15. januar 2023

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Agnes natt og dag (2021)

I 2020 gav Skomsvold ut romanen I dag jeg, i morgen du. Der møtte me den litt asosiale Peter Venn, som ikkje hadde kontakt med andre enn mor si, som bur i same blokka. Ein dag gjer Peter ting han ikkje hadde for vane, og den boka slutta med at han vart med Agnes heim og overnatta der.

Denne boka fortel om lag den same historia, men her ser me det heile gjennom Agnes sine auge. Ho bur òg i den same blokka, har visst om både Peter og mor hans lenge. Ho er litt same typen, ho er ikkje altfor sosial, ho seier ofte feil ting, men ho har likevel litt meir sosial røynske enn Peter. Ho er framleis prega av at tvillingsystera Maria døydde 15 år gamal. 

Boka opnar med at "det var søndag morgen, og Agnes Møller hadde en mann i senga", og det er eigentleg denne eine sundagen boka handlar om. Her er likevel mange tilbakeblikk, slik at me vert godt kjende med Agnes og med hendingar som har prega livet hennar. Hendingar på privaten, hendingar på jobb.

Det er ei finfin bok. Skomsvold skriv varmt og godt om den litt usikre Agnes, og eg fekk fleire gonger lyst til å henta fram att den fyrste romanen om dei to, for å sjå etter likskapar og slektskap.

Guffen tilrår. 

Meir Skomsvold på kulturguffebloggen
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009)
Monstermenneske (2012)
33 (2014)
Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose (2017)
Barnet (2018)
Den andre forsvinninga (2019)
I dag jeg, i morgen du (2020)
Syke søster (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar