orde, her er trykt ei rekkje brev han sende heim til foreldra.

To av desse kapitla peikar seg ut som dei mest interessante. Det mest gripande av dei alle er dagboksnotat faren skreiv dei siste åra Nick Drake levde, der han omtrent utelukkande skriv om korleis sonen oppfører seg, og om korleis han flyttar lengre og lengre inn i seg sjølv. Det er eit kapittel det er uråd å lesa utan å få klump i halsen, der foreldra prøver og prøver på å få kontakt med sonen, utan å lukkast noko større, sjølv om han faktisk bur heime hjå foreldra. Han er lett å irritera, han forsvinn gjerne i dagevis, og når han kjem tilbake har han ingen forklaring på kvar han har vore.

Det andre er eit langt essay skrive av Ian MacDonald. Han har mellom anna skrive den fabelaktige Revolution in the Head, ei bok om alle songane The Beatles gav ut, og i dette essayet er han endå betre. Han tolkar tekstar, prøver å forstå gitarspelet og komposisjonane til Drake, han set det inn i ein samtidskontekst, og han dreg liner mellom plater og songar som eg ikkje har sett før.

Her er òg reine faktabolkar, her er ei rekkje tidlegare upubliserte bilete, og det er i det heile ei bok der det er vanskeleg å finna noko å trekkja for. Det måtte einaste vera den irriterande fonten dei har brukt, der det, når bokstavane s og t kjem rett etter kvarandre, går ei line frå s-en til t-en.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)

Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

19. desember 2014

Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)

Denne boka opnar veldig rart. Forfattaren meiner at det Nick Drake stod for var noko essensielt engelsk, og prøver å stadfesta det gjennom fleire sitat. Her vert Drake omtala som engelsk, utan at dei siterte har sagt at han stod for noko som var engelsk. Tekstane til Drake er så godt som frie for referansar til stadar i England, det han skriv om er menneske, og i alle fall for meg er det det vesentlege i tekstane. Eg kan ha tenkt på England når Drake syng, men ikkje av andre grunnar enn at han var engelsk, og at han song på engelsk.

Utover i boka vert ikkje argumentasjonen betre. Det verkar som om Wiseman-Trowse gjer det han kan for å finna moment som kan stø opp om den sjanglande hypotesa hans, utan å imponera noko større. Heile boka er altså skriven med eit altfor snevert utgangspunkt.

Men likevel - her er mykje å gle seg over. Innimellom alle freistnadene på å knyta Drake tett til England kjem det fine omtalar av musikken hans, både nyskrivne av Wiseman-Trowse, og omtalar skrivne av andre.

Guffen er lunken.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)

Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

22. april 2012

Gorm Henrik Rasmussen: Pink Moon (2012)

Nick Drake er eit klassisk eksempel på korleis interessa for ein musikar vert langt større etter at han er død. Her skulle det rett nok ikkje så mykje til, han var så godt som ukjend då han døydde i 1974. Han hadde gitt ut tre plater, som alle er glimrande, og som alle selde relativt lite. Musikken hans var ikkje spesielt lystig i utgangspunktet, men etter at det gjekk dårleg med dei to fyrste platene, vart Drake langt tyngre til sinns. Han sleit med store depresjonar, gjekk på ulike medisinar, isolerte seg frå venene sine, og kan ha teke livet sitt.

Eg vart kjend med han gjennom Nye Takter, der Svein Paulsen skreiv ein lang artikkel om han midt i 80-åra. Eg kjøpte samlekassetten Heaven in a Wild Flower i London i 1986, og vart hekta. Året etter gav Arnfinn meg boka Pink Moon: Sangeren og sangskriveren Nick Drake. Dette var den fyrste boka om Drake, skriven av den danske diktaren Gorm Henrik Rasmussen. Boka vart aldri omsett til engelsk, men i år kom ho ut på nytt, sterkt endra og utvida.

Det har kome andre bøker om Drake i mellomtida, men dette er den einaste boka der forfattaren har intervjua foreldra til Drake. Han fekk eit nært forhold til dei, dei var imponerte over og glade for at nokon ville skriva ei bok om son deira. Han fekk kopiar av ikkje-utgitte songar, vitja dei nokre gonger, og hadde kontakt med dei så lenge dei levde. Han har òg intervjua andre av dei som stod Drake nær.

Det er likevel ikkje desse intervjua som gjer dette til ei finfin bok. Rasmussen skriv uvanleg godt om songane til Drake. Han legg spesielt vekt på tekstane, som han tolkar og forstår på ein særs meiningsfull måte. Han skriv om korleis Drake var glad i å bruka ord som "dream" og "rain", og korleis mange av tekstane skildrar noko som kan vera ei draumeverd.

Boka kjem altså rundt 25 år etter at boka på dansk kom ut. Rasmussen er like glad i musikken til Drake framleis, og dette kjenner eg meg godt igjen i. Vert ein fyrst glad i Nick Drake, slepper han ikkje taket.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)

12. juli 2011

Jason Creed: Nick Drake. The Pink Moon Files (2011)

Nick Drake må vera den musikaren eg har høyrt mest og lengst på. Eg las ein artikkel om han i Nye Takter midt i 80-åra, og forstod fort at dette var noko for meg. I 1986 fann eg samlekassetten Heaven In A Wild Flower på sal i London, og nokre år seinare fann eg samleboksen Pink Moon i ein platebutikk i Wisconsin - eg trur eg jubla då eg såg han. Då eg ti år seinare omsider kjøpte meg CD-spelar, vart Drake raskt den einaste eg hadde komplett både på LP og CD.

Han fekk ikkje noko lang karriere. Han døydde i 1974, 26 år gamal, og hadde då gitt ut tre LP-ar. I alt spelte han inn rundt 40 songar. Dei fleste av desse er aldeles fortreffelege. Han er ein suveren gitarist, og skreiv òg flotte, flotte tekstar. Det går mykje i moll, og det er ikkje spesielt lystige tekstar - han verkar rimeleg ærleg, og skriv til dømes om korleis han slit med å ha kontakt med andre menneske - "if songs were lines in a conversation / the situation would be fine". Han var sterkt deprimert mot slutten av livet, og døydde av ein overdose anti-depressiva. Ingen veit om det var sjølvmord eller ikkje. Dei som stod han nærmast meiner at det må ha vore eit uhell, sidan han var i betre humør enn på lenge.

Jason Creed gav ut Nick Drake-fanzina Pink Moon frå 1994, det kom i alt nitten nummer. Eg hugsar at eg såg lysingar for denne i engelske musikkblad, og det undrar meg litt at eg ikkje skreiv og tinga nokre nummer. Det hadde vore likt meg, eg har gjort det ved andre høve, når eg har sett fanziner om andre eg har sett høgt. I denne boka har han samla ei rekkje artiklar frå fanzina, og det er eit godt plaster på såret. Han har samla artiklane i fleire bolkar - plater, bøker, personlege minne, film og fjernsyn, psykologi, innspelingar, hyllingskonsertar, og Tanworth-in-Arden. Det siste var heimbyen hans, og heimen hans var lenge ein valfartsstad for Drake-fans. Foreldra hans sette merkeleg nok pris på dette, dei besøkande vart inviterte inn, fekk ein kopp te, fekk kopiar av sjeldne Drake-opptak, og fekk sjå rommet der han døydde.

Artiklane er skrivne av mange forfattarar, så det vert ein del repetering, og av og til ulike versjonar av den same hendinga. Det gjer ikkje så mykje, det vert meir personleg og ekte slik det er no. Creed skriv korte innleiingar til kvar bolk, og det som står der er truleg det korrekte. Ein av Drake-mytane seier at trass i glimrande platemeldingar selde han omtrent ingen plater medan han levde. Det er sant at han selde svært lite, men platemeldingane var ikkje spesielt glimrande. Meldinga av debutplata Five Leaves Left i Melody Maker var til dømes kort og grei - "All smokers will recognize the meaning of the title - it refers to the five leaves near the endof a packet of cigarette papers. It sounds poetic and so does composer, singer and guitarist Nick Drake. His debut album for Island is interesting".

I fanzina tok Creed med artiklar frå andre publikasjonar, og mange av desse er òg med her, mellom anna det einaste intervjuet Drake gjorde. Det var kort, og journalisten får ros frå den presseansvarlege ved platekompaniet - han meinte at det var sterkt å få så mykje ut av ein halvtime der Drake berre sa to einstavingsord.

Det er ei flott bok, som utfyller dei andre bøkene som er skrivne om Drake. Og innimellom alt det andre vert det òg fortalt at familien vil gje ut ein Drake-biografi seinare i år. Det kan verta ein litt for autorisert biografi, men sidan dei stort sett ikkje har late seg intervjua av dei andre biografane, kan det koma fram noko nytt der òg. Eg gler meg.

Guffen tilrår.

Meir Nick Drake på kulturguffebloggen
Gorm Henrik Rasmussen: Pink moon (2012)
Nathan Wiseman-Trowse: Nick Drake. Dreaming England (2013)
Cally Callomon og Gabrielle Drake (red.): Nick Drake. Remembered For A While (2014)
Richard Morton Jack: Nick Drake. The Life (2023)