27. august 2020

After Life, sesong 2 (2020)

Det er kanskje ikkje den heilt store utviklinga frå sesong 1, men det er framleis finfint. Hovudpersonen, Tony Johnson, arbeider som journalist i  byenTambury. Han har nyleg mist kona si, og får ikkje heilt skikk på livet sitt. Dagane hans er heller like - han står opp, går på jobb, snakkar med folk på jobb, går til grava til kona der han snakkar med ei eldre kvinne som har mist mannen sin, vitjar den demente far sin på gamleheimen, går heim og drikk og ser på gamle filmar av kona.

Det som gjer det finfint er den enorme varmen i serien. Javisst kan det komande bitande kommentarar, javisst kan det vera vondt å sjå korleis Johnson har det, men det er ein varme over det heile. Det er kanskje der serien er ulik den fyrste sesongen. Tony vert mindre og mindre bitter, og er snill mot langt fleire enn hunden. Det ligg litt i lufta at det kjem til å verta noko mellom Tony og ho som passar på far hans på sjukeheimen.

Manus er skrive av Ricky Gervais, som òg spelar hovudrolla. Han spelar på eit langt større register enn elles, og er overtydande også når han er lengst nede. Fleire av dei andre rundt han er òg glimrande framstilt - det er vanskeleg å ikkje lika postmannen, og det er òg like stas kvar gong fotografen i avisa skal ta bilete av eitt av dei håplause intervjuobjekta deira.

Guffen tilrår.

Meir After Life på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2019)
Sesong 3 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar