7. august 2020

Anders Totland: Vintertonar (2019)

Isak er forfattar, busett i Bergen. Han får ein telefon frå svogeren, som seier at han bør koma heim - faren er alvorleg sjuk. Isak er ikkje så lysten på det, han har ikkje snakka med far sin på mange år, men kjenner likevel at han må reisa. Det går ikkje så bra, og han reiser attende til Bergen før han hadde tenkt. I Bergen får han tenkt seg om, reiser heim til faren og familien likevel, og denne gongen går det betre.

Mor hans lever ikkje meir. Ho flytta frå faren då Isak var midt i tenåra, og ho tok med seg Isak. Han har funne dagbøkene hennar, og dei fortel om det Isak lenge har visst: Faren var valdeleg. Desse såra har aldri grodd, og er grunnen til at Isak har brote heilt med faren.

Totland skriv fram denne historia på eksemplarisk vis. Han viser oss gradvis meir av kva som har skjedd, og me forstår betre kvifor Isak ikkje har hatt kontakt med faren. Samstundes er det mora sin versjon me får fortalt, gjennom Isak, og etter at eg var ferdig med boka var eg slettes ikkje sikker på at hennar versjon var den rette. Og gode bøker kan godt vera så opne som det.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar