16. august 2020

Gertrude Stein: Alice B. Toklas' sjølvbiografi (1933)

Gertrude Stein var amerikansk. Ho flytta til Paris i 1903, 29 år gamal, og budde i Frankrike til ho døydde i 1946. Ho var kunstsamlar, skribent, og hadde mange, enormt mange, kontaktar i kulturlivet, både i Frankrike og elles.

Skald forlag kallar boka ein roman, medan boka i utlandet vart kåra til ein av dei tjue beste engelskspråklege sakprosabøkene frå 1900-talet. Det er ein slags sjølvbiografi, men Stein skriv altså ikkje sin eigen sjølvbiografi: Stein og Tokla var kjærastar dei siste førti åra Stein levde. Så både tittel og forteljarstemme tyder på at det handlar om Tokla, men det gjer det berre i liten grad: Boka handlar i hovudsak om livet til Stein.

Grovt sett handlar boka om dette: Dei fyrste åra i Paris kjøper Gertrude Stein enormt mykje kunst, saman med broren Leo. Dei kjøpte av kunst av unge, lovande kunstnarar, og det vert fortalt mykje om møte og middagar med desse. Det handlar litt om livet til Stein før ho flytta til Frankrike. Det handlar om skrivinga hennar. Det handlar om reising. Det handlar om fyrste verdskrigen.

Det vert litt i meste laget. Dei to kvinnene møter kunstnar etter kunstnar, forfattar etter forfattar. Dei er velståande nok til å reisa dit dei vil, og til å ha hushjelper som lagar mat for dei. Dei møter litt fleire kunstnarar. Det er noko leikent over boka, over måten det er skrive på, men halvvegs gjennom boka ventar eg på at noko skal skje, at noko skal endra seg. Det gjer det ikkje, slik at piffen gjekk litt ut av det heile mot slutten.

Guffen er lunken.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar