28. mars 2010

Budbringeren (1997)

Dette er ein av dei finaste norske filmane. Hovudpersonen i filmen er Roy, ein postmann som ikkje tek jobben spesielt alvorleg. Han kvir seg ikkje for å opna brev før han leverer dei, og han kvir seg heller ikkje for å gå ein omveg med posttralla si, for å tøma vekk mykje av reklamen eller dei tyngste breva. Når han ein dag finn eit attgløymt nøkkelknippe i låsen til ei postkasse, nøyer han seg ikkje med å låsa seg inn og ta ein liten runde gjennom husværet - han tek like godt kopi av nøkkelen, slik at han også kan gå inn der i framtida.

Han vert fascinert av Line, som eig nøklane, og følgjer etter ho. På det viset vert han blanda inn i ei kriminalsak - ho var med på eit ran der ein kar vart slegen helselaus. Roy høyrer at dei to snakkar om det, og er lur nok til å konfrontera han andre ranaren. Rett nok etter at han har låst inne på eit offentleg toalett, men likevel. Det kjem eit fint klimaks, der Roy greier seg, men berre så vidt. Han andre ranaren misser livet, Roy og Line går saman inn i natta.

Filmen har eit godt manus, med passeleg mange originale vriar til at eg ofte drog på låtten. Filmen er flott filma, alt er grått og brunt og gult, slik at filmen står godt til den generelle stemninga. Det meste av handlinga er lagt til bakgatene i Oslo, der det ikkje er altfor mange prangande neonlys, og også personane i filmen har relativt blasse kostyme. Her er lite glamour. Og det beste av alt er at ingen av desse irriterande skodespelarane frå dei siste åra ikkje er med. Robert Skjærstad er strålande som postmannen, og dei andre skodespelarane er òg gode.

Guffen tilrår.

Centennial (1978)

Å sjå fjernsynsseriar på DVD vert vanlegare og vanlegare her til lands. Eg trur ikkje det berre handlar om at DVD-boksane vert billegare, eller at DVD-ar gjer at slike boksar tek mindre plass. Det handlar òg om at folk har det travelt, og at det kan vera vanskeleg å følgja med på seriar som går til faste tider. Og eg trur det handlar om kvaliteten på det fjernsynet byr på. At fjernsynsselskapa ikkje tek hintet, men strør på med halvgode og meiningslause program, er uforståeleg.

Me har sett fleire fjernsynsseriar på DVD, frå start til mål. Som vanleg let me reisene styra kva seriane handlar om, og etter at me var i USA i fjor sommar, har me sett nokre filmar og seriar med handling derfrå. Ein eller annan stad plukka eg opp at Centennial var sett på som ein av dei beste seriane, og vips - der var serien kjøpt inn.

Centennial handlar primært om endringane i eit område i Colorado, frå slutten av 1700-talet fram til 1970-åra, men ein kan godt seia at det handlar om framveksten av USA. Frå å vera eit område der indianarane levde og hadde det godt, vert området gradvis kontrollert av kvitingane. Serien har manus av James Michener, og er til alt hell kritisk til denne framveksten. Indianarane vert presentert i eit godt lys heile vegen, og den siste episoden sluttar med ein valkamp, der dei to kandidatane har to heilt ulike syn på kvar USA bør gå: Skal ein gjera det som løner seg best, eller skal ein ta omsyn til folk, og - ikkje minst - natur? Me får ikkje vita kven som vinn valet, men det er tydeleg at sympatien i serien ligg hjå naturen.

Før me kjem så langt, har me i dei tolv episodane møtt ei rekkje personar, naturleg nok. Det startar med den kanadiske jaktmannen Pasquinel, som får tillit hjå indianarane, og som gifter seg med Clay Basket. Saman med jaktkameraten sin, McKeag, bruker Pasquinel ressursane i naturen omtrent slik indianarane ville gjort det. Men gradvis kjem fleire kvitingar til området - soldatar, jegrar, og bønder. Ein av dei som kjem, Levi Zendt, gifter seg med dotter til Pasquinel, og med ei indiansk kone får han løyve til å setja opp ein butikk. Rundt denne veks det opp ein by, som vert kalla opp etter Zendt, og får namnet Centennial. Dei siste episodane handlar om livet i denne byen.

I den aller siste episoden møter me ein historikar som skal skriva historien til byen. Her er det flust med flashback, og viser at manusforfattarane går litt på tomgang. Dei gjorde ein betre jobb med dei tidlegaste delane, den fyrste halvdelen av serien er god, medan det vert gradvis mindre interessant. Det var ikkje med like stor iver at me henta fram platene mot slutten av serien.

Centennial er altså laga for fjernsyn, og det ber han preg av. Her er sjølvsagt ein del skyting, og ein del vald og dødsfall, men det meste av valden skjer utanfor kamera. Nokre skodespelarar framstiller den same personen frå han er ung til han vert gamal, og sminkinga er mildt sagt forferdeleg. Det finst andre måtar å visa elde på, enn å farga personen grå.

Serien har sine gode sider. Det er flott at han såpass tidleg som 1970-åra hadde eit så positivt syn på indianarane, og det er flott at han er kritisk til framveksten av det lite sympatiske og profittsøkjande USA. Den minst sympatiske kandidaten i det avsluttande valet viser støtte til ein som er anklaga for å ha skote ørner, og ein skal vera rimeleg ukjend med amerikanske nasjonalsymbol for å ikkje sjå symbolikken der. I den fyrste halvdelen av serien er der òg mange gode og fargerike personar, men desse forsvinn gradvis, til fordel for personar som kunne vore henta frå ein gjennomsnittleg såpeserie.

Guffen er altså lunken.

27. mars 2010

Frode Grytten: 50/50 (2010)

Eg har eit ambivalent forhold til bøkene til Frode Grytten. Han kan skriva flotte setningar, flotte noveller, flotte artiklar og bøker, men han kan òg skriva mykje som ikkje fengar meg. Eg har lese dei fleste bøkene han har skrive, men som gamal BT-lesar var det gjennom avisa at eg merka meg namnet hans. Han hadde flotte reportasjar, spesielt laurdagar, og fleire av desse er med her.

Alt han skriv er altså ikkje like godt, og slik sett visste eg kva eg gjekk til her, på meir enn ein måte. Då eg høyrde om denne boka, tenkte eg at artikkelen om 17. mai i Hardanger må vera med, og eg rekna òg med at turen til Avhaldskafeen var med. Begge delar stemde.

Dei to tekstane er av dei beste i boka. I den fyrste skriv han mykje og godt om korleis han hadde det i oppveksten, og kvifor han måtte vekk frå Odda. For han vart bøkene og musikken utvegen, før han etter gymnaset flytta til Bergen. I den andre teksten, som vart skriven rett etter at han vart nominert til Brageprisen i 1998, reiser han til Voss for å lesa opp på eit arrangement i Voss mållag. Eg kjenner att mange av personane han skriv om, men dei finaste avsnitta kjem når han møter att bibliotekaren som fekk han til å skriva.

Han skriv om musikk, han skriv om reising, han skriv om det å vera forfattar, og han skriv om det norske samfunnet. Artiklane er henta frå mange ulike stader, og nokre av dei er upubliserte. Nokre av artiklane skumlas eg berre; kanskje det kom av at eg las det meste av boka på ei reise frå Volda til Voss. Det hadde kanskje vore lurare å lesa ein og ein artikkel.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Motorpsycho & Supersilent (Vossasalen, Voss, 26.3.10)

Motorpsycho er eit leitande band. Dei har vore innom ei rekkje sjangrar, det verkar som om dei har ei innebygd frykt for å stagnera, for å repetera seg sjølv. Dei improviserer støtt på scena, og denne improvisasjonen er langt vanlegare i jazz enn i rock. Dei har mellom anna samarbeidd med fleire norske jazzgrupper, og har saman med desse hatt konsertar på Moldejazz og Kongsbergjazz. Slik sett var det ikkje noko bombe at dei dukka opp på Vossajazz, saman med Supersilent, som ein av dei siste stoppane på ein turné i regi av Rikskonsertane.

Desse to banda er kjende frå før. Supersilent feira 10-årsjubileum i 2008, og inviterte då med seg Motorpsycho til ein konsert i Oslo. Helge Sten, drivkrafta i Supersilent var òg med i Motorpsycho nokre år tidleg i 90-åra.

Det vart ein fin kveld. Dei to banda står godt til kvarandre, både visuelt og musikalsk. Motorpsycho heldt seg på venstre side av scena, Supersilent til høgre. Det var mykje improvisasjon, men langt frå heile tida, slik dei hevda i intervju før turneen tok til. Ved minst tre høve gjekk dei over i Motorpsycho-songar, sjølvsagt i ei ny form, og for meg var dette (ikkje uventa) høgdepunkta. Dei bygde òg opp nokre fantastiske crescendoar, der dei såg ut til å storkosa seg. Spesielt Snah bevega seg meir enn han har for vane, og samspelet mellom han og Sten var framifrå. Nokre få gonger fekk eg flashback til Motorpsycho-konsertar frå tida Sten var med i bandet, og frå platene dei gav ut då.

Lysshowet var innovativt, det var spent eit finmaska nett framfor scena, og med lyskastarar bak scena avteikna det seg mønster og figurar på dette nettet. Det meste var altså bra, men der var nokre daudpunkt - dei gongene det vart for mykje Supersilent og for lite Motorpsycho, vart det ein del gjesping.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025
Rockefeller, Oslo, 22.3.2026

23. mars 2010

Thomas Hylland Eriksen og historien om Origamijenta (2005)

Kan dette vera den beste tittelen på ein norsk film nokon sinne? I filmen møter me ein filmskapar som eigentleg vil laga politisk film, og som får professor Thomas Hylland Eriksen til å vera med i filmen. Eriksen skal koma med nokre politiske utgreiingar og forklaringar, men filmskaparen vert vandivla av ei jente som går forbi då han filmar Eriksen, og filmen handlar mykje meir om ho enn om Eriksen. Ho vil laga ein film om origami, noko kunstnarveninna hennar vert med på. Diverre tek kunstnarveninna heilt over, og filmen handlar i staden om hender, og alt folk gjer med dei.

Filmen er fin. Kva han handlar om? Kanskje at alle har sin eigen plass i samfunnet. Kanskje at det må vera fritt fram for å gjera det ein vil? Kanskje at det ikkje alltid er dei som ropar høgast som har dei beste ideane. Kanskje at alle bør bretta litt meir papir. Kanskje at svært få folk ser bra ut med bart. Kanskje at Thomas Hylland Eriksen snakkar altfor fort.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Drømmer (film, 2024)
Kjærlighet (film 2024)
Sex (film, 2024)
Sjelesorg (roman, 2025)

13. mars 2010

Citizen Kane (1941)

Redondo Beach, ein forstad til Los Angeles, mars 1988: Eg vitjar Richard og Meike, og ein kveld finn me ut at me vil leiga ein film. I videobutikken foreslår eg Citizen Kane, som det viser seg at alle tre har høyrt om, men ingen har sett. Me ser filmen, og alle er samde i at det var ein stor film. Me kjenner ikkje namna på nokon av skodespelarane, og ser presentasjonen av rollelista på slutten. Alle dei store birollene i filmen vert presenterte, men ein manglar. Meike spør ”But who played Kane?” Det vert opplyst diskret heilt til slutt – Orson Welles, som regisserte og produserte filmen, spelte òg hovudrolla. Han var berre 24 år.

Det var ikkje berre skodespelarane som debuterte; det var òg den fyrste filmen Welles regisserte. Før denne filmen var han best kjend som for arbeidet ved Mercury Theatre, som mellom anna laga eit altfor livaktig skodespel av H.G. Wells-stykket The War of the Worlds. Stykket handlar om ein invasjon frå ein annan planet, og Welles la det opp som ein vanleg radiokonsert, der ein stadig braut inn med fiktive nyheitssendingar, som fortalde om at USA vart invadert frå rommet. Dei som skrudde på radioen midt i programmet fekk ikkje med seg at det var radioteater, og det braut ut panikk fleire stadet. Orson Welles vart henta frå New York til Hollywood.

Citizen Kane er ein fantastisk film. Charles Foster Kane er død, og redaksjonen i eit magasin vil finna ut kven han var. Ein av journalistane oppsøkjer folk som arbeidde med Kane, og vitjar òg den andre kona hans, for å få eit svar på kven han var, og for å finna ut kva han meinte med ”Rosebud”, det siste ordet han sa før han døydde. Alle fortel litt, og til saman får me ein versjon av livet til Kane.

Kort fortalt var han ein av dei rikaste i USA. Han dreiv aviser, og hadde god startkapital frå inntektene frå ei gruve han hadde arva. Han prøvde å verta guvernør, men etter at ei konkurrerande avis fortalde om forholdet han hadde til ei ung dame, Susan Alexander, vende veljarane seg vekk frå han, og han tapte. Han brukte i staden meir og meir tid på å samla kunst i Europa, og bygde drøymeslottet Xanadu i Florida, komplett med dyrehage og golfbane. Han styrde alt, inkludert livet til Alexander, som han gifta seg med. Han tvinga ho til å syngja opera, og bygde like godt eit operahus til ho i Chicago. Mot slutten lever dei eit tilbaketrekt liv i Xanadu, før ho forlet han.

Langs denne forteljinga får me fleire flotte scener. Sjå opningsscena, der kameraet klatrar over eit gjerde med eit No trespassing-skilt. I det fjerne ser me Xanadu, med lys i berre eitt vindauga. Ei rekkje bilete avløyser kvarandre, der me gradvis kjem nærare slottet, men vindauga står nøyaktig på same plass på skjermen. Sjå sekvensen der Kane som ung gut skal flytta frå foreldra – scena der mora, glimrande spelt av sjølvaste Agnes Moorehead, ropar han inn frå vindauga er stor. Replikken hennar, ”Charles!”, er ein av dei største i filmhistoria. Det er flott filming, det er fleire flotte detaljar. Sekvensane frå Xanadu viser kor stormannsgal Kane var, her er det peisar så store at ein kan gå inn i dei. Desse sekvensane viser òg kor kjedeleg liv Alexander hadde, ho sat heile tida med store puslespel, utan å vita om det var dag eller natt. Ho kan puslespela så godt at ho morar seg med å pusla dei slik at bitane formar land i Europa og Asia ho kunne ha vitja, men ikkje kom til av di Kane var vorten heimekjær på sine gamle dagar.

Det er stor film, og det er stor filming. Det heile er godt fortalt, me ser ein ung og aktiv Kane, som strør om seg med gode replikkar, og me møter ein eldre og livstrøytt Kane, som ikkje har så mykje meir å gje.

Filmen fekk gode meldingar då han kom ut, i alle fall i nokre aviser. Han vart nominert til ni Oscar-prisar, men fekk berre éin, for beste manus (Welles og Herman Mankiewicz). Etter at me hadde sett filmen i Redondo Beach i 1988, sa Heike at filmen var basert på ein sann historie, på livet til avismogulen William Randolph Hearst, og at Xanadu eigentleg var San Simeon, som låg litt lengre nord i California. I kjent stil kjøpte eg ein Hearst-biografi dagen etterpå, og det tok heller ikkje mange vekene før eg vitja San Simeon.

Som bonus på DVD-en kjem ein glimrande dokumentarfilm, The Battle over Citizen Kane. Her vert liva til Hearst og Welles presentert. Det er ikkje vanskeleg å sjå at filmen hentar handlinga frå livet til Hearst; like fascinerande er det når det vert fortalt at filmen òg kan sjåast som ein film om livet til Hearst. Han var òg stormannsgal, han gjorde som han ville utan å ta omsyn til dei rundt han, og mot slutten av livet var han einsam, han mangla både pengar og vener.

Dokumentaren viser òg at Hearst gjorde det han kunne for å stoppa filmen. Det var ikkje lite, han kontrollerte ei rekkje aviser, tidsskrift og radiokanalar over heile USA. Ingen av desse skreiv eitt ord om filmen. Dei skreiv i staden mykje om Welles, og kor forferdeleg han var – var han homo? Var han kommunist? Kanskje han var begge delar? osb. Hearst skal ha reagert mest på måten Susan Alexander vart framstilt. Den rollefiguren var basert på Marion Davies, ein skodespelar som budde lag med Hearst på San Simeon. Ho spelte inn ei rekkje filmar, som i alle Hearst-media vart hausa opp til kanonfilmar. Det var dei ikkje. Kor mykje ros filmen hadde fått utan at den mektige Hearst gjorde det han kunne for å stoppa han, er uråd å vita i dag. Men han hadde garantert fått fleire Oscar-prisar.

Citizen Kane har vore ein gjengangar på lister over verdas beste filmar sidan 1950-åra, og det er ein omtale han forsvarar med glans. Forteljinga, skodespelet, kameravinklane, lyset – alt er bra, og det er ein film eg gjerne ser om og om igjen. Men mest av alt er det eit døme på kva Welles fekk til, både som regissør og skodespelar, og ein peikepinn på kva han kunne gjort, om ikkje han hadde vorte frosen ut av Hollywood. Det neste filmprosjektet hans, The Magnificent Ambersons, vart fullført av andre enn han sjølv.

Guffen tilrår.

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
The other Side of the Wind (2018)
Mank (2020)

10. mars 2010

Tannhäuser (Den norske opera, Oslo, 10.3.10)

Opera kan vera litt av kvart, trur eg. I deler av omgangskrinsen har eg eit operastempel, av ulike grunnar. Det kan spela inn at eg saman med Øystein var vertskap for OperaDart-klubben på Møhlenpris; det kan vel òg spela inn at eg ved fleire høve har uttalt meg i overkant varmt om Wagner. I 1995 sette operaen i Oslo opp heile Niebelungen-ringen; hadde eg hatt meir pengar hadde eg fått med meg det. Brynjulv og eg snakka av og til om at me burde reisa på festspel i Bayreuth for å sjå Ringen der, men det vart det aldri noko av, diverre.

Ei Wagner-framsyning i Oslo er eit heilt greitt alternativ. I den gamle operaen såg eg ein gong Den flygande hollendaren, og eg hugsar enno kor magisk det var då spøkelsesskipet kom glidande fram or røyken på scena. Johan har fleire gonger sagt at han kan skaffa billettar til framsyningar, og sidan Tannhäuser fekk strålande kritikkar i veka som var, spurde eg om han kunne vera til hjelp. Eg hamna like godt i ein av vip-losjane, med fri utkikk både til scene og orkestergrav.

Det var stas. Opera kan jo vera litt av kvart, det er ikkje mange andre stader overvektige og oversminka mezzosopranar kan kle seg ut som budeier, ta på seg ein parykk med lange, tjukke fletter, og framstå som dei mest ettertrakta kvinnene i verda. Slik var det her òg, og dei hadde i tillegg henta fram minst eitt kostyme frå kvar einaste framsyning på nittenhundretalet. Scenografien var imponerande, det nye bygget har sjølvsagt ein del tekniske løysingar som driftsleiarane etter kvart har fått taket på. Eg kunne gjerne tenkt meg litt fleire valkyriar, men ein kan jo ikkje få alt.

Handlinga er som vanleg fort referert. Heinrich Tannhäuser slumpar til å koma i kontakt med ei gudinne som bur i Venusberget. Han kjem attende til Frelsesarmeen, der han i ein songkonkurranse kjem i skade for å nemna at han har hatt nærkontakt med ei dame. Han vert sendt til Roma for å be om tilgiving. Det får han ikkje, og Elisabeth, kjærasten hans, døyr før han kjem attende, truleg av sorg. Så kjem han heim, og døyr like godt han òg. Det var det. Operaen er ikkje akkurat ein sjanger som krev rask handling og kompliserte historier, så Wagner brukte truleg ikkje mange timane på å få på plass dei ytre rammene i historia. Eller librettoen. Eller kanskje han brukte lang tid - han skreiv mange ulike versjonar av Tannhäuser.

Operaen har tre akter. Opningsakta var sånn midt på treet, den siste var meir enn godkjent, men akta i midten var rett og slett fabelaktig. Solid synging, spesielt av ho svenske puslingdama som spelte Elisabeth. I denne akta var det tusenvis av songarar på scena, som alle tok i det dei kunne. I avslutninga fekk òg musikarane køyrd seg. Med ein bakgrunn som min sat eg og funderte på kva Wagner hadde fått til viss han hadde levd hundre år seinare, og brukt elektriske gitarar, platestudio, osb.

Guffen tilrår.