27. januar 2022

After Life, sesong 3 (2022)

 

Dette er fyrste gong ein Gervais-serie går meir enn to sesongar. Kanskje kan burde gitt seg etter to her òg.

Premissane er som før: Journalisten Tony Johnson kjem ikkje over at kona hans døydde av brystkreft. Han er eigentleg lei livet, og utan hunden sin hadde han truleg gitt opp. Men han kjempar seg gjennom kvardagen. Han har ein jobb han ikkje likar, han drikk altfor mykje, han er altfor bitter til at andre vil vera mykje med han, og kvar einaste dag ser han gamle filmar av kona. Av og til viser han seg frå ei sympatisk side, men dei aller fleste får servert store mengder sure oppstøyt. Unntaket er ei eldre kvinne han ofte møter på kyrkjegarden - dei to døde ektefellene deira ligg side om side, og dei sit ofte på ein benk og snakkar om korleis dei ser det.

Slik var det i dei to fyrste sesongane, og slik er det no. Nokre av birollene får litt større plass, men ingen av dei er altfor interessante. Johnson utviklar seg til det betre i denne sesongen, han hevar til dømes livsforsikringa til kona og gjev pengane til andre som treng det. Men inst inne er han ferdig, og sluttscena kan vel tolkast som om han går ut av tida.

Det er altså ikkje så mykje nytt her, slik at det av og til verkar litt uforståeleg at det vart laga ein tredje sesong. Men av og til glimtar det til, og nokre av replikkane er på grensa til klassikarar. Gervais spelar Johnson, og er stort sett glimrande. Så det går litt opp og ned.

Guffen er lunken.  

Meir After Life på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2019)
Sesong 2 (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar