15. oktober 2016

Ralph Ellison: Invisible Man (1952)

Eg er usikker på kvar eg høyrde om denne boka - eg trur eg las om ho ein eller annan stad. Boka vart presentert som ein av dei sentrale amerikanske romanane på 1900-talet, og vann nokre prisar då ho kom ut.

Det var ei tung bok å koma gjennom. Ellison skriv svært ordrikt, og bruker alt, alt for lang tid til å koma til poenget. Han skriv om eit viktig tema, og merksemda boka fekk då ho kom ut tyder på at mange høyrde på han, men eit viktig tema er ikkje nok til at boka fengar.

Når boka tek til, er den namnlause eg-personen i boka student ved eit universitet i dei amerikanske sørstatane. Han vert kasta ut, etter å ha sett ein av dei kvite sponsorane til universitetet i ein potensielt farleg situasjon. Han reiser til New York, for å prøva lukka si der, og vert dregen til Harlem. Litt tifeldig vert han talsmann for Brotherhood, ein organisasjon som kjempar for likskap mellom kvite og svarte, og som dreg til seg medlemmar frå begge leirar. Han kjem på kant med dei, og kjem òg på kant med organisasjonar som kjempar for betre rettar for dei svarte. Under eit gateslag dett han ned gjennom i kum-hol, og lever dei siste kapitla i undergrunnen.

Hovudpersonen er svart, og innimellom alle orda kjem det klart fram korleis dei svarte vart handsama i USA i åra etter andre verdskrigen. Dette var altså før Rosa Parks, det var før Martin Luther King, det var før Malcolm X, det var før kampen for like rettar verkeleg tok av. Slik sett er det ikkje vanskeleg å sjå at romanen var viktig. Men spesielt god er han altså ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar