22. oktober 2012

Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)

I serien "bøker eg aldri hadde tenkt eg kom til å lesa" er me no komne fram til denne. Marit plukka ho med seg frå ein loppemarknad for nokre veker sidan, og sidan eg vart sitjande og sjå på filmen om Vemork-aksjonen her om kvelden, fann eg ut at eg kunne lesa denne.

Det var rimeleg fort gjort, det er ei bok som er fri for alt det unødvendige. Nesten, i alle fall. Haukelid var med både på Vemork og då ferja med tungtvatnet vart senka året etter. Han fortel om korleis han opplevde krigsutbrotet, og både her og seinare er han ikkje i tvil: Grunnen til at Tyskland fekk så fritt spelerom var at dei norske styresmaktene var dårleg budde på eit angrep. Han vert involvert i motstandsrørsla, og fortel rimeleg nøkternt om det han var med på. Akkurat det er imponerande, boka kom berre to år etter at krigen var slutt.

Det at han skriv kort og greitt om det han var med på, gjer at han må byggja ut boka med anna stoff. Her sviktar redigeringa stort; han tek med eit altfor langt utdrag frå ein britisk rapport som fortel om korleis engelske fly prøvde å finna punktet på Hardangervidda der dei skulle sleppa ned forsyningar. Haukelid er langt betre når han fortel om samhaldet mellom dei som låg i dekning der, og når han fortel om naturopplevingane. Alt i alt var dette ei bok som overraska meg positivt, kanskje av di eg las ho rett etter at eg såg filmen som dels handla om dei same handlingane.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar