24. juni 2018

Mary Shelley: Frankenstein (1818)

Skald forlag gjev ut godbitar frå litteraturhistoria på nytt, og nivået er høgt. Slik er det også ved denne boka. Eg har ho ståande på engelsk ein stad, men har ikkje lese ho før no.

Forskaren Victor Frankenstein skapar liv, og dette mennesket viser seg å sjå så skremmande ut at det held seg for seg sjølv. Det søkjer tilflukt i eit skur, og gjennom å studera dei tre-fire personane i nabohuset lærer det seg både lese- og skrivekunsten. Når det tek kontakt med ein av dei, ein som er blind, går det greitt, men når dei andre ser korleis skapningen ser ut, vert dei redde og spring vekk. Mennesket søkjer opp Frankenstein, og tek etter kvart livet av fleire som står han nær. Til sist tek det livet av Frankenstein, og fortel han som er vitne til det, og som er forteljaren i rammehistoria i boka, at det no skal reisa til Nordpolen for å ta livet sitt der.

Frankenstein gjev ikkje det han har skapt noko eigennamn, og det bruker heller ikkje noko slikt om seg sjølv. I boka vert det av andre omtala som eit monster, men det er det jo ikkje. Denne skapninga søkjer heile tida etter selskap, etter nokon han kan vera saman med, men ingen vil vera nær nokon som ser så fæl ut. Og det er vel det som er det grunnleggjande i boka, dette med å skua hunden på håra.

Det er ei god bok, og det var eg eigentleg ikkje budd på. Ho er velskriven, godt oppbygd, og fenga meg langt meir enn eg trudde.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar