Viser innlegg med etiketten Tarantino. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tarantino. Vis alle innlegg

9. desember 2023

Quentin Tarantino: Once Upon a Time in Hollywood (2021)

Det er relativt vanleg at det vert laga film basert på ein roman. Her er det omvendt - på baksida står "The new novel based on the film". Og det er akkurat det det er. Tarantino har ikkje gjeve ut bokmanuset, han har dikta litt vidare og endra litt. 

Hovudhistorien er likevel den same. Det handlar om skodespelaren Rick Dalton og stuntmannen hans, Cliff Booth. Booth er sjølvsikker og sjarmerande, Rick er ikkje så mykje å skryta av. Desse to er oppdikta, men litt for mykje av boka handlar om reelle skodespelarar. Dei snakkar om filmar og fjernsynsseriar, dei snakkar om regissørar, dei snakkar om andre skodespelarar. Eg veit ikkje om alle som vert nemnde er reelle skodespelarar, men Tarantino får i alle fall vist at han kan Hollywood ut og inn.

Cliff kjem i kontakt med Manson-familien. Rick bur vegg i vegg med Roman Polanski og Sharon Tate. I filmen tek familien seg inn i huset deira; i romanen er dette kutta ut. Tate får likevel mykje plass i romanen, og det gjer òg Manson-familien.

Tarantino skriv godt, og han er spesielt god på dialogar. Han er likevel ikkje nokon stor romanforfattarar. Opninga er veik, og det er ofte svært lite framdrift. Han bruker altfor, altfor mykje plass på korleis Rick har det på jobb, og det er me ikkje spesielt interesserte i.

Guffen er lunken. 

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)

18. august 2019

Once Upon a Time in Hollywood (2019)

Handlinga i denne filmen er lagt til Los Angeles, 1969. Nye tider er i emning. Det merkar òg skodespelaren Rick Dalton (Leonardo DiCaprio), som ikkje får like store roller som før. Han gjer sitt beste, men bruker mykje tid på klaging og drikking saman med den faste stuntmannen sin, Cliff Booth (Brad Pitt). Dalton bur øvst i Celio Drive, og dei nærmaste naboane er Roman Polanski og Sharon Tate. Undervegs i filmen tek Booth på ein haikar, ei jente som bur på Spahn Ranch saman med dei andre i Manson-familien. Filmen sluttar med at tre Manson-disiplar legg vegen til eit hus i Celio Drive for å drepa alle som bur der.

Det heile er altså laust inspirert av verkelege hendingar, men denne gongen verkar det ikkje som om Tarantino fyrst og fremst vil fortelja ei historie. Filmen er ei hylling til Hollywood, og kulissar og scenografi er glitrande. Det er òg skodespelet, spesielt Pitt strålar. Dalton tenkjer ofte tilbake på filmar og seriar han har gjort før, og desse filmglimta er òg flotte - det same gjeld scenene der han har ein rolle i ein ny film.

Andre Tarantino-filmar har gjerne meir nerve enn denne. Det er eit drag av uhygge ved det heile når Booth vitjar Spahn Ranch, og den siste halvtimen er òg langt meir brutal enn resten, men elles er det meir enn film å smila av. Dei heilt store replikkane kjem dei siste fem minutta, då filmen får ei happy Hollywood-ending. Det er enormt stilreint, visuelt er filmen så godt som feilfri, og skodespelet til Pitt og dei andre er frå øvste hylle.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

21. mai 2019

Reservoir Dogs (1992)

Dette er debutfilmen til Quentin Tarantino. Eg budde i Bergen då han kom, og kunne knapt treffa folk utan at nokon skrytte av filmen. Eg såg han, eg òg, men var ikkje altfor imponert. Dei neste filmane til Tarantino likte eg langt betre, eg har sett dei fleste fleire gonger, og ser dei gjerne igjen.

Denne filmen hadde eg ikkje sett sidan han gjekk på kino, og det er som vanleg spanande å sjå om gamle inntrykk har endra seg. Filmen handlar om eit diamantran som ikkje går etter planen. Dei seks ranarane vert overraska av vakter under ranet, det kjem ei skotveksling, og to av dei vert drepne. Dei fire som overlever kjem til den avtalte møtestaden. Dei er samde om nokon må ha sladra, og dei kranglar om kven det kan vera. Det vert ein krangel der ikkje spesielt mange overlever, medrekna dei to oppdragsgjevarane og ein politimann ein av dei kidnappa.

Det er ikkje vanleg Tarantino-nivå, dette. Det er ikkje dei suverene replikkane han vanlegvis skriv, og det er heller ikkje dei altfor uventa vendingane i historia. Dei fleste filmane hans har valdelege scener, men i denne filmen verkar det som om dei er med for valden sin del - andre stader kan dei vera visuelt vakre, eller dei er betre integrerte i historia.

Så inntrykket endra seg ikkje altfor mykje. Her er nokre fine scener, og det er mange stødige skodespelarar, men likevel.

Guffen er lunken.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

6. juni 2016

The Hateful Eight (2015)

Wyoming, ikkje altfor lenge etter den amerikanske borgarkrigen. I ein snøstorm søkjer ti personar ly på ein skysstasjon langt frå andre folk. Nokre kjenner kvarandre frå før, nokre veit kven andre er, dei fleste ber på minst ein løyndom.

Det som heilt frå opninga av filmen er opplagt og sant, er at John Ruth har fanga den etterlyste Daisy Domergue, og skal frakta ho til byen Red Rock for å få utbetalt finnarløna. På veg til Red Rock, i ei privat diligence, tek dei opp to passasjerar - Marquis Warren og Chris Mannix. Warren og Ruth har treft kvarandre før; Manniz seier at han er den nye sheriffen i Red Rock. På skysstasjonen møter dei fire andre, som alle veit meir enn dei seier.

I tillegg til desse åtte er der ein diligence-kusk og ein til. Her er mange konfliktliner. Så kort tid etter borgarkrigen er ikkje tonen god mellom den farga Warren og to som kjempa for sørstatane i borgarkrigen. Ruth er på kant med dei fleste, og Domergue er òg utan allierte.

Det er ein Tarantino-film, dette, så det er ikkje uventa at det vert valdeleg. Det er litt som And Then There Were None (Ten Little Niggers); det er litt som The Shining. Det er heller ikkje uventa at det dukkar opp overraskingar. Det er ikkje uventa at dialogen er framifrå og levande. Og det er sjølvsagt ikkje uventa at Samuel Jackson er ein fryd å sjå på, i rolla som Warren.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

23. november 2014

Django Unchained (2012)

Texas 1858. Dusørjegeren King Schultz slår seg saman med slaven Django, for å finna tre ettersøkte brør Django kan identifisera. Django vert løyst frå slaveriet, som takk for hjelpa, men dei vert samde om å samarbeida eit halvt år til, før dei prøver å befri kona til Django. Det viser seg at ho er slave hjå Calvin Candie, ein svært brutal plantasjeeigar. Dei greier å få ein invitasjon til Candie, og planen deira går bra. I alle fall ei stund.

Mykje med denne filmen er typisk for Quentin Tarantino. Det er gode dialogar, det er ein god historie, og det er mykje vald. Den siste tredelen av filmen flyt det mykje blod - eller, flyt er kanskje ikkje det heilt rette ordet. Det vert nesten som ei teikneserieskotveksling, der ein mann har full kontroll mot titals andre. Her er mykje humor. Filmen er smakfullt filma, der Tarantino ser ut til å villa visa slektskapen med spaghettiwesternfilmane. Det er òg ein film der Tarantino legg sympatien hjå dei farga - ikkje berre er det ein farga i hovudrolla, men han vitsar òg enormt med rasehatarane i det sørlege USA.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

6. november 2014

From Dusk till Dawn (1996)

Hm. Eg var litt overraska over at filmen var såpass gamal som 1996. Då budde eg i Bergen, og såg det meste som gjekk på kino - eg trudde at grunnen til at eg ikkje hadde sett denne var at han var langt ferskare, og at "kinoen" i Volda ikkje viste han. Midt i filmen slo det meg at eg truleg droppa å sjå han, av di eg må ha skjønt av omtalen at dette var langt på sida av det eg likar.

Den fyrste halvdelen av filmen er grei nok. George Clooney og Quentin Tarantino spelar to kriminelle brør, som etter å ha drepe nokre politifolk prøver å koma seg over grensa til Mexico. Den fyrste kvinna dei tek som gissel vert drepen, og dei kidnappar i staden ein prest og dei to borna hans, som er på ferie i ein bubil. Dei kjem seg over grensa, og køyrer til ein bar litt utanfor hovudvegen, der dei to brørne skal møta den meksikanske kontakten sin.

Så langt er det altså greitt. Det er mykje vald, men det er godt laga, det er spanande, og det er passeleg humoristisk. Men etter ei stund inne på baren viser det seg at baren er full av vampyrar, og den siste halvdelen av filmen er ein kamp mot desse. Og det skal vera veldig godt laga for at eg ikkje skal missa interessa, og denne filmen er ikkje veldig godt laga.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

3. mars 2014

Pulp Fiction (1994)

Det er mange grunnar til at dette er ein god film. Det er ein god historie, eller rettare - fleire gode historier. Her er ei rekkje gode og originale karakterar. Det er ein film som skapar mange ulike kjensler - her er ting å le av, men her er òg ting å grina av, og ting å verta kvalm av. Og - kanskje mest av alt - her er fantastiske dialogar.

Filmen har tre hovudpersonar, men rundt dei er det ei rekkje bipersonar. Så godt som alle desse har orda i si makt. Gode replikkar kjem på rekkje og rad. Det har ingenting å seia kor dramatisk situasjonen er; replikkane er suverene. Det hjelper sjølvsagt at hovudpersonane tek det meste med fatning.

Historia vert ikkje fortalt kronologisk. Ein komprimert (og kronologisk) versjon: Dei to leigemordarane Jules og Vincent hentar ein stresskoffert som tilhøyrer sjefen deira hjå fire ungdommar. Dei drep tre av dei, medan den fjerde, som er informanten deira, ved eit uhell vert skoten i bilen på veg vekk. Dei får hjelp til å vaska bilen, og går deretter til ein diner for å eta frukost. Dineren vert rana, men Jules nektar å gje frå seg kofferten. Vincent vert drepen nokre dagar seinare, av ein boksar som har prøvd å lura sjefen deira.

Det var kanskje i det komprimeraste laget, men det er ikkje så nøye. Ved sida av desse linene skjer det òg litt av kvart; kvelden der Vincent tek med seg kona til sjefen på middag er til dømes innhaldsrik, og har ei svært elegant dansescene. Og ei (eller fleire) underhaldande dopscener.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

17. april 2013

Kill Bill 2 (2004)

Hm. Dette vart jo reine drøymekvelden.

Kill Bill 2 held, ikkje overraskande, fram der Kill Bill 1 slutta. Thurman-karakteren får her eit namn, Beatrice Kiddo, og det er ikkje den einaste nye vendinga: Ein liten detalj er at bryllaupet ikkje var eit bryllaup, berre ein gjennomgang med presten dagen før bryllaupet; ein anna detalj (som eigentleg vart nemnt heilt til slutt i KB1) var at også den ufødde dottera til Beatrice overlevde bryllaups-massakren.

Også denne filmen hoppar litt att og fram i tid. Her er to store flashbacks - eitt som viser kva som skjedde i kyrkja, og eitt som viser korleis Beatrice fekk opplæring i kinesiske slagsmålsteknikkar.

Ho har tre personar att på dødslista si. Alle misser livet i filmen, men det er ikkje ho som tek livet av dei. Ho er òg nær ved å missa livet sitt - ho framstår i det heile meir og meir som ein surperhelt i ein teiknefilm, ein superhelt som toler alt, og som aldri gjev opp. Spesielt ein av situasjonane ho finn seg i verkar det vanskeleg å koma ut av.

Det er to fine filmar, dette. Som alltid hjå Tarantino er dialogane framifrå, men det er ikkje berre det som gjer dette bra. Også visuelt er filmane ein fryd, med god bruk av fargar, og mange flotte bilete. Eitt døme på det er når kameraet, i svart-kvitt, glir ut frå kyrkja og sveipar over dei fire som står klar for å dra i gang massakren, før det heilt roleg glir oppover mot himmelen.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

Kill Bill 1 (2003)

Dette er ein film om hemn. Hovudpersonen, spelt av Uma Thurman, var tidlegare sentral i The Deadly Viper Assassination Squad, ei samling leigemordarar. På bryllaupsdagen vart ho nesten drepen av dei andre - på uforståeleg vis overlevde ho til og med eit skot i hovudet, og når ho vaknar etter fire år i koma vil ho ha hemn. I denne filmen oppsøkjer ho to av dei, og tek livet av begge.

Dei to episodane vert ikkje viste kronologisk, men den fyrste me får sjå er relativt konvensjonell. Ho oppsøkjer den gamle lagveninna si i heimen hennar, der det meste går etter planen, men ikkje alt: Den fire år gamle dotter til ho andre kjem heim frå barnehagen. Det gjer det endå tydelegare for Thurman-karakteren, som ikkje har noko namn, kva ho har mist - ho var gravid då dei andre angreip ho.

Den andre episoden er meir spektakulær. Thurman flyg til Japan, der ho får laga eit samuraisverd. Ho som skal drepast her er sjef for underverda i Tokyo, og har difor ei lang rekkje livvaktar. Thurman tek livet av eller lemlestar alle desse, før ho får drepe ho ho eigentleg er på jakt etter, og det er i desse sekvensane at filmen går over frå å verta ein tradisjonell valdsfilm til noko heilt anna. I starten verkar det heile som slossing, men etter kvart vert det meir dans, nesten ballett. Ein vert nesten blind for blodet og valden, og ser heller på det heile som noko grasiøst, noko visuelt. Sluttkampen, der dei to møtest med sverd ute i ein japansk hage, har enorme kontrastar. Dei to kjempar for livet, medan snøen sakte, sakte dalar ned rundt dei.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

23. desember 2011

Jackie Brown (1997)

Denne filmen avslutta VHS-festivalen. Ei heilt grei avslutning, men ikkje noko meir.

Ordell Robbie (Samuel Jackson) er småkriminell, og får hjelp av flyvertinna Jackie Brown (Pam Grier) til å smugla pengar frå Mexico til USA. Politiet finn ut kva som skjer, men har ikkje prov som kan knyta Robbie til pengesmugling og våpenhandling. Brown foreslår at ho kan lokka han i ei felle, men planlegg samstundes å lura politiet, slik at ho kan stikka av med alle pengane sjølv. Det går sånn nokolunde etter planen, både Robbie og eit par andre misser livet, medan politiet under tvil bit på dekkhistoria til Brown.

Filmen er regissert av Quentin Tarantino, og det er ikkje den beste filmen hans, dette. I andre filmar er dialogen langt betre, her er det meir på det jamne. Det er òg rimeleg opplagt kva som kjem til å skje, her er ingen store uventa vendingar. Skodespelet er derimot bra, både Jackson og Grier er gode, og Robert DeNiro glitrar òg som den tafatte og dumme medhjelparen til Robbie. Musikken i filmen er òg glimrande.

Guffen er lunken.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

14. januar 2011

Inglourious Basterds (2009)

Eg skal ikkje lyga på meg altfor store kunnskapar om privatlivet til regissøren Quentin Tarantino, men eg har fått med meg at han lenge jobba i videobutikk, og at han likar å framstå som ein som har film på maten. I denne filmen spelar film og kino ei høgst sentral rolle. Klimaks kjem då fire av dei største tyske nazistane, Hitler, Göring, Goebbels og Bormann, i 1944 vert drepne i Paris, under premiera på ein film om ein tysk krigshelt. Bak dei drapa, og drapa på dei 3-400 andre i kinosalen, står tre ulike grupper.

Kinoen er ått av ei jødisk jente. Filmen opnar med at dei andre i familien hennar vert drepne, der dei gøymer seg i ein kjellar på den franske landsbygda. Då ho finn ut at så mange prominente nazistar skal vera til stades, også han som hadde ansvaret for at familien hennar vart drept, samlar ho saman all nitratfilmen ho har på lageret, og legg det på scena, bak filmlerretet. Midt i filmen, etter at assistenten hennar har sperra alle dører inn til salen, tennar han på all filmen som ligg der, og kinosalen er overtent på nokre sekund.

Publikum i salen prøver å koma seg ut, men dørene er altså låste. På ein av balkongane står to av Inglorious Basterds, ei terrorgruppe sett saman av åtte jødar, leia av Aldo Raine. Desse herjar i Frankrike, og tek livet av så mange personar i naziuniform som råd. I kinosalen fyrer dei to laus med maskinpistolar mot nazistane, heilt til det for alvor smell, dei har dynamittladningar festa til leggane sine.

Det hadde Raine òg, men han vart teken til fange i lobbyen av den same SS-obersten som drap familien til den jødiske jenta. Obersten har teke med seg Raine vekk frå kinoen, men før dei reiste, tok han av han dynamittladninga og la ho under stolen der Göebbels sat.

Brann, kuler og dynamitt - me snakkar altså ikkje akkurat om Cinema Paradiso.

Den britiske regissøren Alfred Hitchcock snakka ofte om suspense. Viss publikum er klar over kva som snart skan skje, viss dei veit at no smell det snart ei bombe, viss dei veit at han SS-obersten som snakka med ei tysk skodespelarinne som ikkje veit at han veit at ho er spion, men at han snart kjem til å avsløra det, viss vi veit at her ligg det ein jødisk familie gøymt under golvet, så er det råd å halda fast ved spenninga dette skapar. Det som skjer før bomba smell er meir spanande enn at sjølve bomba smell. Tarantino briljerer her, og i fleire av scenene veit me at no smell det snart. Han har det likevel ikkje travelt, og det fungerer glimrande.

Tarantino har sjølv skrive manus, og historia er som vanleg svært godt sett saman. Her er mange fine detaljar, til dømes korleis ein av tre Basterdar som gjev seg ut for å vera tysk soldat røper seg ved å visa fram tre fingrar på engelsk måte, ikkje på tysk. Her er òg, som vanleg, referansar til andre filmar og historier - obersten finn ut at skodespelarinna er spion av di ho har gløymt att ballskoen i ein kjellar der det var ein del skyting, og då går jo Askepottalarmen hjå dei fleste av oss. Han hentar òg fram tittelsongen frå Cat People.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (film, 2019)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)