5. juli 2019

Joe Koenig: Getting the Truth (2018)

Eit par gonger det siste året har eg kome over referansar til flykapraren D.B. Cooper. Han vart vidgjeten etter ei kapring i november 1971. Han sa at han hadde med seg ei bombe, og flyet gjekk ned i Seattle. Der fylte dei drivstoff, og før dei andre passasjerane fekk sleppa ut fekk han fire fallskjermar og 200 000 dollar inn til seg. Flyet tok av att, og etter ei lita stund hoppa han ut, truleg ein stad over staten Washington. Det var myrkt, det var dårleg ver, og ingen veit sikkert kva som skjedde med han. Mange har leitt etter han, mange har leitt etter pengane (og dei har funne litt), og så vidt ein veit har ingen brukt setlane han fekk med seg - alle nummera vart registrerte.

Mange har sjølvsagt hevda at dei veit kven D.B. Cooper er, eller at dei er D.B. Cooper. (Kapraren sjekka inn under namnet Dan Cooper, det var visst ein journalist som feilaktig brukte D.B. fyrst, og det festa seg.) Denne boka er stort sett eit transkribert intervju med Walt Reca, som seier at det er han som var Cooper.

Det kunne i teorien vore fengslande lesing, men det er det diverre ikkje. Boka er aldeles forferdeleg. Intervjuet er ikkje redigert, alt av lydar er teke med. Layouten i boka er det dårlegaste er har sett nokon gong, og sidene er nesten uleselege. Her er brukt fleire ulike fontar, spørsmåla står med mørk skrift, svara med lys. Ordet "I" (altså "eg") vert brukt mykje, sjølvsagt, og det er konsekvent kursivert og har grå trykk. 

Målet mitt var eigentleg å verta betre kjend med heile saka; denne boka gjorde det stikk motsette. Makan til skvip.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar