5. juni 2018

My Next Guest Needs No Introduction. With David Letterman (sesong 1, 2018)

David Letterman var ein av svært, svært få fjernsynsfolk eg såg så mykje som råd av. Han hadde eit talkshow på amerikansk fjernsyn i over tretti år. Eg såg det av og til i USA, og ei stund gjekk det òg jamleg på NRK2. Han var morosam, hadde mange faste gode innslag, han tok ikkje seg sjølv altfor seriøst, og skapte som regel god stemning når han fekk gjestar ved skrivebordet sitt.

Han gav seg som fjernsynsvert i 2015, og etter det han visst ikkje gjort så mykje anna enn å la skjegget gro. I denne serien er han tilbake, og settinga er veldig enkel: Han sit på ein scene saman med éin gjest, og dei snakkar saman i ein liten time. Kjemien mellom dei to er altså viktig, og dei beste av dei sju episodane er når begge to får den andre til å le. Som regel er dette bra, men to av episodane dreg det samla inntrykket ned. Jay-Z er litt for sjølvhøgtideleg, medan Malala Yousafzai har ei litt for alvorleg historie å fortelja. Det programmet bryt med den lystige stemninga elles.

Dei andre gjestane fungerer altså godt. Han opnar med sjølvaste Barack Obama. Fleire ting sit att etter den episoden. Måten publikum helsar han på er fabelaktig, der dei går rett inn i ein jublande, ståande applaus - ei kvinne hoppar opp og ned som om ho var på Beatles-konsert. Obama er òg morosam, og har ein veremåte som står så til dei grader i kontrast med han som overtok som president. Andre gjestar er George Clooney, Tina Fey og Howard Stern, som alle er morosame og gode, og fungerer godt saman med Letterman. Fleire av episodane vert brotne opp av korte innslag der Letterman vitjar stader eller folk som har vore viktige for gjesten hans.

Og til slutt kjem det like godt ein bonus-episode, der det ser ut som om premisset er at Jerry Seinfeld skal intervjua Letterman. Dei intervjuar kvarandre, og sjølv om latteren til Seinfeld verkar litt falsk og innøvd, er det veldig mykje bra her. Som då Letterman spør Seinfeld om han vitsar med Trump, og Seinfeld svarar at det ikkje interesserer han. Men han vitsar mykje om rosiner, fortel han, og han går inn i ein halvlang monolog om ulike rosinprodusentar.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My next Guest Needs No Introduction (sesong 3, 2020)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar