3. juni 2018

House of Cards, sesong 5 (2017)

Huff. Dette var seige greier. Dei fyrste sesongane av serien var bra, og det er nesten oppsiktsvekkande kor mykje han har tapt seg. Det går seint, det er keisame plott, det er få fengande replikkar, og me fortener nesten ros for å ha kjempa oss gjennom.

Veldig mykje tid går med på å ta oss gjennom det amerikanske presidentvalet. Francis Underwood stiller som presidentkandidat, med kona Claire som visepresidentkandidat. Dei ser at dei kjem til å tapa, og skapar inntrykk av at det er noko terror histen og pisten. Når tala er klare krev dei omval i to statar, av di vallokala vart stengde. Det vert omval, og før det omvalet raknar det for motkandidaten. Underwood-paret vert buande i Det kvite hus, men alt går gale, og sesongen endar med at han går av, og at ho rykkjer opp til president.

Det er altså mykje som går gale. Det går til dømes altfor lang tid før valet vert avklara - det er grenser for kor lenge det er interessant. Det er òg altfor mange referansar til personar som har vore innom i tidlegare sesongar - det kan godt henda at andre sjåarar hugsar desse, men så lenge det berre er namn (og ikkje fjes eller tittel) er det uråd å hengja med. Det er òg slik at det kjem for lite nytt inn - det heile verkar som HOC-episodar me har sett før.

Det kjem visst ein (halv) sesong til, og det ser ut til at mange har bede om å sleppa å vera med der. At Kevin Spacey (som spelar Frank Underwood) ikkje er med der har andre grunnar, men i den siste episoden vert to andre drepne og ei anna sendt på sjukehus med alvorlege skader, så det er mange som har kome seg ut.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 6 (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar