30. mai 2013

Sopranos, sesong 1 (1999)

Eg har ei kjensle av at Sopranos gjekk på NRK for lenge sidan. Det vil altså seia at eg kunne ha sett serien før, men eg er generelt dårleg på å fylgja med på seriar når dei går på fjernsyn. Det er lettare på DVD, sjølvsagt. Og når heile Sopranos-serien dukka opp som eit joletilbod frå Platekompaniet, var det eit lett val å ta.

Er serien verdt ventinga? Eg trur det. Det som ber serien er Tony Soprano, som er ein karakter med langt fleire dimensjonar enn folk rundt han. Han er høgt på strå i mafiaen i New Jersey, og kan difor sjølvsagt vera hard og valdeleg når det trengst. Samstundes er han djupt usikker, og går jamleg til psykiater. Dei samtalane er dei einaste der han verkeleg opnar seg, og der han tidvis nesten seier alt som det er, og det bryt stort med korleis han er til vanleg. Han vert òg sett på kraftigare og kraftigare medisinar, og det gjer han både meir oppfarande og flinkare til å hallusinera.

Serien vekslar (sjølvsagt) mellom korte og lange liner. Dei lange linene handlar om kven som skal ta mafiamakta etter at Jackie Aprile døyr av kreft. Det står mellom Tony og onkelen hans, Junior. Tony let Junior ta over, men ingen av dei to stolar på den andre. Mot slutten av sesongen er det tilnærma open krig mellom dei to. Bortsett frå dei gongene dei er i same rom.

Dei korte linene er mindre interessante. Det er vald, det er kriminalitet, det er damer, og det er mange personar som ikkje er like spanande som Tony. Men i det heile var det likevel ein grei sesong dette, med nok av potensielle konfliktar i neste sesong.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 5 (2004)
Sesong 6 (2006-07)

1 kommentar:

  1. Elsker Sopranos!:) E jo en av de beste seriene jeg har sett meg igjennom :) Selv måtte vi prøve å lage Ziti (slags lasagne med tre typer ost i seg, meget godt) etter å ha sett de spise de utallige ganger i serien:) Kos deg videre med de neste sesongene, blir enda bedre:)

    SvarSlett