16. september 2014

Ken Sharp, Paul Stanley & Gene Simmons: Nothin' to lose. The Making of Kiss 1972-75 (2013)

Kiss - der har du eit band eg aldri hadde noko forhold til. Alle visste om dei, sjølvsagt, og eg hugsar at me var fascinerte av at ingen visste korleis dei såg ut utan masker.Eg hugsar òg at eg var imponert då Marla, som Dina delte rom med på universitetet, omtalte det fyrste live-albumet deira, Alive!, som eit favorittalbum. Der var nokre fengande songar der, men det dei sa mellom songane var nesten like bra. Nokre veker seinare såg me den, eh, utrulege filmen Kiss Meets the Phantom of the Park, ein film der bandet ikkje akkurat framstod som skodespelarar.

Dei intervjua eg har lese med bandet har jamt over vore underhaldande. Denne boka burde difor òg vera underhaldande, det er ei bok der bandet og mange, mange andre fortel om dei tre fyrste åra til bandet. Frå dei fyrste famlande stega i New York, via mange turnear og nokre middels vellukka lp-ar, til dei får ein fulltreffar med konsertalbumet Marla tilrådde.

Og boka fengar, i alle fall ei stund. Dei fire bandmedlemmane er opne om det meste, og det er (som vanleg) stas å høyra om korleis dei famlar seg fram. Dei kjem tilfeldigvis i kontakt med folk som kan hjelpa dei, men spesielt Stanley og Simmons er drivne av enorme ambisjonar. Dei har enorm tru på det dei driv med - dei veit at dei ikkje er dei dyktigaste musikarane, og at dei kanskje ikkje skriv dei mest originale eller sofistikerte songane, men dei skapar eit sceneshow utan like. Det er ikkje berre sminkinga - det er bomber og flammar og rakettar og det eine med det andre. Dei slår gjennom hjå grasrota fyrst - platene deira vert jamt over slakta i dei store musikkavisene, og det litt meir blaserte storbypublikummet er ikkje så imponerte. Dei fire framstår som sympatiske, dei er av desse som alltid har tid til å snakka med fans, og som tek seg godt av oppvarmingsbanda.

Men midtveges i boka er alt sagt. Det einaste som står att er gjennombrotet med Alive!, men før me kjem så langt er det uendeleg med variasjonar over dei same temaa. Dei vassar i damer. Dei tek seg av fansen. Dei har det travelt i studio. Dei turnerer heile tida. Osb. Med litt strammare redigering kunne dette vorte ei god bok, no falmar interessa utover i boka.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar