18. oktober 2010

Olav Midttun: Rasmus Løland (1961)

Det er rart, dette med biografiar. Slik eg var inne på i går, vert biografiane meir og meir omfattande. Eitt døme på ein eitt-bands biografi som er altfor stor, er biografien Ernst Berge Drange skreiv om Rasmus Løland. Den boka, som kom ut i 2007, er altfor prega av at Drange vil ta med omtrent alt han veit om Løland. Altfor mange detaljar var med, slik at dei viktige poenga og gode miljøskildringane, og dei er det fleire av, drukna i alt det andre.

Boka til Midttun er berre på godt og vel hundre sider. Etter ei innleiing om korleis det norske samfunnet var rundt midten av 1800-talet, skriv han kort og presist om livet til Løland, med vekt på forfattarskapen. Her står òg litt om kvar og korleis Løland levde, men det er ikkje det viktigaste for Midttun. Han går inn i tekstane, og kvir seg ikkje for å koma med kritiske merknader, der han meiner at noko ikkje er godt nok. Han gjev sjølvsagt òg ros der det høver seg slik, men eg sit att med ei kjensle av at Midttun meiner at Løland var meir viktig enn god. Løland førte noko nytt inn i barnelitteraturen.

Det er kort, men det er òg godt. Eg var inne på det då eg skreiv om ei lita bok om Tor Jonsson, det er stas at det ein gong var slik at slike små bøker og hefte vart utgitt. Me treng ikkje vita alt om dei me les biografiar om.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
A. O. Vinje (1960)
Mål og menn (1968)
Livsminne (1971)

Meir Løland på kulturguffebloggen
Hundre år (1910)
Noveller (1972)
Sjølvbiografi (1988)
Austigard og Austigard; Jakten på Bjednekniven (2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar