13. mai 2014

Willa Cather: My Ántonia (1918)

Denne romanen las eg for mange år sidan, då eg tok engelsk mellomfag. Eg hugsar boka som fin, men ikkje stort meir enn det. Eg las noko om ho i ei avis for litt sidan, og fann ut at eg ville lesa ho om att. Det angrar eg ikkje på, det er ei langt finare bok enn eg trudde.

Eg-personen i boka, Jim Burden, vart sendt til besteforeldra i Nebraska som ti-åring (omtrent), sånn ein gong rundt 1870-1880. Dei bur langt ute på prærien, og naboane deira, ein familie frå Bohemia, har nett slått seg ned der. Jim vert kjend med dei, spesielt med den litt eldre jenta Ántonia. Mange tiår seinare tenkjer han tilbake på forholdet deira, og skriv ned det han hugsar. Dei har lenge god kontakt, men etter at han flyttar til det austlege USA for å studera, misser dei kontakten. Den siste delen av boka handlar om ein gong han vitja ho og familien hennar - han er då ein velståande advokat, medan ho bur ikkje så langt frå farmen ho vaks opp på.

Han skriv altså det han hugsar. Kva me hugsar og kva me tek med oss er eit gjennomgåande tema i boka. For Ántonia og familien hennar er livet dei forlot i Bohemia eit tema dei stadig vender tilbake til; etter at Jim og Ántonia har flytta til den nærmaste byen tenkjer dei ofte tilbake på livet på prærien.

Dei fem delane i boka kjem i kronologisk rekkjefølgje, og for kvart hopp i tid er det tydeleg at samfunnet har endra seg. Den fyrste delen er den beste, med ei rekkje gode skildringar av livet på prærien, og av korleis pionerane greidde å skapa seg liv. Boka viser altså korleis USA endra seg i tiåra rundt sist hundreårsskifte, og kan godt lesast som ei bok der ein lengtar tilbake til det enkle, men vanskelege, livet pionerane hadde.

Guffen tilrår.

Meir Cather på kulturguffebloggen
O Pioneers! (1913)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar