9. juni 2018

Bill Minutaglio & Steven L. Davis: The Most Dangerous Man In America (2018)

Ei rar bok, om to rare folk. Tittelen passar på begge to - Nixon omtalte Leary som den farlegaste mannen i USA, medan mange brukte liknande ord om Nixon.

Timothy Leary var ein ivrig talsmann for LSD og andre psykedeliske rusmiddel, både før og etter at LSD vart forbode i USA i 1968. Han var professor i psykologi ved Berkeley og Harvard, før han fekk sparken i 1963. Han heldt fram med forsøk på stoff, skreiv bøker, og vart ein helt for mange. I 1969 stilte han som kandidat i guvernørvalet i California.

Richard Nixon var president i USA frå 1968 til han gjekk av i 1974. Han var konservativ, han var paranoid, og vert ofte sett på som den minst ærlege presidenten USA har hatt.

I 1970 ville Nixon gjera noko med narkotikaproblemet. Han gjorde Leary til ein hovudfiende. Leary vart fengsla i 1970 for å ha blitt teken med hasj to år tidlegare, og det er omtrent her boka tek til. Leary rømmer frå fengselet, greier å koma seg til Algerie, Der trivst han (og kona) dårleg, dei bur hjå ein av leiarane i Black Panthers, og dei rømmer vidare til Sveits, der dei skil lag. Leary kjem seg til Afghanistan, der han omsider vert fanga og sendt til USA. Han vart fengsla, og ei kort tid sat han i nabocella til Charles Manson.

Historia er grei nok. Leary har kontakt med fleire motkulturelle miljø, slik at det kjem godt fram kor stor motstanden var mot det etablerte. Men det er likevel ei rar bok. Nixon er nesten ikkje synleg. Boka er òg komponert rart, med kapittel som sjeldan er på meir enn fire sider. Språket og skrivestilen er heller ikkje spesielt bra, slik at det tidvis vart litt seigt.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar