Noregs raraste rettssak? Kanskje. Men det kan òg henda at dette er den raraste boka om ei rar rettssak.
Me skal til Sunnfjord. Dei to naboane Mikal Hetle og Henrik Hetle hadde krangla med kvarandre i nokre år, slik nokre naboar gjer. Dei to gardsbrukarane krangla om ein skogteig, og i 1901 gjekk saka til forliksretten. Der vart det slått fast at teigen tilhøyrde Mikal. Men vedtaket vart anka, og i neste instans, så mange år seinare som 1905, vann Henrik. I desse åra hadde dei hatt eit rimeleg greitt forhold, og hjulpe kvarandre med små og store oppgåver.
Ein dag i august 1906 kom ikkje Henrik heim frå arbeidet i utmarka. Han vart funnen død. Korkje dokter eller lensmann fann prov på noko gale, men bygdedyret fann litt av kvart: Dei kontakta "ei spåkjerring i Bergen", og ho kunne fortelja at det var Mikal og sonen Ole som hadde drepe Henrik. Det vart ny rettssak, og der endra mange forklaringa si, med det resultatet at både far og son vart dømd til fengsel. Sonen fekk ti år; faren fekk livstidsdom, men begge vart sleppte fri i 1914.
Hans Seland arbeidde tidleg for frifinning. Det var likevel ikkje før i 1943 at dei vart frikjende. Dommen vart stadfesta av Høgsterett i 1947. Mikal Hetle døydde alt i 1930, Ole levde til 1968.
Seland skal ha mykje av æra for denne oppreisinga. Denne boka er ikkje like prisverdig. Det heile er litt rotete, og han kunne godt ha kosta på seg nokre oppsummeringar av og til. Det er òg tidvis litt vanskeleg å halda styr på kva for ein Hetle-person han skriv om. Men boka er likevel informativ, og eg fekk meir innsikt i ei sak eg berre kjende av omtale frå før.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar