13. april 2025

Sense, Organ, Motion (Vossasalen, Voss, 12.4.2025)

Dette var den eine konserten eg fekk med meg på Vossa Jazz i år. Kjetil Møster var invitert til å laga tingingsverket, og han er jo verdt å få med seg. Tingingsverk har eg elles eit avslappa forhold til, det einaste eg har sett før var då Arild Andersen m.fl. på jubileumsfestivalen i 2023 framførte "Sagn", eit verk som opphavleg var skrive til Vossa Jazz i 1990. Det var ei seig oppleving - det var noko av det mest sterile eg har høyrt nokon gong. På konsertar vil eg gjerne overraskast litt, eg vil gjerne ha det litt skeivt og skakt, og slik var det absolutt ikkje på "Sagn".

Her, derimot, var det heldigvis slik. Møster hadde med seg sju musikantar, og det var ein fryd å høyra på dei: Anja Lauvdal på tangentar og elektronikk, Benedicte Maurseth på hardingfele, Eivind Lønning på trompetar og elektronikk, Gard Nilssen på trommer, Hans Magnus Ryan på gitar og song, Ole Morten Vågan på kontrabass og bass, og Sofia Jernberg på vokal. 

Det var ein enorm variasjon i det dei serverte. Nokre gonger var det tungt og rytmisk, andre gonger var det stille og stemningsfullt. Samspelet mellom Nilssen og Vågan var fabelaktig. Songen til Jernberg var stort sett tekstfri, og ho brukte røysta aldeles glitrande. Overraskingane kom - på eit tidspunkt var Jernberg og Maurseth til to budeier som lokka på kyr; noko seinare var det Ryan, som ikkje er den største vokalisten i norsk musikk, som song litt (med tekst). Og heile tida stod Møster som ein dirigent fremst på scena, der han veksla mellom saksofon og elektronikk. Det heile var stort, og det var sjølvsagt berre tull at dette var ein konsert der publikum sat fint på stolane.

Guffen tilrår. 

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
Østre, Bergen, 27.10.2016
Vossasalen, Voss, 8.4.17
USF, Bergen, 10.10.2021

12. april 2025

Tony McCarroll: Oasis. The Truth (2010)

Eg har aldri eigd ei plate av Oasis. Eg skal nok kjenna att nokre songar, men eg har aldri hatt spesielt sans for bandet. All kranglinga mellom Gallagher-brørne er langt meir underhaldande. Dersom nokon av dei skulle finna på å gje ut ein sjølvbiografi er det stor sjanse for at eg kjøper og les.

Ein slik sjølvbiografi vil ikkje samsvara med denne boka. Boka er skriven av Tony McCarroll, den fyrste trommeslagaren deira. Han vart sparka ettter den fyrste plata, og fekk altså ikkje med seg dei åra då Oasis verkeleg var store stjerner. Han meiner sjølv at han vart sparka av di han var kritisk og meiningssterk; alle andre hevdar at han vart sparka av di han ikkje var god nok på trommer. Sjølv om han er frisk nok til å bruka "The Truth" i tittelen på boka, har eg nok mest tru på alle andre: Eg høyrde litt på plata han var med på, og det var rimeleg enkel tromming. 

Det var rimeleg enkel musikk, sånn totalt sett, og det kan godt henda at McCarroll har eit poeng når han fortel om noko plateselskap-direktøren deira, Alan McGee, skal ha sagt: Det er viktigare å skapa leven og oppstyr i media, enn å skapa god musikk. Jo meir omtale, jo fleire plater vert selde. For Oasis skapte leven.

McCarroll er ein heilt grei forteljar, sjølv om han smør tjukt på, og sjølv om han altså neppe er til å stola på heile tida. Han seier rett nok eit par stader at han slettes ikkje er bitter for måten han vart handsama på, men det er jo akkurat det han er.

Guffen er lunken. 

Meir Oasis på kulturguffebloggen
Oasis: Supersonic (2016)

8. april 2025

Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

Alle veit at Fuglane er ein av dei aller, aller beste romanane som er skrivne. Då seier det seg sjølv at eg ser alle teaterframsyningar som finst av romanen. Dette er den fjerde oppsetjinga eg har sett. Den når ikkje opp mot den fyrste eg såg, på Det Norske Teatret i 1998, men det er nok den nest beste.

Scenografien var enkel og fin. Huset til Mattis og Hege var eit rammeverk som vart flytta inn og ut ved behov. Eit sirkelforma, skrånande element hadde mange ulike funksjonar. Eit nett gjekk over heile scena, og av og til spela dei bak dette nettet. Det fungerte fint. Talet på skodespelarar var lågt, nokre av dei hadde fleire roller, og Anna og Inger var slegne saman til éi jente. Henrik Bjelland spelar Mattis, og er på scena heile tida. Han gjer ein god jobb, sjølv om eg ikkje forstår kvifor han skal ropa så mykje. I hovudet mitt er Mattis ein rolegare, meir grublande person.

Me kjenner historia, ikkje sant? Mattis bur saman med systera Hege. Alle inntektene deira kjem frå strikkinga hennar, med Mattis vert det ikkje så mykje. Han prøver seg som ferjemann, og den einaste han ferjar over er Jørgen, som vert kjærast med Hege. Mattis vert det tredje hjulet på sykkelen, og veit ikkje si arme råd. I romanen er det meir ope kva som skjer; her verkar det som om han vil ta livet sitt. Det var litt rart. Det var litt meir forståeleg at dei komprimerte handlinga i den andre halvdelen av romanen mykje, sjølv om det av og til gjekk litt fort. Og det er framleis uforståeleg for meg at nokon kan laga teater med Fuglane som grunnlag, og likevel ikkje ta med den fantastiske lina om at flate steinar er til å sitja på.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

7. april 2025

Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)

Eg fekk billett til denne operaen til jol. Det var stas, sjølvsagt, er jo med på alt som er Fosse. Dette var den siste av fire framsyningar i Bergen, og meldinga etter premieren ei veke før var heller middels. Eg hadde difor berre sånn middels høge forventingar, men eg likte meg godt.

Det heile er laust basert på dei tre korte romanane Jon Fosse skreiv mellom 2007 og 2014. To unge kjærastar kjem til Bjørgvin - spelemannen og mordaren Asle, og den høggravide Alida. Dei treng ein stad å bu, og dei flyttar inn i eit hus etter at Asle har drepe kvinna som bur der. Etter pausen (i operaen) vert han fanga og sett i fengsel, og han vert hengd for det han har gjort. Alida flyttar saman med ein av dei som fanga Asle.

Teksten er ikkje like god som i romanane, og det var ikkje alltid like lett å få tak i han. Eg kan ikkje hugsa ein einaste melodi frå operaen, men det gjer ingenting. Musikken, skriven av danske Bent Sørensen, byggjer oppunder stemninga i stykket på ein finfin måte, der det er mykje ubehag og mystikk. Unntaket er felespelet til Alma Serafin Kraggerud, som er den einaste musikaren oppe på scena. Så eg likte meg, med eit unntak: Det er vanskeleg å sjå kvifor skodespelaren Frank Kjosås har ei rolle i dette. I motsetning til dei andre sa han fram dei fleste replikkane, og dei få gongene han song var det ikkje så altfor mykje å skryta av. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)

6. april 2025

Mímir Kristjánsson: Mamma er trygda (2019)

Mor til Kristjánsson vart kreftsjuk i ung alder. Denne boka handlar om henne, men det handlar om mykje meir enn det. Me får høyra om korleis det har vore å vera sonen til ei kreftsjuk mor, og me får høyra om korleis det er å vera trygda. Og, ikkje minst, me får høyra om haldningane til dei som går på NAV, som det heiter.

Det siste fyrst: Det er ei altfor utbreitt oppfatning i Noreg at det å gå på NAV er snylting. Det finst heilt sikkert snyltarar, men det finst mange, mange fleire som ikkje er det. Heile poenget med å vera ein velferdsstat er jo at me skal hjelpa dei som treng hjelp. Kristjánsson fortel om korleis han er på standup, der han på scena vitsar med navarar. Folk ler, men Kristjánsson gjer det ikkje: For han handlar dette om mora.

Det er ikkje det same som at han har eit varmt og nært forhold til mora. Dei står kvarandre nær og er glade i kvarandre, det er ikkje det, men han skriv om kor vanskeleg det er at ho ringjer heile tida for å snakka om ingenting. Ho bur i Stavanger, og ho er ekspert på å gjer Kristjánsson dårleg samvit for å ikkje vera der nok. Etter nokre slike masande samtalar hender det at han ikkje tek telefonen.

Guffen tilrår. 

Meir Kristjánsson på kulturguffebloggen
Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug: Hjelp, de drar til Sveits! (2024)
Pabbi (2024)