8. juli 2019

Alf van der Hagen: Dialoger II (1996)

It does exactly what it says on the tin: Som i Dialoger set Alf van der Hagen seg ned med ein forfattar, og snakkar lenge med vedkomande om forfattarskapen sin. I denne boka er det åtte intervju. Tidvis er det bra, av og til vert det diverre altfor lite engasjerande.

Dei åtte er Paal-Helge Haugen, Hans Herbjørnsrud, Tone Hødnebø, Axel Jensen, Jan Kjærstad, Sigmund Mjelve, Tove Nilsen og Tor Ulven. Eg har ikkje lese spesielt mykje av nokon av dei, det einaste måtte vera at eg las litt av Ulven for lenge sidan. At eg ikkje er altfor godt kjend med forfattarskapane er nok ein grunn til at det ikkje vert så spanande. Men det må òg vera andre grunnar - intervjua med Haugen, Kjærstad og delar av Herbjørnsrud var interessante, sjølv om eg altså ikkje kjenner det dei har skrive altfor godt. Då kan det altså vera andre grunnar - kanskje får ikkje intervjuar og forfattar god nok kjemi, kanskje er ikkje spørsmåla og/eller svara gode nok.

Intervjuet med Ulven er bra. Det er eit vidgjete intervju, det var den einaste gongen han vart intervjua. Han svarar klokt og godt, både om eigne og andre bøker.

Guffen er lunken.

Meir van der Hagen på kulturguffebloggen
Dialoger (1993)
Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013)
Kjell Askildsen. Et liv (2014)

7. juli 2019

Timothy Snyder: Om tyranni (2017)

Timothy Snyder er professor ved Yale. Han er ein av mange som ser ei relativt uheldig utvikling, både i heimlandet USA, men òg i resten av verda. Denne boka er rimeleg effektfull - Snyder listar opp tjue punkt som alle kan følgja, og som vil gjera verda til ein betre stad.

Det heile handlar om korleis me kan kjempa for demokratiet, og  unngå nye tyranni. Punkta hans vert etterfylgde av døme frå historia, og døme frå samtida. Dei to tyrannane det oftast vert referert til er Stalin og Hitler. Men det er ein tredje person som òg dukkar opp heile tida, og det er kanskje det som gjer at boka er både skremmande og aktuell. Snyder bruker aldri namnet på denne tredje mannen, han omtalar han berre som "presidenten".

Nokre av råda hans ville ha vore like aktuelle for femti eller hundre år sidan, medan andre heng saman med korleis nettet er vorte ein stad der alle kan seia kva som helst. Det er ei tynn og lettlesen bok, men ho renn over av gode poeng, og er ei lærebok i korleis ein skal oppføra seg som folk.

Guffen tilrår.

6. juli 2019

Waco: Madman or Messiah (2018)

Det finst haugevis med religiøse sekter. Nokre er små, nokre er halvstore. Eg er litt i utkanten av eige fagfelt her, men har ei kjensle av at fleire sekter har leiarar som ser seg sjølv som ein reinkarnasjon av ein religiøs helt, eller at dei presenterer seg som ein profet som er eit direkte talerøyr for ein gud. Det er heller ikkje direkte uvanleg at dommedag er rett rundt hjørna.

Slik var det med sekta Branch Davidians, som heldt til i Waco i Texas. Leiaren deira, som tok namnet David Koresh, var overtydd om at han var var ein stor profet. Han fekk/tok makta i sekta, og skal ha vore ein karismatisk talar, med enorme kunnskapar om Bibelen. Sekta bygde opp store våpenlager, slik at dei kunne forsvara seg. Han sa òg, med bakgrunn i Bibelen og i eigne studiar, at i framtida skulle 24 personar styra verda etter at Kristus hadde kome tilbake. Dei 24 måtte ha ein profet som far, og mødrene deira burde ikkje ha ungar frå før. Då vart det snedig nok slik at Koresh fekk ungar med ei rekkje av dei unge jentene i sekta.

I 1993 fekk amerikanske styresmakter tips om at sekta hadde store mengder ulovlege våpen. ATF (Bureau of Alcohol, Tobacco & Firearms) planla eit raid, men sekta fekk tips om det, etter at ein fjernsynsreporter køyrde seg vil, og spurde ein postmann om vegen. Postmannen var tilfeldigvis medlem i sekta, og melde frå. Då ATF kom fram, fekk dei ikkje sleppa inn. Dei prøvde å ta seg inn, det vart skyting, og etter kvart gjekk situasjonen over til ei beleiring som vara 51 dagar. Nokre born og nokre andre slapp ut, men då ATF på ny gjekk til angrep vart det meir skyting, før huset vart sett i brann, truleg frå innsida. I alt døydde 76 personar, 21 av dei var under 14 år. Alle borna til Koresh miste livet, han ville ikkje at dei skulle forlata huset.

Denne dokumentaren får godt fram kor grufullt det heile var. Her er film frå både innsida og utsida, også frå sjølve beleiringa. Dei på innsida sende ut videokassettar, og her er òg mange opptak frå telefonsamtalar med Koresh. Det heile er så meiningslaust, og noko av det mest meiningslause er at fleire av dei overlevande frå sekta ikkje greier å ta heilt avstand frå det. For det kan ikkje vera tvil om at Koresh slettes ikkje var ein Messias, han var klin galen.

Guffen tilrår.

5. juli 2019

Joe Koenig: Getting the Truth (2018)

Eit par gonger det siste året har eg kome over referansar til flykapraren D.B. Cooper. Han vart vidgjeten etter ei kapring i november 1971. Han sa at han hadde med seg ei bombe, og flyet gjekk ned i Seattle. Der fylte dei drivstoff, og før dei andre passasjerane fekk sleppa ut fekk han fire fallskjermar og 200 000 dollar inn til seg. Flyet tok av att, og etter ei lita stund hoppa han ut, truleg ein stad over staten Washington. Det var myrkt, det var dårleg ver, og ingen veit sikkert kva som skjedde med han. Mange har leitt etter han, mange har leitt etter pengane (og dei har funne litt), og så vidt ein veit har ingen brukt setlane han fekk med seg - alle nummera vart registrerte.

Mange har sjølvsagt hevda at dei veit kven D.B. Cooper er, eller at dei er D.B. Cooper. (Kapraren sjekka inn under namnet Dan Cooper, det var visst ein journalist som feilaktig brukte D.B. fyrst, og det festa seg.) Denne boka er stort sett eit transkribert intervju med Walt Reca, som seier at det er han som var Cooper.

Det kunne i teorien vore fengslande lesing, men det er det diverre ikkje. Boka er aldeles forferdeleg. Intervjuet er ikkje redigert, alt av lydar er teke med. Layouten i boka er det dårlegaste eg har sett nokon gong, og sidene er nesten uleselege. Her er brukt fleire ulike fontar, spørsmåla står med mørk skrift, svara med lys. Ordet "I" (altså "eg") vert brukt mykje, sjølvsagt, og det er konsekvent kursivert og har grå trykk. 

Målet mitt var eigentleg å verta betre kjend med heile saka; denne boka gjorde det stikk motsette. Makan til skvip.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. juli 2019

Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)

Hovudpersonen i denne boka, Max Klein, er privatdetektiv i New York. Han får besøk av George Chapman, som ein gong var den største stjerna i amerikansk baseball. For fem år sidan miste han ein fot i ei bilulukke, men er framleis i rampelyset, dels av di han snart skal prøva å verta senator. Han har fått eit utpressingsbrev, og vil ha hjelp av Klein. Klein gjer sitt beste, han snakkar og grev, han får litt juling, han pressar og vert litt pressa, etter at Chapman vert funnen død kastar han seg like godt over den ikkje altfor triste enkja. Han treng å tenkja på noko anna nokre timar, tek med seg sonen sin på ein baseballkamp, der spelet på bana får han til å sjå kva som har skjedd, og han løyser saka.

Det er ikkje heilt min type litteratur, dette. Grunnen til at eg las boka er at ho vart gjeve ut under pseudonym, og det er den fyrste skjønnlitterære boka Paul Auster gav ut. I dei påfølgjande åra gav han ut New York-trilogien, og der er absolutt slektskap mellom desse bøkene. I opningsboka av trilogien er hovudpersonen privatdetektiv i New York, men det er berre ein av mange likskapar. Denne boka er velskriven, truleg langt meir velskriven enn andre bøker i same sjanger. Auster overdriv rett nok litt, her er mange billige metaforarar, og replikkane er noko klisjeprega. Dessutan er det her som mange stader elles - Auster er ikkje nokon stor komikar, og får ikkje heilt til å skriva lystige replikkar.

Guffen tilrår.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)
Bloodbath Nation (2023)
Siri Hustvedt: Ghost Stories. A Memoir (2026)

2. juli 2019

Free Solo (2018)

Eg har lese ei bok om Alex Honnold, eg har sett nokre korte filmar om han på nettet, og trudde eg visste litt om kva som venta meg her. Det gjorde eg for så vidt, men filmen gjorde eit langt sterkare inntrykk enn eg rekna med. Eg har aldri klatra, men eg har stått på mange fjelltoppar, eg har stått på toppen av mange stup, og reknar meg som rimeleg trygg i høgda. Likevel var dette av og til hårreisande å sjå på.

Honnold er den beste friklatraren i verda. Friklatring vil seia at ein klatrar utan tau og utan sikring, altså utan å ha sjanse til å overleva dersom noko går gale. I alle fall er det slik i dei veggane Honnold klatrar, dei veggane han likar seg best - det er høge veggar. Denne filmen handlar om då han bestemte seg for å klatra El Capitan i Yosemite, ein 900 meter høg stupbratt vegg. Veggen var lenge sett på som ei av dei store utfordringane i Yosemite (som er ein fabelaktig flott dal), men der går mange ruter opp veggen. Saman med ein annan klatrar har Honnold rekorden opp, hårfint under to timar.

Då klatra han i tau. Det gjer han òg store delar av denne filmen. Der kjem det nokre ekle scener - han veit veldig godt kvar dei fem-seks vanskelegaste punkta er, og spesielt eitt av dei verkar heilt umogleg. Han prøver og dett, prøver og dett. Likevel vågar han seg på veggen utan tau. Han er heilt avslappa, han vinkar litt til kamera og kamerafolk. Det er annleis for dei som står heilt nede i dalen og filmar - ein av dei snur seg vekk når Honnold er ved dei verste punkta. Eitt høgdepunkt er forresten når han passerer to stykk som har overnatta på ei hylle oppe i veggen - dei vert omtrent vekte av at Honnold småjoggar forbi dei, utan klatreutstyr eller tau. Ein av dei to har på seg ei kanindrakt, ser det ut til.

Det er mykje som gjer at filmen fungerer godt. Musikken er heilt perfekt. Samtalane mellom Honnold og kjærasten er intense - ho forstår ikkje kvifor denne klatreturen er viktigare for han enn det ho er. Han har ikkje noko greitt svar på det, anna enn at han har drøymt om veggen heile livet. Han framstår som ein egoist, men han er ein sympatisk og sjarmerande egoist, og sjølvsagt er dette òg med på å gjera filmen god.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)
Girl Climber (2025)

1. juli 2019

Johan Harstad: Max, Mischa & Tetoffensiven (2015)

Dette. Dette var ei fabelaktig bok. Ho har stått ulest i hylla mi lenge, sjølv om ho fekk mykje ros då ho kom ut har eg vegra meg litt for å ta til - boka er på godt og vel tusen sider. Det er ikkje ofte eg les ei så lang bok og tenkjer at ho kunne vore mykje lengre. Det er ikkje ofte eg les ei så lang bok, og der det fyrste eg gjer etterpå er å fundera på når eg kan lesa ho om att. Det er eit meisterverk, rett og slett.

Det er ikkje gjort i ei handvending å skriva kva boka handlar om, men eg prøver: Hovudpersonen er Max Hansen. Han veks opp utanfor Stavanger. Faren er flygar, og mot slutten av 1980-åra flyttar familien til Long Island utanfor New York. Han finn seg ikkje heilt til rette, men gjennom den eine nære venen han får, Mordecai, møter han biletkunstnaren Mischa. Dei to vert eit par. Både Max og Mordecai er dregne mot teater og skodespel - Max vert regissør, Mordecai vert skodespelar. Alle tre gjer det godt, Mischa gjer det svært godt. Ei tid bur Max og Mischa saman med onkelen til Max, Ove, som flytta frå Noreg seint i 1960-åra, som verva seg til Vietnam-krigen for å få amerikansk statsborgarskap, og som gjennom den handlinga i praksis braut med både familie og dei venene han hadde i Noreg.

Og det referatet verkar kanskje ikkje som det mest spanande. Det skjer sjølvsagt mykje meir. Boka handlar om venskap, om å ha eit heimland, om kunst, om krig (og fred), om nyare amerikansk historie, osb. Harstad skriv glitrande, der spesielt dei mange samtalane er så til dei grader midt i blinken. Det er ein fantastisk flyt i språket. Boka er òg finfint komponert, der me vekslar mellom ulike tider og ulike forteljarar. For ei bok.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Ferskenen (2018)
Under brosteinen, stranden! (2024)