Dei siste seks skuleåra har eg jamleg vore på skuleturnéar saman med Runar. Me har snakka med ungdomsskuleelevar om språk, og har vore i dei fire vestlandsfylka og tre av austlandsfylka. Timane med elevar har stort sett vore artige og gjevande, sjølvsagt, elles hadde me gitt oss for lenge sidan, men me har òg hatt det bra resten av tida. Mykje bilkøyring, mange ferjeturar, mange hotellfrukostar, og mange filmar på kveldstid. Desse turane tek slutt i morgon, etter nesten 250 framsyningar gjev eg meg, medan han held fram med ein ny turkamerat. Det er litt trist.
Runar er ein slik som heile tida tilrår film og musikk og slikt. Ein kveld for nokre år sidan, av ein eller annan grunn trur eg me var i Sogndal, meinte han at eg burde høyra på ein CD han hadde med komikaren Mitch Hedberg. Eg var lunken, det skal mykje til at komikarar får meg til å le. Men her lo eg godt alt av den fyrste vitsen: "I haven't slept for ten days, because that would be too long." Han lirar gjerne av seg slike one-liners i eit rasande tempo.
Den vitsen er typisk for Hedberg. Han leikar mykje med språket, som til dømes i klassikaren "I used to do drugs. I still do, but I used to, too." Den er kanskje endå meir typisk for Hedberg, han vitsar mykje med sin eigen dopbruk. Det var den som til slutt tok knekken på han, han døydde av ein overdose i 2005. Då hadde han gitt ut to CD-ar; tre år seinare kom ein til.
Det finst ei rekkje opptak av Hedberg på nettet. Dei viser ein komikar som både trivst og mistrivst på scena. Han skjelv på hendene, han kvir seg for å sjå på publikum, sjølv om dei likar det dei høyrer. Dei opptaka såg eg seinare; den fyrste kvelden (som eg altså trur var i Sogndal) låg eg på senga med denne CD-en i høyretelefonar. Eg trur eg lo til eg grein. Originale observasjonar, gode ordspel, og vitsar der han fortel om seg sjølv.
Mitch Hedberg er ein suveren komikar. Å skriva ned vitsane hans vert ikkje det same som å høyra dei, men likevel - her er nokre godbitar: "I'm against picketing, but I don't know how to show it." "Last night I helped my friend stay put. It's a lot easier than helping someone move. I just went over to his house and made sure that he did not start to load shit into a truck." "I don't own a cell phone or a pager. I just hang around everyone I know all the time."
Guffen tilrår.
Viser innlegg med etiketten arkivet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten arkivet. Vis alle innlegg
18. april 2013
29. desember 2012
Frå arkivet: Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue (1977)
Dennis Wilson kom litt i skuggen av broren Brian. Begge var med i Beach Boys frå starten av, men det var Brian som vart den musikalsk dominerande. Dennis skreiv òg musikk for Beach Boys, var ein svært habil vokalist, og spelte fleire instrument, men var likevel stort sett sett på som ein av brørne til Brian. Hovudinstrumentet hans var trommer.
Han var den største hippien i gruppa. Han levde eit fritt liv, han var den einaste som surfa, han hadde nær kontakt med Charles Manson, og han fekk etter kvart eit stort alkoholproblem. Han drukna i 1983, seks år etter at denne plata kom ut.
Pacific Ocean Blue var den fyrste soloplata til ein av medlemmane i Beach Boys. Ut frå musikken her er det ingenting som hintar om at Wilson var med i Beach Boys. Tekstane er meir alvorlege, musikken er melankolsk, og her er det nok pianoet som ber mykje av musikken. Beach Boys kunne òg vera alvorlege, sjølvsagt, men der dei i hovudsak var lystige, er altså dette litt tyngre.
Det er intenst og inderleg. Han syng om folk som står han nær, ein av dei songane eg likar best er eit av bonusspora, "Only With You", der teksten er på grensa til det banale, men der framføringa til Wilson er så naken og ærleg at det er gripande og vel så det. Men det er ikkje den einaste godbiten, eg lasta nyleg inn heile bonus-CDen på telefonen min, og kvar gong det dukkar opp ein song herfrå, vert eg slått av kor bra det heile er.
Guffen tilrår.
Meir Beach Boys på kulturguffebloggen
Steven Gaines: Heroes & Villains (1986)
Charles L. Granata: I Just Wasn't Made for These Times (2003)
Beautiful Dreamer. Brian Wilson and the Story of "Smile" (2004)
Luiz Sanchez: Smile (2014)
Brian Wilson og Ben Greenman: I am Brian Wilson (2016)
Mike Love og James S. Hirsch: Good Vibrations. My Life as a Beach Boy (2016)
Brian Wilson. Long Promised Road (2021)
David Leaf: God Only Knows (2022)
Beach Boys (2024)
David Leaf: Smile. The Rise, Fall and Resurrection of Brian Wilson (2025)

30. august 2012
Frå arkivet: My Bloody Valentine: Loveless (1991)
Sommaren 1987: Eg er på Hultsfred-festivalen i Sverige, fyrst og fremst for å intervju det glimrande svenske punkbandet Puke. Men festival er festival, og der var fleire gode konsertar. I festivalavisa vart det irske bandet My Bloody Valentine hypa opp i skyene, så eg la vegen innom teltet dei spelte i. Der vart eg ikkje lenge - lydnivået var ekstremt høgt, og eg fekk absolutt ingenting ut av det. Det var berre lyd.
Eg tok omtrent same vegen inn i denne plata. Loveless kom i 1991, men det tok mange år før eg kjøpte ho, truleg på grunn av den dårlege opplevinga i Sverige. Lydnivået kunne eg justera sjølv fyrste gong eg høyrde plata, men dei fyrste gongene var det berre gitarar. Høge gitarar. Vokalen låg lengre ned i lydbiletet, det var gitarane som dominerte. Men etter kvart som eg høyrde meir på plata, skjedde det som gjerne skjer. Fram frå alle gitarane trilla det fram den eine fengande melodien etter den andre. Trilla? Nja, eg sa trilla, eg kunne like gjerne sagt trylla, i alle fall viss eg hadde skrive om resten av setninga litt. Etter kvart som melodiane kom fram, likte eg plata meir og meir.
Musikken er gjerne gyngande, i mangel på eit anna ord. Aller best er gynginga på den siste songen på plata, "Soon". Her gyngar alt - trommer, bass, og dei mange gitarane på toppen. Det gyngar, det svingar, det fengar, og "Soon" er ein av desse songane som er perfekte som avslutning på ei plate: Du har ikkje lyst til å høyra på noko anna - du har berre lyst til å høyra den same plata ein gong til. Og før me kjem til "Soon" igjen, har me gynga oss gjennom ei rekkje andre fengande songar.
Kva skjedde etterpå? Fint lite. Det vart vanskeleg for bandet å følgja opp eit slikt meisterverk, og etter seks år med sporadiske konsertar og lite vellukka turar til studio, tok bandet ein pause i 1997. Dei kom saman igjen ti år seinare, og turnerer av og til. Men sjølv om det jamleg går rykte om at no er dei snart klare med oppfølgjaren, har dei enno ikke gitt ut oppfølgjaren til Loveless.

14. februar 2012
Frå arkivet: The Beste: En sang for åtte kroner, en lomme full av rusk, og firogtjue troster i damens rosenbusk (1985)
Dette har eg sagt før: Det var mykje bra med Morgenbladet-kåringa i fjor, men det var òg mykje mindre bra. At eg ville hatt nokre plater høgare oppe og andre lengre nede er ein ting, verre er det at nokre artistar mangla heilt. Det aller verste var at denne plata ikkje var med. Gode forklaringar er vanskeleg å sjå - det kan ha spelt inn at plata ikkje kom på CD før etter at kåringa var over, og at ho altså ikkje har vore tilgjengeleg på tjuefem år.
Ein gong midt i 1990-åra brukte ein journalist i Arbeiderbladet uttrykket "De fire store" om DeLillos, DumDum Boys, Raga Rockers og Jokke & Valentinerne. Omgrepet har festa seg, og vert til og med brukt av banda sjølv, i Kjøtt-boka til Bernt Erik Pedersen omtalar Michael Krohn dei fire gruppene som dei fire store. For meg er det ein meiningslaus påstand, ein kan ikkje berre gje ord ny meining på den måten der. Viss dette er dei fire store, måtte jo ordet "stor" tyda noko slikt som "heller kjedelege band som ikkje har noko interesse av å fornya seg, men som likevel er rimeleg populære". I hovudet mitt er der berre tre store band i norsk rock, Motorpsycho, Jaga Jazzist og The Aller Værste!
Dei to fyrste av desse er med av openberre grunnar. TAV! hadde ei heller kort karriere, men ho var likevel full av glimrande musikk, og etter at dei vart oppløyst var medlemmane med i ei rekkje spanande prosjekt. Dette er det mest vellukka av dei. Tre frå TAV!, Lasse Myrvold, Sverre Knudsen og Harald Øhrn, fekk med seg Kjartan Kristiansen (Wannskrækk) og Sven Kalmar (Holy Toy m.m.), og spelte inn ei plate med musikk som var heilt annleis enn det dei hadde gjort før, men der slektskapen var lett å finna.
Slektskapen var kanskje tydelegast i tekstane. TAV! hadde gode tekstar, og her er dei endå betre. Dei syng om andre emne, her syng dei i langt større grad om menneskelege samanhengar. For Lasse Myrvold, ein av dei finaste tekstforfattarane i norsk musikk, handlar det gjerne om forholdet mellom fedre og ungar, tre av songane hans her er "Sønner av eldre menn", "Pappa til alle pappaer" og "Øksen ligger på bordet", som har ein aldeles glimrande tekst. Rundt tekstane er det gitarar, litt tangentar, og nokre avslappa trommer, men instrumenta held seg heile tida i bakgrunnen. Så fort vokalisten tek ordet dempar dei seg, heilt til han tek ein pause. Det er i det heile ei uventa lågmælt plate, ut frå den bakgrunnen dei fem har. Dei to minst lågmælte songane er dei to med tekst og vokal av Kristiansen, mellom anna den finfine "Het dag i juli".
Plata kom nyleg ut på CD, saman med andrealbumet Blått. Det er ikkje like godt, men denne plata held framleis mål og vel så det.
Guffen tilrår.
Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

27. september 2011
Frå arkivet: Kirsty MacColl: Titanic Days (1993)
Det er rart. Nokre plater berre snik seg innpå deg, og slepper aldri taket. Eg hugsar ikkje kven som fyrst spelte MacColl for meg, truleg var det Dina. I alle fall var det plater eg vart glad i - fyrst Kite, og seinare denne. Begge er gode, denne er hakket betre.
Det er snill og god popmusikk, dette. Plata har eit godt og ope lydbilete, som er dominert av stemma til MacColl. Det er denne, og orda ho syng, som fengar sterkast. Tekstane er stort sett glimrande. Ho bruker eit enkelt språk, men seier likevel langt meir enn dei orda ho bruker. Det vert hinta om både gode og mindre gode dagar. Det vanlegaste er kanskje at ho tenkjer tilbake på langt betre dagar.
Det var eigentleg berre det. Ei finfin plate eg har høyrt på i nesten tjue år.
Kva skjedde etterpå? Dei neste platene hennar høyrde eg mindre på, men eg fekk ikkje spesielt mykje ut av det. Ho samarbeidde mykje med andre musikarar, både før og etter denne plata, men gav òg ut eigne plater. I 2000 vart ho påkøyrd av ein båt i Mexico, og døydde av skadene.

Etikettar:
arkivet,
musikk,
Storbritannia
14. juni 2011
Frå arkivet: Fugazi: Fugazi (1988)
Eg las nyleg Our Band Could Be Your Life, ei fin bok om amerikansk undergrunnsmusikk i 80-åra. Der skriv forfattaren mellom anna mykje og godt om Fugazi, som eg høyrde mykje på rundt 1990. One thing led to another osb.
Eg er som vanleg ikkje heilt sikker, men eg trur eg var på konsert med dei før eg høyrde dei på plate. Fugazi er frå Washington DC. Dina budde litt utanfor byen, og var ofte på konsertar der. Eg trur eg såg dei fyrste gong våren 1989, og likte det eg såg. Eg hadde sikkert fått ei kort innføring i kven som var med, med det var stort sett berre namn for meg. At den eine av vokalistane hadde vore med i Minor Threat var for meg berre ei nyttig opplysning, eg hadde aldri noko forhold til det bandet.
Dette var uansett noko heilt anna. Der Minor Threat var rein aggresjon, var musikken til Fugazi langt meir samansett. Her er sinte gitarar og tidvis sint synging, men slettes ikkje alltid. Og under og rundt vokal og gitar dansar ein lettbeint og lystig bass, som saman med nokre trommer som er langt meir varierte enn vanleg var i punken gjev musikken eit anna og meir spanande fundament.
Slik er det òg på denne plata, den fyrste dei gav ut. Her er berre sju songar, på den neste var det berre seks, og dei vart seinare utgitt som ein samle-CD. Opningssporet er den beste songen dei nokon gong gav ut, "Waiting Room". Det opnar med ein leikande bass, trommene kjem inn, gitarane kjem inn, og så stoppar det berre. Heilt. Fire-fem sekund utan lyd, og så er det i gang for alvor. Kva eller kven Ian MacKaye ventar på seier seg ikkje sjølv, eg trur han har sagt at det handlar om tida etter Minor Threat, der han venta på å koma inn i eit nytt band, men er slettes ikkje sikker.
Det er klarare kva to av dei andre store høgdepunkta på plata handlar om. I "Give Me the Cure" er eg-personen ein AIDS-sjuk mann som ventar på ein medisin. Han treng ikkje vita kvifor eller kvar sjukdomen kom frå, han vil heller ha ein medisin. "A Reason? Good God, I don't need a Reason". I "Suggestion" er eg-personen ei kvinne som gjerne vil gå gjennom gatene utan at alle menn vurderer ho fysisk. Det er rimeleg effektfullt i utgangspunktet, altså at ein sterk og sint vokalist skrik desse orda ut, men det var endå sterkare å høyra songen på ein konsert med kvinneleg gjestevokalist.
Det er av og til på nippet til å vera overtydeleg, og plata kan kanskje verka som ei lærebok i korleis Fugazi meiner at ein skal leva livet sitt. Sjølv har eg ikkje noko problem med det, dei har fornuftige meiningar, og av og til kan det vera greitt å vera overtydeleg. Det kjem jo litt an på kva publikum ein har, og på den tida kunne mange punk-konsertar framleis vera valdelege.
Kva skjedde etterpå? Fugazi la grunnlaget for suksessen til Fugazi. Dei vart (og var) eit viktig band, der dei stod for gode haldningar som vart spreidd til svært mange. I boka eg nemnde over står det at dei har selt over to millionar plater, og det var altså for ti år sidan. Denne plata er den beste dei gav ut, nærmast kjem dei på Repeater (1990). Dei turnerte over heile verda, og gav ut plater gjennom heile 90-åra. Den siste kom i 2001, og bandet har hatt pause sidan 2003.

Meir Fugazi på kulturguffebloggen
Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (2007)
Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)
Joe Gross: In on the Kill Taker (2018)
Glen E. Friedman: Just a Minor Threat (2023)
17. november 2010
Frå arkivet: The Go-Betweens: Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
Sommaren 1989 budde eg saman med Dina i København, i husveret til bror min. Ingen av oss hadde jobb, og ingen av oss hadde pengar, slik at me var mykje heime. Me høyrde sjølvsagt mykje på musikk, og denne plata var ein gjengangar. Om og om igjen, like bra heile tida.For dette er ei av dei aller, aller beste platene som er gitt ut. Det er pop slik pop skal vera. Fire medlemmer i bandet, to gitarar, bass og trommer. Ti songar på plata, dei fleste av desse er rundt tre og eit halvt minutt. Gitarane dominerer, slik det skal vera, men med passelege mellomrom dukkar det opp nokre strykarar og tangentar.
Dei to som var The Go-Betweens var dei to gitarist-vokalistane Robert Forster og Grant McLennan. At McLennan vart musikar kan ikkje vera overraskande, etternamnet hans luktar jo McCartney/Lennon lang veg. Og det er altså pop det handlar om, glad og melankolsk pop.
Plata opnar med den ekstremt fengande "Spring Rain". Denne songen har, som alle andre songar på plata, ein flott og visuell tekst. Eg trur det er Forster som syng her, og han syng om noko som minner om eit slektstreff. Han passar i alle fall ikkje inn: "these people are excited / by their cars". Songen har eit todelt vers - i den fyrste halvdelen vekslar dei mellom to akkordar, i den siste halvdelen er det nok med éin. Så kjem det eit aldeles fortreffeleg refreng.
Med ei slik opning må nivået gå litt ned på dei følgjande songane. Det gjer det òg, men det er framleis klasse over det som vert servert. Den neste toppen kjem tidleg på side 2, songen "Head Full of Steam". Her er det ringlande gitarar overalt. Eg-personen fortel om ei jente han aldri vart godt nok kjend med, og igjen er teksten full av glimrande tekstliner. Smak til dømes på "Her father works / Her mother works in imports / but that's of no importance at all" eller "She plays hard to get / along with 'she might drop by' / She's never had a nickname / But then, nor have I".
Innimellom desse to meisterverka, som i USA vart gitt ut som A- og B-sida på ein singel, kjem det altså ei rekkje andre flotte, flotte songar. Plata vert avslutta med "Apology Accepted", som eg ikkje likte spesielt godt i gamle dagar, men som veks og veks og veks. Nokre tangentar ligg og lurer, songen er flott oppbygd, og også her er det minneverdige tekstliner. "Such a simple question / I pretented I was sleeping". Plater som sluttar slik får du lyst til å høyra om att. Og om att.
Kva skjedde etterpå: Gruppa vart opplyst rundt 1990. Eg såg dei i New York i 1989. I 1991 la McLennan og Forster ut på turne som duo, og etter eit langt opphald der dei gav ut plater kvar på sin kant kom dei saman att i 2000, med ny bassist og ny trommeslagar. Eg såg dei i i Oslo i 1991 og 2003. Dei er det einaste utanlandske bandet eg har sett i tre ulike tiår, og den siste konsterten, i 2003, var uvanleg solid. Dei var svært sikre på kven dei var, dei visste at dei hadde gode songar, og då Forster drog opningsriffet til "German Farmhouse" er det den mest komiske gitarspelinga eg har sett.
Dei kom med nye plater, og i 2005 kom eit nytt meisterverk, Oceans Apart, med den usannsynleg flotte "Finding You". Det er uvanleg at eit band kan gje ut to så gode plater med nitten års mellomrom, men dei som venta på endå meir flott musikk fekk ikkje meir herfrå: I 2006 døydde McLennan brått. Eg fekk klump i halsen då eg las den vesle notisen i Aftenposten, og slik er det framleis. Nokre folk skulle ikkje døy.
Guffen tilrår.
Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Klaus Walter: The Go-Betweens, The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)
21. oktober 2010
Frå arkivet: Lotion: Nobody's Cool (1995)
Midt i 90-åra var den engelske musikkscena rimeleg uinteressant. Det var Britpop opp og ned og i mente, og den musikkretninga handla heller lite om musikk. Kva artistane dreiv med var like viktig som musikken. Eg anar ikkje om blad som Select og Vox dukka opp parallelt med Britpop, men eg har ei kjensle av at dei dyrka Britpop-banda som om dei skulle frelsa verda. Denne engelske nedturen var skuffande for ein som meg, som lenge hadde hevda at musikklivet i England var betre enn det i USA. Det må ha vore omtrent på denne tida at eg merka at eg høyrde langt meir på amerikansk musikk. Mange av dei nye gruppene eg plukka opp, som Lotion, var amerikanske. Lotion heldt til i New York.
Ein av platebutikkane i Bergen, eg hugsar ikkje lenger kva han heitte, selde eldre utgåver av Vox og Select, til langt under halv pris. Av og til gjekk eg innom og kjøpte ei lita bunke, av og til dukka det jo opp noko av interesse. I eitt av desse blada var det ei kort melding av denne plata, og ein av setningane der var nok til at eg merka meg plata, og at eg kjøpte ho nokre dagar seinare. Setningen hadde ingenting med musikk å gjera, det stod berre noko om at sjølvaste Thomas Pynchon hadde skrive ein tekst til omslaget. Det var nok for meg, sjølv om det ikkje gjorde noko at musikken høyrdest lovande ut.
Plata rockar. Det er eitt stort øs heile vegen, ikkje eit massivt og tungt øs, men eit skranglande og sjarmerande øs. Hm. Det høyrdest litt rart ut. Eg prøver igjen - det er mykje gitarar på plata. Dei er skeive, dei går rundt kvarandre, og med nokre få unntak er songane svært energiske. Det er intelligente tekstar, det er oppfinnsame rytmar, og det heile fungerer svært godt. Songane handlar om det vanlege, hadde eg nær sagt - det er mykje om damer, det er mykje om oppvekst og ungdom, og det er litt om vald. Ein av dei merkelegaste songane er "Sandra", der hovudpersonen er ein mann som er dømt til å halda seg minst femti fot vekke frå Sandra, som er alt han kan tenkja på.
Der er altså nokre unntak. Der er ofte éin song som ikkje burde vore med, og her er det "Precious Tiny", ein song som varer i nesten ti minutt. Det er ingenting i vegen for at songar kan vera lange, sjølvsagt, men då må det skje noko i dei. I dette tilfellet går bandet tomme for idear heller tidleg.
Eg høyrde mykje på denne plata då ho kom, og drøymde til og med om ho om natta. I ein draum innsåg eg (ikkje uventa) at tittelen var eit ordspel på uttrykket "nobody's fool", og i same draumen innsåg eg brått at også tittelen på debutplata deira, "Full Isaac" var eit ordspel på eit anna uttrykk. Då eg vakna irriterte eg meg lenge over at eg ikkje greidde å hugsa kva uttrykk det var.
Kva skjedde etterpå? Plata selde heller lite. Nokre år seinare gav Lotion ut ein ny CD. Denne hadde ingen tittel, men vert omtala som "The Telephone Album", etter illustrasjonen på omslaget. Det er òg ei fin plate, men også den selde lite, og då fann dei fire i bandet like godt ut at dei kunne gje seg.
Guffen tilrår.
9. oktober 2010
Frå arkivet: R.E.M.: Automatic for the People (1992)
Mange av dei rundt meg høyrde mykje på R.E.M. i andre halvdel av 80-åra. Sjølv hadde eg lite utbyte av det, og den einaste av platene deira eg kjøpte, debutplata Murmur, vart stort sett ståande urørt. Musikken deira kom seg ved utgangen av det tiåret, og denne plata, som kom i 1992, trefte meg midt i blinken.Saman med Brynjulv var eg rett som det var hjå Lars i Tartargaten. Tre plater gjekk igjen den vinteren - Harvest Moon, Blood Sugar Sex Magic, og denne. Alltid denne. Plata sneik seg innpå meg, og då eg nokre år seinare omsider kjøpte meg CD-spelar, var dette ei av dei fyrste platene eg kjøpte. Eg sette alltid på ei plate før eg la meg, og det var ofte denne.
Det er ei svært roleg plate. Luftgitaristar vil finna lite å gle seg over, det nærmaste er truleg songen "Ignoreland". Dette er likevel ikkje noko spesielt hard song, og heller ikkje noko spesielt god song, slik at for min del kunne han godt vore erstatta av noko anna. Lydbiletet er prega av akustiske instrument, og det gjev godt rom til vokalisten Michael Stipe. Han dominerer plata, med ei stemme som påverkar, med ei stemme som verkar ekte og truverdig. Instrumenta er tona meir ned her enn på dei tidlegare platene, slik at tekstane kjem meir til sin rett. Det er flotte tekstar, som òg smyg seg innpå deg, med flotte bilete, flotte formuleringar, og flotte tema. Døden er overalt på denne plata, og kombinert med at bandet ikkje la ut på turné etter at plata kom ut, førte det til ei rekkje rykte om at Stipe hadde AIDS, og at dei fleste av songane var djupt personlege. Tekstliner som "I need something to fly over my grave again" (frå songen "Try Not To Breathe") eller "See you in heaven if you make the list" ("Man On The Moon") kan stå som to døme på dette, men der finst mange fleire. Her er gravferder, her er ein song om ein død skodespelar og ein om ein død komikar, og der døden ikkje er til stades, ligg det ein dåm av melankoli over heile plata. Ein god og varm melankoli.
Alt omslaget på plata er tiltalande. R.E.M. har jamt over gode omslag, og slik er det òg her. Mellom teikningar og abstrakte foto finst det flotte portrett av dei fire i bandet, fotografert av sjølvaste Anton Corbijn.
Plata er suverent oppbygd. Opningssporet "Drive", som er noko så uvanleg som ein singel utan refreng, set tonen. Forsiktig, forsiktig, lirkar songen plata i gang. Dei neste songane strekar under denne rolege grunntonen, før "Everybody Hurts" kjem som den fjerde songen. Det er ein uvanleg rørande og kjenslevar song, der stemma til Stipe omtrent kjem ut av høgtalarane og tek tak i dei som høyrer på. Songen fører til den fyrste toppen på plata, og klokt nok legg dei inn ein kort instrumental rett etterpå, her treng lyttarane ein liten pause. Godt og vel halvvegs i plata tenkjer du at dei kan ikkje halda dette nivået heile vegen ut, og det er omtrent her den malplasserte og middelmådige "Ignoreland" dukkar opp. Teksten er fin, han handlar om korleis republikanarane herja med USA i åra då Reagan og gamle-Bush var presidentar; Stipe omtalar dei som "these bastards", og tekstlina "how to walk in dignity with throw-up on your shoes" er rein klasse. Etter denne vesle nedturen viser R.E.M. kva dei er laga av, og tek plata til eit endå høgare nivå enn der dei var i starten. Dei tre siste songane, "Man On The Moon", "Nightswimming" og spesielt "Find The River" er usannsynleg flotte, og må vera ein av dei sterkaste utgangane av ei plate nokosinne. "Nightswimming" er pur nostalgi, der Stipe manar fram bilete frå ei uskuldig og utforskande ungdomstid, og i "Find The River" tømmer han ut resten av kjenslene han har i stemma si. Dette var altså plata eg sovna til i store delar av 90-åra, men viss eg framleis var vaken under denne siste songen, fekk eg så godt som alltid klump i halsen under det siste refrenget. Og så listar plata seg ut, like stille og forsiktig som ho tok til.
Kva skjedde etterpå? Dette var den eine plata der alt stemde for R.E.M. Svært få grupper held seg på eit slikt nivå heile tida, og for R.E.M. kom nedturen med den neste plata, Monster, som kom i 1994. Her dominerte dei elektriske gitarane igjen, det florerte med enkle tregreps-songar, og tekstane var ikkje like fengande og lett forståelege. Det magiske var vekke, og nye to år seinare trekte trommeslagaren, Bill Berry, seg ut av bandet. Som trio har bandet stort sett brukt tida på å gje ut plater det er lett å gløyma.
Guffen tilrår.
Abonner på:
Innlegg (Atom)