13. mai 2014

Sopranos, sesong 5 (2004)

Det er ikkje mange fjernsynsseriar eg ser frå opning til slutt. Den eg har likt best dei siste åra er Mad Men, men den tapte seg merkbart frå sesong fire til sesong fem. Eg har òg sansen for Sopranos, og med denne femte sesongen greier dei noko Mad Men ikkje greidde - å halda koken oppe gjennom fem sesongar. Dette er framleis veldig bra.

Det er mykje av det gamle, sjølvsagt. Tony Soprano er sjef for ein mafiafamilie i New Jersey, og rundt han kokar det. Kona hans har kasta han ut. Han slit med psyken. Han møter motstand både frå eigen og andre familiar. Nokre av dei som står han nærmast i mafiaen slit òg, og det er ein sesong med minst to uventa drap.

Men det er òg noko nytt. At han og kona ikkje er på talefot er ein ting, og det ordnar seg utover i sesongen. Det som ikkje ordnar seg er syskenbarnet hans, Tony Blundetto, som kjem ut etter fleire år i fengsel. Denne Tony-en er spela av Steve Buscemi, og han er det alltid ein fryd å sjå. Tony B veit ikkje heilt kva han vil, men går etter kvart inn i mafiaen igjen. Med vekslande hell.

Tilhøvet til andre mafiafamiliar tilspissar seg òg, dels på grunn av handlingane til Tony B. Det problemet ser òg ut til å løysa seg, heilt på slutten av siste episode, men om det er ei varig løysing anar eg ikkje enno. Med dei lyse sommarkveldane rett rundt hjørna er det fare for at eg ikkje finn det ut før til hausten igjen. Viss eg greier å venta så lenge.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 6 (2006-07)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar