Viser innlegg med etiketten Garborg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Garborg. Vis alle innlegg

3. mai 2026

Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)

I 1885 vart Arne Garborg huseigar ved Tynset: Han kjøpte ei tomt ved Savalen, fekk flytta eit hus dit. Eigedomen fekk namnet Kolbotn, og her var han om sommaren både i 1885 og 1886. I 1887 gifta han seg, og dei neste åtte-ti åra var dette heimen deira (sjølv om dei var mykje i utlandet). Det einaste bornet deira, ein son med det glitrande namnet Arne Olaus Fjørtoft Garborg, vart fødd i 1888. 

I 1877 hadde Garborg grunnlagt avisa Fedraheimen. Han var redaktør fram til 1882, men skreiv mykje for bladet også seinare. I 1885 sende han det fyrste kolbotnbrevet til avisa, og i denne boka er i alt åtte brev samla. Dei tre fyrste er samla i bolken "Ungkarsliv" og er skrivne 1885-87; dei fem siste er i bolken "Husliv" og er skrivne i 1888 og 1889. 

Boka er stor skrivekunst. Han er leiken og hoppar elegant frå det eine temaet til det andre, utan å mista tråden. Her er fine skildringar av natur, og fine (men langt meir kritiske) skildringar av bylivet. Han skriv varmt om naboane og dei andre lokale, og han har ei flott forteljing om den gongen dei var tomme for mat og han måtte gå til bygda for å handla. Det var djup og våt snø, han hadde ikkje nok mat, han fekk ikkje kjøpt alt han trong, og på veg heim gjekk han seg vill i mørkret. 

Eg las alt av Garborg for rundt 25 år sidan, og denne boka gav meg lyst til å ta ein runde til.

Guffen tilrår. 

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

6. juni 2022

Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Jan Inge Sørbø skriv mykje og godt om norsk litteratur. Han har tidlegare skrive bøker om fleire forfattarar, og i 2018 kom storverket Nynorsk litteraturhistorie ut. Denne gongen skriv han om fire forfattarar. Alle fire var med i litteraturhistoria, og der han skriv han mellom anna om Hulda Garborg at det er på tide at bøkene hennar kjem i fokus att. Denne boka kan vera eit godt steg på vegen mot at det skal skje.

I tillegg til Garborg skriv han om Marie Takvam, Gro Holm og Aslaug Vaa. Han finn fleire gjennomgåande trekk i omtalen av dei. Dei vart gjerne vurderte som kvinnelege forfattarar, som om det var ein eigen undersjanger i litteraturen. Han skriv om den vidgjetne bokmeldinga André Bjerke skreiv om debutboka til Takvam, der han opnar med å skriva om korleis ho tek seg ut. Eit anna trekk som går att for fleire av dei er at forfattardebuten deira kjem relativt seint i livet. Dei er, som dei fleste forfattarar, prega av litteraturen dei las i ung alder, og når dei endeleg får tid til å skriva nokre tiår seinare, har litteraturen endra seg og dei kan verka gamaldagse.

Sørbø les dei fire forfattarskapane nøye, og argumenterer godt for at dei har høge litterære kvalitetar. Eg fekk spesielt lyst til å lesa romanane til Garbor og Holm. Slik sett fungerer boka godt - det er jo alltid kjekt å få tips om nye forfattarar ein kan lesa. Den eine innvendinga mot boka er at det verkar som om fleire av dei same poenga og argumenta dukkar opp både i føreordet og etterordet.

Guffen tilrår. 

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)
Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Meir Takvam på kulturguffebloggen
Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve (2021)

5. desember 2021

Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)

I 1991 gav Tor Obrestad ein (heller ordinær) biografi om Arne Garborg. To år seinare viser det seg at far min, som då arbeidde ved Voss folkemuseum, kom over nokre brev frå Jon Line til Lars Eskeland. Breva var frå 1928, rett etter at Eskeland hadde gått av som styrar ved Voss folkehøgskule. Eskeland og Line var gamle kjende, og Line kjende òg Garborg. Line var frå Time, og sjølv om han var elleve år yngre hadde han hatt mykje kontakt med Garborg dei gongen han vitja Jæren. Far min sende kopiar av breva til Obrestad, og dette inspirerte Obrestad til å skriva dette essayet.

Til sist i boka kjem det utdrag frå breva Line skreiv til Eskeland. Han er fleire gonger inne på at grunnen til at far til Garborg tok livet sitt var at han kom i økonomiske vanskar. Det vanlege har vore å lesa Fred som eit portrett av far til Garborg. Hovudpersonen i Fred, Enok Hove, har absolutt likskapar med far til Garborg, men sleit altså med meir enn religiøse funderingar. Obrestad går vidare med dette, og konkluderer vel med at det meistarlege i romanen er ikkje berre at Garborg både lagar eit portrett av far sin, men òg at han i romanen får fram korleis samfunnet endra seg dei siste tiåra av 1800-talet. Etter å ha lese breva til Line, etter å ha lese kva andre skriv om Fred, og etter å ha lese romanen på ny, meiner han òg at romanane til Garborg saman lagar ei rekkje som fører fram til Fred, som vert den endelege analysen av det moderne mennesket si splitting.

Eg veit ikkje om eg fylgjer Obrestad heile vegen. Det er litt for lenge sidan eg har lese Fred, så det kan henda at eg bør henta den boka fram att. Det er jo ei kjempebok, som absolutt fortener å verta lest fleire gonger. Uansett - det aller beste i denne boka var utdraga frå breva til Line, der han fortel godt og grundig om Garborg, om folket rundt han, og om bøkene hans.

Guffen tilrår. 

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

25. juni 2020

Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Eg trur det er vanskeleg å forstå kor høgt Arne Garborg vart sett mot slutten av livet hans. For målfolk var han ein helt, for mange andre var han ein av dei aller største forfattarane i Noreg. Til syttiårsdagen sin, i 1921, vart det samla inn ei folkegåve på om lag 100 000 kroner. Det året kom òg dette heidersskriftet.

Det er gjeve ut av styret for Norsk Bokmannalag, og dei tre i redaksjonen var Olav Hoprekstad, Severin Eskeland og Jens Tvedt. Her er åtte artiklar og to dikt - i tillegg til dei tre i redaksjonen er her bidrag frå Torkell Mauland, Lars Eskeland, Peter Hognestad, Torleiv Hannaas, Hulda Garborg, Oddmund Vik, pluss eit som berre er signert D. Det er såleis eit a-lag som er henta inn, og dei skriv om kvar sine emne. Hognestad, som var biskop, skriv om Fred. Lars Eskeland, som var profilert målmann, skriv om Garborg og målreisinga. Hoprekstad, som skreiv ei rekkje skodespel, skriv om skodespela til Garborg. Og så vidare.

Det er jamt over fine artiklar, som saman gjev eit greitt bilete av Garborg. Det er ikkje det mest omfangsrike skriftet som er gjeve ut - heftet er på 64 sider, men det var absolutt verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

5. november 2019

Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)

Hulda vert altfor omtala som "kona til". Ho var viktig på mange område - teater, kosthald, bunad, folkedans, aviser og bøker, og som støtte for han ho var gift med. Denne biografien er meir omfangsrik enn dei mange biografiane som er skrivne om mannen hennar, og det er prisverdig. Det kan verta litt vel detaljert av og til, medan det mot slutten av boka kan verta for lite detaljert. Det siste kapitlet handlar om dei ti åra ho levde som enkje, og her går åra fort forbi.

Skre får på ein elegant måte fram korleis Hulda gradvis vart ei eiga kvinne. I ungdommen er ho dotter til mora (og faren, sjølv om han relativt fort forsvann ut av livet hennar), og seinare er ho kona til mannen sin. Det heile vert fortalt gjennom skrivinga hans, og ho følgjer han dit han vil - til Kolbotn, til Tyskland, til hit og dit. Men gradvis skapar ho sitt eige rom, og vert etter kvart viktig i seg sjølv. Dei to har slettes ikkje noko vanleg samliv, men ho er den eine han har tolmod med, og ho er ein av dei få som er viktig i livet hans over mange tiår. Sjølv om han av og til fekk nok - ein gong sende han ho eit brev der han klaga over at son deira ikkje var norsk nok, der han vaks opp utanfor Oslo.

Skre skriv godt. Boka er lett å lesa, og sjølv om det altså er ei tjukk bok går det greitt å koma gjennom. Skre bruker enormt med kjelder - brev, aviser, både dei publiserte og upubliserte delane av dagboka hennar, osb.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

15. august 2017

Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)

Hulda Garborg skreiv dagbok frå 1903 til ho døydde i 1934. I desse åra var ho sentral i målrørsla - ho skreiv bøker og avisinnlegg, og var i tillegg drivkrafta fram mot skipinga av Det Norske Teatret i 1913. Ho var mykje på reis, både innan- og utanlands, men dei to faste basane var heimen på Labråten i Asker, og hytta på Kolbotn i Østerdalen.

Før ho døydde gav ho Rolv Thesen oppdraget med å gå gjennom dagbøkene for å sjå om dei kunne publiserast. Han fekk med seg Karen Grude Koht, som hadde kjent Hulda i åra det var snakk om, og dei vart samde om kva emne som skulle vera med. Utgjevinga vart utsett då krigen kom, og seinare døydde Koht. Thesen fullførte denne utgjevinga i tråd med det dei to var samde om.

Det er altså snakk om eit utval. Det er sjølvsagt uråd å seia at det utvalet er det rette, men det verkar likevel som eit godt utval. Det handlar mykje om samlivet mellom Hulda og mannen hennar, Arne Garborg. Ho legg det meste godt til rette for han, ho skriv til dømes om kor redd ho er for å forstyrra han når han er oppteken med skriving. Ho ser opp til han, men kan òg le av kor hjelpelaus og distré han av og til kan vera. Det handlar mykje om andre i målrørsla, der Hulda kommenterer små og store hendingar. Og det handlar mykje om arbeidet med teateret. Ho skriv detaljert frå turneane til Det norske spellaget frå 1910, omtrent, og ho skriv om det fyrste eigentlege driftsåret til Det Norske teatret.

Det er mykje godt å seia om det ho skriv. Det er sjølvsagt eit nyttig kjeldeskrift, men det er òg mange språklege godbitar. Då Garborg-paret vert inviterte til slottsball skriv ho til dømes at det diverre er heilt uaktuelt, då Arne ikkje dansar, ikkje snakkar, og ikkje har lakksko. Dessutan ville han nok heller gå i fengsel enn å visa seg på eit ball. Ho reiste likevel på ballet, saman med to gode veninner. Ho skriv òg detaljert om ein tur til USA i 1913, der ho var med under avdukinga av ei Ivar Aasen-byste ved Concordia College. Ho vitja slekt, ho vitja mange norsk-amerikanske småsamfunn, men den dagen som gjorde mest inntrykk var då ho var ein dag hjå nokre indianarar.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

13. september 2015

Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)

Eg likar Arne Garborg. For nokre år sidan las eg Skrifter i samling, og koste meg stort sett heile vegen - eg koste meg nok til at eg rett etterpå las (dei utgjevne delane av) dagbøkene hans, før eg las ein biografi Tor Obrestad skreiv. Den var ekstremt livlaus. Det er ikkje så uventa, men denne nye biografien er langt meir spanande.

Jan Inge Sørbø skriv både om livet og verket til Garborg. Han viser korleis livet heile tida inspirerer tekstane til Garborg, utan at bøkene derimot skal lesast som biografiske.

Nokre trådar vert dregne gjennom heile boka. Det grunnleggjande er tilhøvet til faren, som tok livet sitt då Garborg var rundt tjue år. Det er vanleg å sjå det sjølvmordet i lys av at Garborg, som var odelsgut, ikkje ville ta over garden. Garborg la sjølv opp til ei slik tolking. Sørbø kjøper ikkje denne direkte, han viser at bror til Garborg tok over gardsdrifta (rett nok på ein gard faren kjøpte etter at Garborg hadde sagt frå seg heimegarden på Garborg), og han viser korleis faren var involvert i ein alvorleg nabokrangel i tida før han tok livet sitt.

Gudstrua til faren spelte kanskje òg inn. Han var sterkt truande, så truande at det gjekk ut over dei daglege pliktene hans. Kor mykje dette hang saman med dei psykiske problema hans er ikkje godt å vita, men det spelte nok inn. Sørbø kjem ofte tilbake til dette, han snakkar om tilhøvet til "faren og Faderen", og desse linene møter kvarandre sterkast i den aldeles fabelaktige romanen Fred (1892). Sørbø omtalar Fred som den beste norske romanen frå 1800-talet; han kunne godt teke sterkare i, det er ikkje mange norske romanar som kan måla seg med den.

Ein annan gjennomgåande tråd er målstriden. Garborg var ikkje nokon folketalar, men som skrivande debattant var han suveren. Han var med på å dra i gang dei viktige avisene Fedraheimen og Den 17de Mai og tidsskriftet Syn og Segn, og skreiv mykje i alle.

Det er ein finfin biografi Sørbø har skrive. Han er ein innsiktsfull lesar, og han ser referansar mange ville oversett. Språket er godt, og eg reknar med at dei aller, aller fleste vil verta klokare av å lesa denne boka. Så får me heller leva med at forlaget burde kosta på seg ein runde til med korrektur, og ein ekstra runde for å sjekka at alle siterte bøker er med i litteraturlista.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

Meir Sørbø på kulturguffebloggen
Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009)
Fire store (2022)

9. mai 2015

Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)

Arne Garborg er stor. Eg las Skrifter i samling for ti-tolv år sidan, og koste meg med det aller meste. Aller best er Fred, ein glimrande roman. Kvar gong eg ser ei ti på topp-liste over norske romanar utan Fred, ser eg ei liste det ikkje går an å ta alvorleg.

Haugtussa er ei anna glimrande bok av Garborg. Det er ein diktsyklus som fortel om Veslemøy, ei synsk jente frå Jæren. Ho ser det andre ikkje kan sjå. Veslemøy forelskar seg i Jon, men han vel ei anna, og skapningar frå åndeverda oppmodar ho om å hemna seg på Jon, men ho let det vera.

Diktet har vore framført på teater fleire gonger. Ofte er det akkompagnert av folkemusikk; i denne framsyninga, som fyrst vart spelt på Det Norske Teatret, er det eit tyngre musikalsk uttrykk som møter oss. Musikken vert framført av Sjur Miljeteig; som saman med skodespelar Ane Dahl Torp er den einaste på scenen.

Når alt fungerer er det stort, men alt er ikkje like vellukka. Tekstutvalet var, i alle fall for meg, for snevert til at forteljinga kom klart fram. Mange av replikkane til Dahl Torp forsvann òg i effektboksar; det var rett som det var vanskeleg å høyra kva ho sa. Men samstundes var det òg lange parti der samspelet mellom dei to var flott. Musikken heldt seg i bakgrunnen, slik at dei fantastiske diktlinene til Garborg kom til sin rett.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

20. september 2014

Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)

For mange år sidan var eg med på å laga utstillinga "Askerkretsen". Det var eit nettverk av kunstnarar og forfattarar og målfolk, som i større eller mindre grad krinsa rundt Labråten, heimen til Hulda og Arne Garborg i Asker. No har denne krinsen omsider fått historia si i bokform, og det er bra.

For det er ei finfin bok. Rasmus Steinsvik kjøpte Labråten i 1897, for at han og kona Marta, dei to Garborgane, og Karen og Ivar Mortensson skulle slå seg saman i eit slags kollektiv. Dei neste 27 åra, fram til Arne Garborg døydde, var dette eit nynorsk kultursentrum. Det var her dei budde, dei viktigaste målideologane. Det var her grunnleggjaren av Det Norske Teatret budde, det var her grunnleggjaren og den viktigaste redaktøren i avisa Den 17de Mai budde, og det var den viktigaste forfattaren skreiv, i alle fall deler av tida. Han drog til seg andre forfattarar og omsetjarar.

Så det er ei bok om nynorske heltar, dette, men det er heltar med svært mange veike sider. Nokre ravar rundt i fylla, andre ravar inn og ut av galehus (medan andre igjen godt kunne gjort det), nokre er asosiale, nokre er dårlege ektemenn, så godt som alle har dårleg helse. Fidjestøl har respekt for det dei har gjort, men kvir seg ikkje for å dra fram desse veike sidene. Forfattaren Rasmus Løland sleit til dømes med tvangstankar, han trudde at det voks ein tråd ut av bakhovudet sitt, slik at han måtte gå same ruta att og fram når han skulle ut av huset sitt - elles ville tråden hekta seg fast ein eller annan stad. Arne Garborg var heller ikkje heilt stabil; då han og Hulda i 1901 la seg inn på eit fredeleg pensjonat for at han skulle fullføra I Helheim, fekk han problem med utsjånaden til ei av dei tilsette der. Ho hadde eit misforma andlet, og Garborg meinte at han vart sjuk av å sjå på henne. Viss ho hadde reidd opp senga hans, nekta han å sova der.

Så her er litt av kvart å smila av, men fyrst og fremst er det ein flott fellesbiografi over eit miljø som prega målrørsla, og som sette spor etter seg som framleis er tydelege. Det er mange og mykje å halda styr på, men Fidjestøl har full kontroll, og viser på ein overtydande måte kor viktig dette miljøet var. Så får me heller godta at han ikkje har sett seg nok inn i dei meir perifere kjeldene sine til å vita at Norsk Barneblad ikkje er det eldste barnebladet i verda.

Guffen tilrår.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

15. oktober 2013

Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)

Det Norske Teatret er eit teater å verta glad i. Ikkje berre for oss som høyrer til på den rette sida i målsaka, og heller ikkje berre for slike som inviterte med seg ei jente på Fuglane i 1998, og som mange år seinare har to-tre ungar med den same jenta. Under hundreårsfesten i Oslo sist helg var tusenvis av folk innom teateret, og svært mange av dei må ha likt teateret for det det er: Det mest spanande av dei store teatra i landet.

Det er noko som har skjedd mot alle odds. Å dra i gang eit målteater i Oslo i 1913 var å be om bråk, og det fekk dei verkeleg òg. Det fyrste stykket dei sette opp i hovudstaden var Jeppe på Berget, og fleire av framsyningane enda i regelrette gatekampar. På det meste var rundt 10 000 personar samla utanfor teatret - nokre for å sloss, andre for å vera der.

Teateret overlevde dei kampane, og også dei andre slaga det kom opp i utover 1900-talet. Dei kjøpte tidleg ein av dei mest sentrale eigedommane i Oslo, men vart verande huslause lenge. Kor realistiske husplanane var varierte med velstanden til teateret, men det tok 72 år før dei endeleg fekk flytta inn i eige hus. Det nye huset førte heller ikkje berre med seg velstand; det var eit dyrt hus å driva, og tidvis var òg den økonomiske styringa mindre god.

Det som redda Det Norske Teatret, både før og etter at dei tok nybygget sitt i bruk, var musikalane. Fleire av desse vart enorme suksessar. Dei siste åra har det likevel vore ei vriding mot langt enklare teater - framsyningane der Svein Tindberg står heilt åleine på scena og framfører tekstar frå Bibelen, har òg vore gode for teateret.

Det kanskje mest fascinerande ved historia til Det Norske Teatret er at det har overlevd utan å ha ein nynorsk skodespeltradisjon å støtta seg til. Det som var skrive før teateret vart grunnlagt var stort sett enkle greier, bortsett frå Læraren av Arne Garborg, eit stykke som vart sett opp fleire gonger utover 1900-talet. Nyskrivne stykke var det få av, og også store forfattarar som Tarjei Vesaas bomma sterkt når dei skreiv for scena. Det var ikkje før med Jon Fosse, tidleg i 90-åra, at ein fekk eit høgt nivå på den nynorske dramatikken. Tidlegare hadde teateret meir suksess med å dramatisera romanar, enn med å spela nynorsk dramatikk.

Denne boka kjem i jubileumsåret til Det Norske Teatret, og det er ei bok det tidvis er ein fest å lesa. Alfred Fidjestøl har total kontroll på historia, han dykkar ned i både skriftlege og munnlege kjelder, og kjem ut att med hovudet over vatnet. Det er ei tjukk bok, på nær 700 sider (pluss notar og slikt), men ho er så velskriven at lesinga går lett og radig.

Guffen tilrår.

Og apropos jubileum - dette er innlegg nummer 600 på kulturguffebloggen.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)


Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

25. juli 2013

Johs. A. Dale: Hulda Garborg (1961)

Hulda Garborg var aktiv på mange område. Ho skreiv artiklar og bøker, ho var ein forkjempar for bunader, ein forkjempar for folkedans og folkeviseleik, ho var sentral i skipinga av Det Norske Teatret. Med den litt over perifere kunnskapen eg har til henne hadde eg ei kjensle av det var dei tre siste av desse områda som var dei viktigaste. Denne boka gjev meg eit anna inntrykk, men det burde ho ikkje ha gjort.

Boka kom ut året før Garborg ville ha fylt hundre år, og det ser ut til å vera ein viktig grunn til at boka vart skriven. Det er ikkje den mest innhaldsrike boka, Dale er innom alle områda Garborg var aktiv på, men det vert heller overflatisk. Heilt til han kjem til forfattaren Garborg. Då går han i djupna på romanar og skodespel, og gjev desse langt større plass enn dei burde ha. Det er nærliggjande å tru at grunnen er at Dale er litteraturvitar, og at han difor konsentrerte seg om sitt eige felt. Det er ein stor minus ved boka; det er ikkje primært på grunn av skrivinga hennar at Garborg var viktig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

5. juli 2013

Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Det finst verre måtar å lada opp til tohundreårsdagen enn å lesa dette minneskriftet, som kom for hundre år sidan. Det er ei ujamn bok, men det aller, aller meste av ho er verdt å lesa. Dei tre forfattarane gjer akkurat det ein ventar av dei. Koht skriv ordrikt og godt om livet og arbeidet til Aasen; Garborg skriv godt om diktinga til Aasen, og Hovden kjem med nokre anekdotar om Aasen, og nokre eigne minne frå samværet mellom dei to.

Artiklane til Koht og Hovden er til dels overlappande, og skilnaden i arbeidsmåtane deira er påfallande. Der Koht er nøyaktig og innsiktsfull, er Hovden unøyaktig og overflatisk. Boka tener ingenting på det Hovden skriv, og kunne med hell ha greidd seg med dei to andre artiklane. Det Koht skriv er glimrande. Eg er ikkje heilt sikker, men meiner at han var den fyrste som verkeleg gjekk inn i papira etter Aasen, som vart gjevne til Nasjonalbiblioteket etter at Aasen døydde i 1896. Han viser til brev Aasen skreiv eller fekk, han siterer frå dagbøkene hans, han siterer frå bøkene hans, og det er ein fryd å lesa. Dei som ikkje kjenner Aasen godt kan gjerne ta til her.

Koht er mellom anna heilt klar på Aasen ikkje har noko som helst med nasjonalromantikken å gjera. Det er reint tilfeldig at han gjev ut den fyrste viktige boka si i 1848. For Koht er det viktige at Aasen er ein mann av og for folket, for bøndene rundt om i landet. Det er dei han vil vera ein av, det er dei han vil gje eit språk, det er dei han vil hjelpa fram.

Det eine fellestrekket mellom dei tre artiklane er at alle nemner kor vondt Aasen hadde det. Han drøymde om eit liv på eigen gard, med kone og familie, men måtte nøya seg med eit liv i leigde rom i byen, der han gradvis vart meir og meir einsam. Hovden skriv til og med at det kunne gjerne gå ein månad mellom kvar gong han veksla ord med eit anna menneske. For meg vert i alle fall dette siste litt utruleg, og eg er òg litt skeptisk til dette at han budde femti år i ein by han helst ville vekk frå. Han kunne nok godt tenkt seg familie, men dagbøkene fortel då om hyppig kontakt med andre menneske. Og han må jo òg ha hatt stor glede av arbeidet sitt, og det kunne han nok gjera betre i byen, der han kunne nytta boksamlingar og treffa kunnskapsrike folk.

Guffen tilrår.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)


Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)