23. august 2020

Legs McNeil og Gillian McCain: Please Kill me (1996)

Eg har omsider somla meg til å lesa denne. Boka vert gjerne omtala som ei av dei viktigaste bøkene om tidleg punk, og eg har kjent til ho i fleire år.

Boka har undertittelen "The uncensored oral history of punk". At det er munnleg historie er heilt fint, det gjer boka lett å lesa, og det gjer òg at alle får koma til orde. Dei to forfattarane har snakka med hundrevis av personar, som sjølvsagt ofte er usamde. Det er òg forfriskande at det er mykje krangling og ned-snakking - Patti Smith er ei av dei som får mest kritikk.

Det som dreg nivået ned er kva dei snakkar om. I ei bok som dette vil det gjerne verta snakk om både sex og drugs og rocknroll, men musikken burde vera det viktigaste. Slik er det ikkje her, det er vel det forfattarane tenkjer på når dei kallar det ei usensurert bok. Det handlar altfor mykje om kven som har vore bortpå kven, og det handlar altfor mykje om kor mykje gale folk finn på når dei har rusa seg. For meg hadde det vore langt meir spanande å lesa meir om musikken deira.

Det handlar om den tidlege punkehistoria sett frå New York. Det tek rett nok til i og rundt Detroit, med MC5 og Iggy, før det heile flyttar seg til New York. Her er det miljøet rundt CBGBs og Max's det handlar om. Når det handlar om andre delar av USA er det av di grupper frå New York er på turne dit, når det handlar om britisk punk er det av di grupper frå New York er der. (Pluss eit kapittel om USA-turneen til Sex Pistols, og eitt om det siste leveåret til Sid Vicious i New York.) NY-punken var viktig, historisk sett, men musikalsk sett var England langt meir spanande, og det same var punken som vaks fram i California og i Washington D.C. 

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar