14. november 2018

Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)

I serien rare samantreff (der det rett nok tek litt tid før eg kjem til poenget): Eg har skrive to artiklar om kunstaren Lars Fletre til den lokale årboka. I det høvet har eg hatt litt kontakt med dotter hans, som bur i New York City. Mor hennar var assistent for Lovoll då han skreiv boka A Century of Urban Life (1988). I ein e-post for ein månad sidan skreiv ho at ho hadde ein avtale med Lovoll midt i oktober, og at ho nett hadde kjøpt denne boka. Eg hadde ikkje fått med meg at ho var gjeve ut, men tinga ho på Amazon nokre dagar etterpå. Før boka var komen i hus, fekk eg ein e-post frå Lovoll, der han fortalde om møtet med dotter til Fletre. Lovoll og eg er på nikk frå gamle dagar; han var til god hjelp då eg skreiv hovudoppgåva mi. Det er minst ti år sidan sist eg høyrde frå han, og eg kjenner han uansett ikkje spesielt godt.

Det var difor mykje nytt i denne boka. Han er i dag den største kjennaren av den norske utvandringa til USA, og han har skrive fleire bøker og mange artiklar om emnet. Her viser han at han har fyrstehandskjennskap til utvandring. Han var fødd på Sunnmøre i 1934. Faren var fiskar, og då den andre verdskrigen braut ut var faren på fiske. I staden for å reisa heim til eit okkupert land reiste han til USA. Han kom heim i 1945, og året etter utvandra heile familien. I 1952 flytta dei til Noreg igjen, og slo seg ned i Volda (der dei bygde eit amerikanskprega hus eg må ha gått forbi hundrevis av gonger utan å vita at dette var eit Lovoll-hus). Han studerte, han gifta seg, han arbeidde som lærar, før familien i 1966 utvandra til USA igjen. Her vart han etter kvart professor ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, og redaktør for NAHA, det norskamerikanske historielaget.

I denne boka viser han korleis han ved fleire høve var den nye, den som var innflyttar frå eit anna land. I 1946 tok han til på ein amerikansk skule utan å kunna engelsk; seks år seinare var han norsk elev på gymnaset i Volda utan å vera heilt stø i norsk. Det er ei fin skildring av eit rikt liv, og boka er langt meir enn ein rein sjølvbiografi.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar