16. april 2018

Gregg Allman: My Cross to Bear (2013)

Det er mykje som er stas med Motorpsycho, mellom anna det dei har av referansar til andre grupper. Dei spelte Allman Brothers Band-songen "In Memory of Elizabeth Reed" på konsertar på slutten av 90-åra, og då dei returnerte til countryverda i 2004 sa dei at grunnen til at dei hadde to trommeslagarar var at Allman Brothers Band hadde det.

Allman Brothers Band var fyrst og fremst eit liveband. Eg er ingen stor kjennar av bandet, men eg har høyrt nok på At Fillmore East til å verta imponert. Og til å forstå at dette er musikk Motorpsycho set høgt.

Dei to brørne i bandet var Gregg og Duane Allman. Duane var den som samla musikarane, i 1969, og han var òg den aller beste musikaren i bandet. Han såg at noko mangla, og meir eller mindre kommanderte Gregg til å flytta frå California til Florida for å verta med. Det gjekk slag i slag, dei vart etter kvart eitt av dei store banda i USA, og greidde seg godt også etter at to av medlemmane døydde i motorsykkelulukker, om lag på same staden, med eitt års mellomrom - fyrst Duane Allman, deretter bassisten Berry Oakley. Dei tok ein pause i 1976, kom saman att i 1978, gjekk frå kvarandre igjen i 1982, og var igjen samla i tidsrommet 1989-2014.

I denne boka fortel Gregg Allman om livet sitt, både i og utanfor Allman Brothers Band. Det var berre eitt år mellom dei to brørne; Duane var eldst. Dei miste faren tidleg, og treivst ikkje altfor godt i oppveksten. I alle fall ikkje før dei fann musikken. Der var dei heime, og der fekk dei det som etter kvart vart nesten like viktig for dei - sex, drugs og rock'n'roll. For Gregg vart det i meste laget med rusmiddel. Han var narkoman, han var alkoholikar, og spesielt i 80-åra var det mykje drikking.

Boka er finfin, sjølv om det tapar seg litt mot slutten. Allman har eit friskt språk, han har gode karakteristikkar og gode uttrykk, og han er forfriskande open om både eitt og hitt.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar